• Stor interesse for det nye sauefjoset til Unn Kristin og Håvard Jønnardalen.

 

13. – 14. november inviterte Telemark sau og geit til den årlige haustsamlinga. På programmet stod mellom anna opning av eit nytt sauefjos, god mat og eit godt fagleg program. Samlinga var fullteikna med 65 deltakarar.

Turid Opsund Mæland

Årets haustsamling starta med buss frå Lien fjellgard og opp til Langlim. Eit lita bygd i Vest-Telemark der Håvard og Unn Kristin Jønnardalen satsar på både sau og ammeku. Om lag 130 interesserte sauebønder hadde samla seg på gardsplassen for å få med seg opninga av det nye fjoset. Heile familien Jønnardalen hadde jobba på dugnad for å stelle i stand, og det vart servera både rjomegraut, spekemat og god drikke. Garden ligg på 700 meter over havet. Eit nytt og moderne sauefjos stod klart til sauene skulle inn i haust, nøye planlagt og gjennomtenkt av bonden sjølv. Sauene er av rasane NKS og spæl.  Fjoset har plass til 210 vinterfora og er sett opp i slepplaft. Dette gjev eit lunt og godt inntrykk innvendig og er veldig fint å sjå til utvendig. Håvard har valt å bruke plastrister til underlag, der den siste rista mot fôrbrettet er bytt ut med ei rekke metallrister for å sikre at sauene slit klauvene, han har rullande fôrbrett og ein fôrblandar som sørgjer for effektiv og god fôring av dyra. Gjødselkjellaren er konstruert med kanalomrøring slik at han kan nytte sauegjødsla på ein betre måte som blautgjødsel. Fjoset vart kostanadsrekna til om lag 4 millionar kroner. Tilskot frå innovasjon Noreg og ein stor del eigeninnsats, mellom anna med tømmer frå eigen skog og eiga gardssag, gjorde at han sat att med eit lån på 2 millionar når fjoset stod klart.

Etter taler, god mat og drikke i fjoset på Jønnardalen, gjekk turen attende til Lien Fjellgard for dei 65 deltakarane som var med på Telemark Sau og Geit si haustsamling. Her venta eit stort bord med fingermat. Av rettar kan me nemna; grava elg, røkt fisk, flatbrød, karbonader av høglandsfe, pizza med lammebollar, lammesnacks –også kalla værballar. Alt saman heimelaga og foredla frå eigne ressursar på Lien Fjellgard.

Dag to – klare for teori

Dagen derpå starta med nok eit nydelig måltid frå kjøkkenet på Lien. Frukost med heimelaga brød, rett frå bakaromnen og mykje godt pålegg. Etter ein betre frukost og ein kopp kaffi, var alle mann og damer klare for ei god økt med teori. På programmet stod mellom anna sauavl, genetikk og fôring av påsett. Les meir om dette i Bonndevennen nr 48.

Stikkord denne saka: