Avvikling: Wenche Marie og Odd Jorulv Skjølberg i pelsdyrfarmen på garden deira på Smøla. Drifta må avviklast. Kompensasjonsordninga og nivået på omstillingsmidlane ser ut til å setja ein effektiv stoppar på planane om å starta opp att med mjølkeproduksjon. Foto: Privat.

Familien må slutta med pelsdyr, og vil starta opp att med mjølkeproduksjon. Utilstrekkeleg pelsdyr-kompensasjon og omstillingsmidlar kan setta ein stoppar for planen deira.

Sjur Håland

Wenche Marie og Odd Jorulv Skjølberg er fortvila. Dei ser ikkje føre seg å komai posisjon for å få nytta omstillingsmidlane som skal løyvast til pelsdyrbøndene for å få ein ny start.
Skjølberg var nyleg på eit møte i regi av Innovasjon Norge i Møre og Romsdal. Kravet til lønsemd og praktisk realisering ligg i botn for å løyva tilskot, fekk han forklart.

– I vårt tilfelle startar me på null. Me har ingen produksjon eller besetning, berre eit tomt båsfjøs som ikkje kan brukast.

Maks to millionar

I etterkant av fellesmøtet, fekk Skjølberg eit møte med ein rådgjevar i Innovasjon Norge. Her fekk han stadfesta at det er sett av 100 millionar kroner til omstilling. Han fekk forståing av at opp mot 50 prosent av kostnadsramma til omstillingsprosjekt vil kunne dekkast av tilskot, men at det blir sett eit makstak på to millionar kroner.

– Det betyr at me, som meir eller mindre står på bar bakke etter å bli tvungne til å leggja ned pelsdyrdrifta, ikkje har moglegheit til å finansiera ei naudsynt investering for å starte opp att med mjølk. Å få finansiert 8-10 millionar kroner til fjøsbygging og kjøp av besetning for å koma i gang, verkar nokså urealistisk, med det omstillingsregimet det blir lagt opp til, seier han.

Nett nå veit dei ikkje korleis dei skal kunna driva garden deira på Smøla på Nordmøre vidare. Jorda er grunn og lite eigna for grønsaksproduksjon. Kylling, egg, svin eller sau er ikkje aktuelt grunna marknadssituasjonen. Dermed vil dei tilbake til mjølkeproduksjon, som dei dreiv med fram til 2007, då dei av ulike årsaker valde å slutta av med kyr for å satsa på å bygga opp ei minkbesetning.

– Skinnprisane var gode, stemninga var optimistisk og arbeidsvederlaget var i beste enden. Politisk var det roleg, det var ingen blinkande varsellamper rundt næringa då, seier Skjølberg.

Dekker ikkje gjelda

Nå må dei bu seg på å leggja ned drifta med 500 tisper i eitt fem år gammalt pelsdyranlegg. Erstatningsordninga, basert på bokført verdi, vil utløysa kring to millionar kroner. Beløpet dekker ikkje gjelda etter pelsdyrsatsinga, som er kring fire millionar kroner.

– Me har meir gjeld enn kva erstatninga ligg an til å bli, seier Skjølberg.

Marknadssituasjonen tilseier at mjølk- og storfekjøtproduksjon er einaste reelle satsingsområdet på Smølabruket. Eldste sonen på 22 år ønskjer å bli heiltidsbonde, og har kjøpt litt kvote for eiga rekning.

Må bygga nytt

I dag har dei ein samla mjølkekvote på 230.000 liter. Reglane frå Mattilsynet tilseier, i følgje Skjølberg, at båsfjøset på garden, bygd på 1980-talet, ikkje kan brukast. For å kunna restarta med mjølk, må dei med andre ord byggja lausdriftsfjøs.

– Denne regelen er med på å gjera landbruket til ei lukka næring i høve til nyetablering, konstaterer bonden.

Seigpining

– Kva tenkjer du om situasjonen?

– At styresmaktene ikkje i det heile har teke høgd for utgangspunkt som vårt, og at dette er underkommunisert ut til politikarane og storsamfunnet. Regjeringa har teke frå oss moglegheitene til å halda fram som pelsdyrbønder. Me kan driva nokre år til, men det blir ei seigpining med ei erstatning som ligg an til å bli kutta med sju prosent i året. Hjå oss blir det nær 200.000 kroner i tap i året. Det har me ikkje råd til. Me må, som mange kollegar i same situasjonen, gi oss nå i haust.

Skjølberg påpeikar at det er fleire enn dei som vil ha behov for ekstraløyving ut over det eventuelle taket på to millionar kroner for å finansiere start av ny drift på gardane.

– Staten har påført oss eit dårleg utgangspunkt. Taket på omstillingsmidlane burde vore minst tre millionar kroner, i tillegg burde sjølvsagt sjølve kompensasjonsordninga vore heilt annleis innretta slik at me kunne vore i stand til å møte framtida med handterbare økonomiske forpliktingar, seier han.

Treng særreglar


– I utgangspunktet hadde me venta ei eiga føreskrift om omstillingsmidlar. Det har me nå fått beskjed om at ikkje skjer. Me veit vidare at omstillingsmidlane skal gå gjennom Innovasjon Norge. Taket på to millionar har eg høyrt referert, utan at eg kan seia kva hald det er i dette, seier Bertran Trane Skadsem, leiar i Norsk Pelsdyralslag.

– Kva må til sett frå dykkar ståstad når det gjeld nivået på omstilling?

– Slik det ligg an no, vil mange pelsdyrbønder koma dårleg ut, og vil ikkje kunna stetta krava som må til for å greia å finansiera omstillingsprosjekt. Me treng rett og slett særreglar i høve til andre som søkjer på slike midlar, for å greia å omstilla

Kan ikkje stadfesta beløp

Bondevennen har ikkje lukkast i å få kontakt med rette vedkomande i Innovasjon Norge for å få bekrefta eller avkrefta at det blir arbeidd ut frå retningslinjer der det blir sett tak på to millionar kroner på tilskot til omstilling hjå pelsdyrbøndene.
Signala frå IN er at det nå blir jobba med retningslinjene på departementshald. Pressevakta i Landbruks- og matdepartementet skriv følgjande i ein e-post til Bondevennen på spørsmål om det skal setjast tak på to millionar kroner:
«Den økonomiske rammen for omstillingsmidlene er på totalt 100 millioner kroner. Når det gjelder tilskuddets prosentandel av kostnadsrammen og tak på tilskuddet, kan vi ikke bekrefte dette. Retningslinjene for ordninga er ikke vedtatt».

Stikkord denne saka: