Knallsesong: 150 tonn morellar har nådd marknaden i år. Foto: Sigbjørn Brusletto

– Me opplever eit utruleg sal av alt, seier ein nøgd Sigbjørn Brusletto, dagleg leiar i fruktpakkeriet Hardanger fjordfrukt.

Bothild Å. Nordsletten

Ein knallgod morellsesong i Hardanger er straks over. Ja, faktisk ser det godt ut for alle fruktavlingane langs Sørfjorden i år, trass i utfordringar med tørken.

– Årets morellar vart litt mindre enn vanleg, men haldt prima kvalitet, søte og mørkeraude. Me kunne kanskje hatt ti prosent meir volum, om me hadde hatt meir vatn og bæra vart større, seier Brusletto til Bondevennen.

Omlag 150 tonn er levert til marknaden. Det er dobbelt så mykje som i fjor.

– Me har selt utruleg mykje til industri, til saft og til morellvin. Marknadsinteressa for denne frukta aukar og det blir stadig produsert fleire produkt, seier Brusletto.

– Etterspurnaden etter morell og anna frukt er større enn me kan levera. Alt blir selt, seier han.

Sigbjørn Brusletto

Må plukka raskt

No er det plommene sin tur. Sesongen varar ut august. Brusletto trur på avlingar over normalen, men seier at det varme vêret gir fruktbøndene visse utfordringar.

– Alt kjem på ein gong i år. Det blir ei utfordring å plukke alt i tide, seier han.

Også eplehausten er så vidt i gang. Epla veks ikkje så fort dersom det er for varmt, seier Brusletto, men han trur på auke i totalvolum, også her.

– Det kjem an på vekstsesongen, som varar ut oktober, kanskje inn i november. Seinare sortar vil kanskje dra på seg litt ekstra vekst. I fjor fekk me inn 1600 tonn. I år får me kanskje 1800.

Kunne dobla avlinga

Vatningsanlegga har gått for fullt i sommar. I tillegg har eit mylder av bier og humler mykje av æra for dei gode avlingane. Men dei er ikkje mange nok.

– Pollineringa har vore god, men me skulle gjerne hatt fleire bier. Avlinga kunne blitt alt frå 20-50 prosent større. Det er vanskeleg å seia eksakt, men pollinatorane bidreg positivt, det er sikkert. Behovet for bier er stort, seier Brusletto.

Han trur at tørken har fått fleire bønder til å tenka på å oppgradering av vatningsutstyret.

– Salet av røyr og anna utstyr har vore stort i sommar. Trass i dette blir det eit godt år økonomisk, seier han.

Stikkord denne saka: