
Krevjande: Fylkesleiar i Vest-Agder Bondelag, Tor Erik Leland, har hatt sin mest krevjande sommar som både tillitsvald og grovfôrdyrkande husdyrprodusent. Augustregnet har gjort godt på enga hans i Selandsdalen, men hjelper lite på det fôret han ikkje fekk tidlegare i sommar
Tor Erik Leland har sett yrkeskollegar på Agder fått furer i andleta og blitt mange kilo lettare i løpet av den tunge sommaren.
Sjur Håland
Leiaren i Vest-Agder Bondelag har hatt ein sommar han helst ikkje vil oppleva igjen. Regnet i august er langt frå nok til å berga fôrsesongen.
– Nei, alt er ikkje løyst med regnet. Regn hjelper ikkje for fôret me ikkje har fått.
I staden for nok fôr, har bønder på Sørlandet har fått dosen av motbør og vel så det siste året. Unnatakstilstanden starta med regnsommaren i fjor, som gjorde innhaustingstilhøva vanskeleg.
– Særleg frå august og utover. I tillegg fekk me storflaumen i oktober der ein del rundballar gjekk tapt, saman med matjorderosjon og tilslemming av jord der tredjeslåtten framleis stod på rot, fortel Leland.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.






