Held dampen: Lars Bog

Heidersprisen for landbruket i Rogaland 2018 går til den mangfaldige eldsjela og fruktbonden Lars Bog i Hjelmeland.

Bothild Å. Nordsletten

Prisen vart delt ut under den landbrukspolitiske konferansen «Jakten på den grøne diamanten» 19.mars i Stavanger.

Lars Bog sjølv var tydeleg rørt då han tok imot prisen – eit diplom og ein statuett. Delar av takketalen nytta han til å fortelja om engasjementet for å få kostnadane ned i landbruket, særleg ved hjelp av rimelege bygg i tre.

– Den største prisen er likevel alt arbeidet eg har fått vera med på, seier Bog til Bondevennen.

78-åringen, som i tillegg til å vera fruktbonde har vore snekker, lærar, sjåfør og engasjert i Bonde- og småbrukarlaget, har ikkje tenkt å gi seg med det første.

– Kva no?

– No skal eg him og halda fram. Den som trur han er ferdig utlært, er ferdig. Så lenge eg klarer å vera med, så skal eg vera med.

I grunngjevinga for prisutdelinga la fylkeslandsbruksdirektør i Rogaland, Geir Skadberg, vekt på den verdifulle innsatsen som Bog har gjort for landbruket i Hjelmeland og for bygdesamfunnet rundt garden hans Nesvik på Jøsneset.

– Bog er eit kvardagsmenneske som gjer ein praktisk skilnad. Han har ei indre kraft til gjera gode handlingar som tyder noko for andre, men han har òg mot til å stå opp mot makta, når det trengs. Han er til å stole på. Dette er ein mann som utan fakter gjer ein innsats for bygdelivet og bygdeutviklinga, han rydder nye beiteområde og vegar innover heia. Innovasjonskrafta er på plass med utviklinga hans av eplechips. Og han har arbeidd med eit nytt konsept for rimelege driftsbygg for storfe og småfe, sa Skadberg.

Les om fjøsbygget som Bog har engasjert seg i: Vil ha billigare landbruksbygg