Surfôr: NLR-rådgjevar Ingrid Møgedal og Lauritz Haarr konstaterer at surfôret i eurobagging-plastpølsa luktar fortreffeleg.

Tårnsilo, plansilo, rundballar eller plastpølser? Etter fem år med eurobagging, er ikkje bonde Lauritz Haarr i tvil.

Sjur Håland

– Eg angrar ikkje på investeringa og hadde gjort akkurat same handelen i dag, seier han.

Bonden held fram at han gjennom dei siste åra mellom mykje anna har lært samanhengen mellom tørrstoffinnhald og pakkeresultat.

– Massen må pakkast på optimalt vis. Blir graset for tørt, får eg same utfordringa som i ein plansilo eller i ein utesilo. Dersom graset er for blautt, er skilnaden mellom eurobagging og rundballepakking at ein får meir tørrstoff ved pakking i pølse då vatnet blir skvisa ut i staden for å bli med inn i fôrlageret. I rundballane blir også vatnet pakka inn, seier han.

Lite jordpakking

Blaut, myrlendt jord, gjer også minimering av jordpakking til eit argument for eurobagging. Målet er fire slåttar. Med ein sjølvgåande snittar på 14 tonn fire gonger, blir det ikkje optimalt på denne jorda, meiner han.

– Med pick-up vogner som hentar graset ute på jordene blir det minimalt med transling og låg totalbelastning på jorda gjennom vekstsesongen, seier Lauritz.

Hårr-garden, der familien Ann Kristin Whist Haarr og Lauritz bur, har postadresse Vigrestad på Jæren og ligg på den ytterste utpost ut mot storhavet. Vegfarande legg gjerne merke med utsikten vestover, medan sjåførar med landbruksauge like gjerne festar blikket på dei opp mot 170 meter lange plastpølsene som ligg på austsida av fylkesvegen.

Viktig å talfesta

Bonden, med økonomibakgrunn og mange års fartstid frå shipping- og finansmiljøet i Oslo, meiner det er viktig å talfesta det han held på med.

– Eg har ikkje råd til å ikkje rekna på det eg held på med. Og dei tala må vera reelle, seier han.

Difor har han full kontroll også med kostnadssida i grovfôrproduksjonen. Grovfôrrekneskapen for 2020 er ikkje heilt ferdig. Men om me tar til dømes førsteslåtten i 2019, synar rekneskapen at 514 dekar i ei 170 meter lang plastpølse med 600 tonn grovfôr med 30 prosent tørrstoff, kosta 125.000 kroner. Tidsbruken var 18 timar. Då var alt pakka og klart utan etterarbeid med press, bæring av dekk og flytting av rundballar. Fôreiningskonsentrasjonen låg mellom 0,90 – 0,95.

– Her er absolutt alle kostnadane med. Eg reknar full pris på alt arbeid. For å få fram den reelle grovfôrprisen finst det ikkje rom for dugnad. Du må rekna med absolutt alt frå A til Å for å vita kva grovfôret ditt kostar, seier han.

Eurobagging: Lauritz Haarr har konservert grovfôret i plastpølser dei fem siste åra.

God kutting

Heilsæden blir hausta med sjølvgåande finsnittar. Bonden leiger entreprenør med pick-up vogner i slåtten. Sjølv held han slåmaskinen og eurobaggeren. Lauritz understrekar at eit godt grovfôr er heilt avhengig av lessevogner som kuttar graset godt.
På garden driv dei med mjølkeproduksjon i samdrift med fire gardsbruk med eit lausdriftsfjøs med mjølkerobot frå 2012. Kvoten er 700.000 liter. Merksemda bonden har på grovfôrproduksjonen handlar om høgast mogleg mjølkeyting på minst mogleg kraftfôr og mest mogleg heimeavla grovfôr. Ein strategi som heng saman med det økonomiske resultatet på botnlina i rekneskapen, understrekar han.
Å henta energi i graset på eige areal er ein innsatsfaktor han kan gjera noko med.

– Kraftfôrprisane, som også handlar om valutakursar og råvareprisar, har eg derimot null påverknad på, seier han.

Minimalt kraftfôrforbruk

Ambisjonsnivået er høgt. Lauritz har mål om å driva mjølkeproduksjon med resultat i beste enden.

– Det målet må eg ha. Eg ser ingen vits i å driva utan å ha noko å strekkja meg etter, seier han.

I 2019 vart det produsert 747.847 liter mjølk. Lauritz fortel at det til produksjonen av disse litrane gjekk med 1,44 millionar kroner i innkjøpte varer. Det inkluderer halm, og alle tilsetningar i mixen, samt kraftfôr i roboten.
Målet har vore maks utnytting av grovfôret og å koma så nær null i kraftfôrforbruket som mogleg. Siste 12 månadane er snitt-kraftfôrforbruk 20 kilo per 100 kilo EKM. Ytinga har lege på kring 10.000 kilo EKM eller 34 kilo mjølk per dag. Det går rett nok ikkje alltid på skinner. I vår fall produksjonen uventa ned til 24 kilo etter beiteslepp.

