Pris: Unni J. Skadsem og Bertran Trane Skadsem saman med nestleiar i Norges Pelsdyralslag, Henning Dalbakk t.h. Foto: Norges Pelsdyralslag.

Pelsdyrbøndene Unni J. Skadsem og Bertran Trane Skadsem vart hylla av sine eigne på Riksutstillinga på Hamar med næringa sin eigen høgthengande ærespris, Mikkelprisen.

Sjur Håland

Det var under festsamværet i samband med den årlege skinnutstillinga at dei to vart henta fram på podiet og gjort ære på i form av blomar, eit diplom og eit stipend på 15.000 kroner. I tillegg vanka det ei mengd med godord for innsatsen til dei to.

– Så fortent som det berre går an, seier Jan Ove Horpestad, leiar i Rogaland Pelsdyralslag, til Bondevennen.

Sterk og tydeleg

Mikkelprisen blir delt ut av Dyrevelferdsrådet i Norges Pelsdyralslag annan kvart år. Juryen plukka ut vinnarane blant ei rekke innkomne forslag frå pelsdyrbønder frå heile landet.
Prisvinnarane får, i følgje juryen, prisen for å ha vist eit spesielt engasjement innan dyrevelferd i pelsdyrhaldet, samt for å ha gjort eit betydeleg arbeid til gagn for pelsdyrnæringa i Norge.
Unni J. Skadsem blir av juryen omtalt som ein sterk og tydeleg medspelar på garden deira heime på Skas i Klepp. Ho er styremedlem i Norges Bygdekvinnelag, og møter i Representantskapet i Norges Bondelag, der også mannen, leiaren i Norges Pelsdyralslag har plass.
Bertran Trane Skadsem har vore styremedlem i Norges Pelsdyralslag sidan 2002, han vart nestleiar i 2005 og har sete med leiarklubba sidan 2009.

Telefonvakt

Bertran Trane Skadsem har stått midt i auga i stormen som har herja pelsdyrnæringa dei siste åra. Kampen om å få driva med pelsdyr etter 2024 er eit tapt slag. Nå stormar det vidare rundt kompensasjonsordninga. Juryen for Mikkelprisen held fram at Bertran har eit pågangsmot, som dei færraste har maken til. Vidare blir hans evne til å navigera seg fram i det politiske landskapet trekt fram. I følgje juryen er Bertran telefonvakt 24 timar i døgnet.
Unni J. Skadsem er midt i potetopptakinga heime på garden når Bondevennen snakkar med henne.

– Me er svært stolte for å ha fått Mikkelprisen. Prisen er ein honnør for både god dyrvelferd og arbeid i organisasjonen, som me set stor pris på, seier ho.

Stikkord denne saka: