• Gulrøtene skal i posar, og Maren Ødegården (elev på VG1 Naturbruk) får jobben gjort. Ho vil gå VG2 Landbruk og gartneri. Lærar Jon Philips Olsen tar i eit tak.

Naturbruksfaga er populære, og til årets skulestart opplevde Nome vidaregåande skule beste søkartal sidan tidleg på 1990-talet.

 

Jane Brit Sande

 

Første årstrinn er livlig: 60 elevar fordelt på fire klassar. Alle klare for å ta vegen vidare innan naturbruksfaga

– Hjå oss kan elevane få ein «grøn veg» til studiekompetanse, fortel Atle Rød, studierektor ved Nome vidaregåande skule, avdeling Søve.

– Det er ikkje alle elevane som vel grøn utdanning etter Nome, men det gir ein god bakgrunn uansett kva yrke dei vel, held han fram.

Nome Vidaregåande skule, avdeling Søve, er den einaste vidaregåande skulen i Telemark som tilbyr Naturbruk. I tillegg til kurset på første trinn, VG1 Naturbruk, har dei klassar på både andre og tredje trinn. På andre trinn, VG2, har skulen fire tilbod: VG2 Landbruk og Gartneri, VG2 Heste- og hovslagarfag, VG2 skogbruk, som kjem i to variantar: med og utan fordjuping i jakt- og friluftsliv, og VG2 Anleggsgartnar.

– På VG2 har me ikkje fulle klassar på alle tilboda, men fylkeskommunen er offensiv: Dei lar skulen køyre programmet med nokre små klassar, for å bygge opp tilbodet, seier Rød.

På tredje trinn, VG3, har skulen tre tilbod: VG3 studieforberedande naturbruk, VG3 Landbruk, og VG3 Påbygg til generell studiekompetanse.

– Me ser at VG3 studieforberedande Naturbruk er eit populært tilbod, då me i tillegg til generell studiekompetanse, tilbyr spesiell studiekompetanse. Det betyr at elevane kan få full fordjuping i kjemi, biologi og matte hjå oss, og dermed er dei klare for studiar som til dels veterinær eller medisin og treng ikkje ta opp ekstra fag etter dei har fullført vidaregåande, forklarar Rød.

VG3 Landbruk gir fagutdanning i landbruk. Dette skuleåret er det ein liten klasse, men Rød ventar at søkartalet vil auke no etter innføringa av rett til fire år på vidaregåande. Då har elevane moglegheita til både fagutdanning innan landbruk og spesiell studiekompetanse på Nome. Tredje alternativ på VG3 er allmennfagleg påbygg. Her er klassane blanda, og dette er ikkje eit tilbod berre for elevar som høyrer til naturbruksfaga.

Produksjonen på skulebruket

På Søve har dei fleire husdyrproduksjonar, det blir dyrka litt poteter og korn, og skulen har eigen frukthage. Både sau, storfe og gris blir passa på av elevar og gardsstyrar Nils Ole Gilde. 65 vinterfôra sauer, ei mjølkekvote på 190 tonn, 23 årskyr og 11 årspurker gir elevar og gardsstyrar noko å henge fingrane i. Men det stoppar ikkje der. Fleire mjølkekyr skal få plass i fjøset, og om ikkje lenge vil kjøtfe vere på plass på skulen.

– Me tviheld på griseproduksjonen vår, fordi det vil vere veldig vanskeleg å starte opp att. Dyra blir fôra opp til slakt, og sjølv om besetninga er lita får elevane betre kjennskap til produksjonen på denne måten, fortel Gilde.

Mjølkekyrne er hovudsakleg av NRF, men tre kyr med kalvar av telemarksfe står i fjøset. Dei har ein heilt spesiell funksjon på sommartid.

– Dei beitar ved ein av dei gamle slusevoktarboligane, fortel Gilde.

– Langs Telemarkskanalen budde slusevoktarane i si tid, dei hadde nokre små bruk. Det er på eitt av desse me har telemarkskyrne vår om sommaren, forklarar han.

Aktive elevar

I løpet av dei tre åra på landbruksfaga, er det mykje praksis på timeplanen. Første året, VG1, er det Rød og kollegaene omtalar som «ein smakebit» på faget. Fleire produksjonar og fagfelt skal bli presentert, og då høyrer litt praksis med. Andre år har elevane vald sin veg, og då står mykje praksis på timeplanen, i kvar sitt fagfelt. Elevar som vel VG3 Landbruk har meir praktisk arbeid, og er i utplassering store delar av skuleåret. På fritida får elevane vere med på garden så mykje dei vil.

– Elevane er vanlegvis ikkje del av ei vaktordning på noko vis, men dei går lammevaktar på nettene i lamminga, seier Gilde.

– På vårparten har elevane på andre trinn ei prosjektveke der dei drifter heile fjøset og gjer våronn. Då skal elevane organisere alt arbeidet sjølv, men ein lærar vil vere tilgjengeleg og følgje med på kva som blir gjort, fortel Rød.

– Dette er ei veldig god førebuing til eksamen for elevane, held han fram.

Sauene blir sende til Lifjell kvart år, og om hausten er det elevane som står for sankinga. Elevane på andre og tredje trinn på landbruksfaga er på fjellet frå fredag til søndag for å få dyra heim til skulen. Elevane på VG2 Hest og hovslagarfag bruker mykje av fritida si i stallen. Det er fleire forskjellige avtalar med elevane, nokon har eigne hestar medan andre låner av skulen. 4.000 daa skog held elevane på VG2 Skogbruk i aktivitet. Skulen har eit mekanisert skogbruk, og saman med elevane blir det tatt ut opp til 1.000 kubikk i året.

– Skulen har i tillegg flotte jaktøvingsområde, noko som kjem godt med for elevane som vel VG2 Skogbruk med jakt og friluftsliv, seier Rød.

Tett på næringa

Med lærarar som sjølv er aktive produsentar, og ein skule med eit anlegg som er attraktivt for landbruksorganisasjonane å nytte seg av, får elevane kome tett på næringa i løpet av tida dei er på skulen.

– Lærarane må halde seg oppdaterte, og dei har god kontakt med faget. Det kjem elevane til gode, slår Rød fast.

Med eige produksjonskjøkken på skulen, får elevane moglegheit til å vere med på økter der dei lærer om vidareforedling. Det er mykje anna aktivitet på skulen, der landbruksorganisasjonane nyttar anlegga på skulen til kåringar, klippekurs, insemineringskurs og så vidare. Skulen samarbeider med lokale bønder om lammering, der Gilde er leiar.

– Når me er med i lammering, får elevane sjå korleis det er organisert, og at det er ekstra pengar å tene på eit samarbeid, påpeiker Jan Philips Olsen, lærar på skulen.

– At skulen er på tilbodssida på denne måten, gjer nytte for elevane, seier Rød.

”Byjente” i praksis

 

Tella Mari Nagelhus Pettersen er i praksis hjå mjølkebonde Jørn Erik Navjord i Skien. Ho er elev på VG3 Landbruk.

Tella Mari Nagelhus Pettersen er i praksis hjå mjølkebonde Jørn Erik Navjord i Skien. Ho er elev på VG3 Landbruk.

Det er ikkje sjølvsagt at elevar på naturbruksfaga har bakgrunn frå gard.
Tella Mari Nagelhus Pettersen er elev på VG3 Landbruk. Då Bondevennen var på besøk var ho i praksis hjå mjølkebonde Jørn Erik Navjord i Skien. Sjølv er Pettersen frå Ulefoss, og er ikkje tilknytt gard frå før.
– Eg datt litt oppi det, svarar ho på spørsmål om kvifor ho velde Naturbruksfag på Nome.
Sjølv om ho går tredje og siste trinn på vidaregåande skule, har ho ikkje tenkt å gi seg med det. VG3 Landbruk gir ho ei fagutdanning, men ho har planar om å ta eit fjerde år på skulen, på VG3 Studieforberedande landbruk, og blir med det klar for studiar. Kvar vegen går vidare etter det, gjenstår og sjå. Men ein ting er sikkert:
– Det må vere noko som gir meg varierte oppgåver. Draumen er ein gard, og då kan eg bu kvar som helst, seier ho bestemt.
I løpet av praksisperioden tar ho seg av dagleg stell i fjøset. Med mjølkerobot på plass, får Pettersen konsentrere seg om alt anna som skjer på garden.
– Eg gjer alt anna enn mjølkinga, eigentleg, fortel ho.
– Eg må følgje med på dataen til mjølkeroboten, og det er mykje som må gjerast inne i fjøset. Det har vore ein del brunst no, og dei siste dagane har me inseminert nokre kyr, held ho fram.
Bondespira likar godt å arbeide på garden, og det vart vanskeleg for ho og peike ut noko som skil seg ut.
– Eg veit ikkje kva eg likar aller best, men eg likar godt å vere inne hos dyra. Eg likar det daglege stellet inne hjå dei, og det er jo det det blir mest av, seier ho.
Det er ikkje første gong økobonde Navjord har praksiselevar hjå seg. Han synast det fungerer godt dei periodane det er litt roleg på garden, då han må tenke mykje på sikkerheit og læringsutbytte.
– Elevane som har vore her hjå meg har vore flinke til og spørje, og me har hatt gode diskusjonar, skryt han.
Han planlegg sjeldan eit bestemt opplegg for elevane før dei kjem. Han ser dei an, og sett dei i arbeid som passar dei, etter utgangspunkt og bakgrunn.
– Det dukkar alltid opp noko som må gjerast, smiler han.

Stikkord denne saka: ,