– Det handla truleg mest om at kraftfôrtildelinga var så liten, kring 500 gram per mjølking, at det ikkje var nok til å lokka mange av kyrne heim til mjølking. Det var ei ny erfaring som eg ikkje var budd på, men nå er ytinga på veg opp att, seier han.

Bayern-studietur

Grovfôrhandteringsreisa byrja med leigd rundballehausting. Då samdrifta vart etablert, gjekk han over til å leggja utesilo to sesongar. Så kjøpte han si eiga rundballepresse. Etter ein studietur til Bayern i Tyskland såg han eurobagging i bruk, noko som enda med handel. Utstyret vart teke i bruk i 2015. I starten var han ute og pakka for andre bønder på Jæren, men han valde etter kvart å trappe ned for å heller prioritere innsatsen heime.

– Valet handlar om faktorar som eige tidsbruk. Det var utfordrande å handtere logistikken kring dei ulike konserveringsmidla kundane ville ha. I tillegg er det viktig å hauste til rett tid for å oppnå optimalt tørrstoffnivå, noko som var vanskeleg å planlegga for når eg skulle rundt på fleire bruk.

Eurobagging handlar om ein maskin som matar graset inn i ei plastpølse på 2,7 meter i diameter som er 75-meter lang. Grasmassen blir pressa saman slik at vekta på grovfôret blir kring 3,5 tonn per pølsemeter. Ei av føremonene med metoden er plastbruken, som, i følgje Lauritz, er 80 prosent mindre enn om han hadde konservert i rundballar.

– Miljøargumentet for dette systemet blir i alt for liten grad teke omsyn til etter mitt syn, seier han.

Fem om gongen

Lauritz kunne, i følgje NLR, fått enda betre gjæringsresultat og meir energi i fôret ved å bruke konserveringsmiddel som Grasaat Pluss eller Kofasil Ultra.

– Eg vurderer likevel at det blir vanskeleg å forsvara ekstrautgiftene med ensileringsmiddel. Det er i tillegg krevjande å få nok væske gjennom eurobagging- maskinen sjølv om syrepumpa går for fullt. Eit tredje motargument er at det blir stadig vanskelegare å få entreprenørane til å køyra ensileringsmiddel gjennom haustemaskinane deira, seier han.

Fast grunn under fôrpølsene er ein føresetnad, det blir fort sørpete om pølsene blir lagt direkte på grasmarka. Bonden peikar på moglegheitene til å leggja ulike slåttar og typar gras i ulike pølser for å kunne fôra kyrne med same blandinga gjennom året. Nett no plukkar Lauritz grovfôr frå fem ulike pølser: Førsteslåtten, andreslåtten og heilsæd av kveite, pluss tredje- og fjerdeslåtten frå i fjor. Frå desse pølsene lagar han tre ulike blandingar: Kumix, kvigemix og gjeldkumix.

– Eg kjøper litt halm i tillegg for å få nok struktur, men har planar om å erstatte halmen ved å dyrka timoteiblanding på 120 dekar i tillegg til raigraset, seier han.

Pakk og press: Eurobagging på Jæren sommaren 2016. Lauritz Haarr har oversikt og styrar maskinen frå ei eiga plattform.

Ikkje flaskehals

– Er det nokre flaskehalsar med metoden når det gjeld kapasiteten under pakkinga?

– Nei. Faktisk er det slik at når me haustar heilsæd med sjølvgåande snittar, må eg stå og venta mellom lassa.

– Kva med driftsstans og tekniske problem?

– Det har det vore minimalt med. Dei gongene det har vore stopp, skuldast det fullt og heilt tabbar frå mi side.

Kjem godt ut

Det er få andre her til lands med denne typen utstyr. Lauritz er vel vant med å måtta forsvara valet av eurobagging i diskusjon med kollegar.

– Dei meiner mellom mykje anna at det går for seint og blir for putle. Eg prøver å formidla den totale tidsbruken, fleksibiliteten og fôrkvaliteten. Då kjem denne metoden svært godt ut.

Lauritz argumenterer for eurobagging og meiner det kan bli aktuelt for fleire om ein planlegg maskinsamarbeid.

– For meg er det enkelt. Du greier ikkje å redusera kraftfôrbruken og auka ytinga i besetninga med dårleg grovfôr. Eg har god dokumentasjon på det eg held på med, men enn så lenge er eg nok ei einsam svale. Men det lever eg godt med, seier han.

Stikkord denne saka: