Kalle Mæland Nilsen hamstrar egg for å få fram eit poeng.

Kalle Mæland Nilsen hamstrar egg for å få fram eit poeng.

 

Bonden markerer at norsk mat i hyllene ikkje kjem av seg sjølv.

 

Jofrid Åsland

 

– Dette er ei grei markering av korleis det kan bli med den politikken det er lagt opp til, seier Kalle Mæland Nilsen.

Han er mjølkebonde og aktiv i Senterpartiet. Bondevennen er med Mæland Nilsen for å kjøpe egg i Stavanger.

Han trekk ut nokre kartongar egg, og konstaterer er at det er mindre egg i hyllene enn vanleg.

– Ja du må ha egg, seier han til eit kjend fjes i butikken.

– Eg kom på det då eg såg deg, svarar kjenningen.

 

Det var lite av nokre typar egg i hyllene.

Det var lite av nokre typar egg i hyllene.

– På sin plass

Etter brotet i forhandlingane har bønder over heile landet aksjonert mot statens tilbod i jordbruksforhandlingane.

– Brotet er på sin plass. Tilbodet er for dårleg, seier Mæland Nilsen.

Han forklarer til ein av kundane i butikken at det ikkje er så lett for bøndene og få til ein streik, difor vert ulike aksjonar løysinga for å få fram eit poeng. Nemleg at politikken vil ha konsekvensar for norsk matproduksjon.

– Dersom me kan vere sjølvdrivande er det bra, men eg har ikkje noko i mot importerte varer, seier Sigve Ask.

Han er ikkje redd for lite norske egg i butikken, men tek ein ekstra pakke i dag.

– Eg vert ikkje irritert over bønder som aksjonerer. Det er den moglegheita dei har, seier Ask.

– Verken politikarar eller bønder kan ha samvit til å la vere å produsere så mykje mat som mogleg, skyt den politisk engasjerte bonden inn.

Han held fram matmangel i verda som argument, og meiner tilgangen på matvarer frå andre land kan verte avgrensa i framtida.

 

Margareth Viste Løining kjøper litt ekstra egg for ikkje å gå tom.

Margareth Viste Løining kjøper litt ekstra egg for ikkje å gå tom.

Ekstra mykje egg

Både Akhkar Ali, som sitt i kassen, og Henrik Adrian Birkedal, som fyller på egg, kan fortelje at det går ekstra mykje egg i dag.

– Det pleier ikkje gå så mykje egg. Me vert nok tomme for iallfall ein type egg, seier Birkedal.

Margareth Viste Løining er og ute på egghamstring.

– Eg har følgt med på nyheitene. No kjøper eg egg til jobb og litt til meg sjølv. Det er kjipt å ikkje ha egg, seier ho.

Mæland Nilsen ser at aksjonar alltid vil gå ut over ein tredje part, men har så langt opplevd stor forståing frå folk flest.

 

Henrik Adrian Birkedal fyller stadig på hyllene.

Henrik Adrian Birkedal fyller stadig på hyllene.

Provosert

Mjølkebonden frå Stavanger produserer 230.000 liter mjølk årleg på sin gard, og kjem ikkje godt ut av årets tilbod frå staten. Likevel er det ikkje seg sjølv han er mest uroleg for.

– Eg er redd for heile det norske landbruket. Me må ha rom for både store  og små produsentar.Dersom store områder vert liggande brakk klarer me ikkje å oppretthalde produksjonen, seier Mæland Nilsen.

Han kjenner seg provosert av det han opplever som ei einsidig framstilling av tilstanden i landbruket frå kritikarane.

– Mat må me ha, og nokon må produsere den. Så enkelt er det, seier han.

Bonden trur at dagen kjem når det vert vanskeleg å importere mat, då vil eigen produksjon verte avgjerande.

Akhkar Ali opplever ekstra mykje sal av egg.

Akhkar Ali opplever ekstra mykje sal av egg.

Stikkord denne saka: