Rein og tørr liggeplass gir rein og triveleg smågris. Kjetil erfarer at mykje spøne reduserer tilfeller av halebiting.     - Smågrisen ét litt av spøna, noko som ser ut til å vera med og stabilisera magane, kommenterer smågrisprodusenten.

Resultata frå Ingris 2014, viser historisk gode resultat, med 31,6 avvende smågris i smågrisproduksjonen.

Liv Kristin Sola

– No er det mange smågrisprodusentar som gjer det godt. Me har mykje flott smågris for sal, seier Hilde Elin Østerhus, som er rådgjevar i Nortura.

Ho viser til produsentar som har løfta seg frå 10,5 til 12,5 avvende smågris, berre med å gjera små endringar, ikkje med bygningen, men med rutinane.

– Me vil fortsatt motivera til fleire avvende smågris og høgare slaktevekter, og betre økonomien for bonden på kvart enkelt bruk, seier Hilde Elin.

Ledig kapasitet?

Med auka avvenningstal hjå smågrisprodusentane, og høgare slaktevekter hjå slaktegrisprodusenten, vert det eit overtal av smågris til omsetjing. Situasjonen kan til tider verta noko krevjande. Etter ein periode med overproduksjon og svak økonomi i næringa, er det få nyetableringar. Samstundes er det ein del mindre, eldre slaktegrishus som ikkje set inn gris no.

– Desse plassane skulle me hatt i produksjon igjen, nå som det er god inntening og me har så mykje fin smågris for sal, oppmodar rådgjevaren.

Best i medgangEin kvikk og nyfiken smågris er eit godt teikn på at alt er som det skal vera i bingen.

– Næringa er over ei kneik og det er god økonomi i produksjonen. Folk ser lysare på kvardagen. Kan hende gir det motivasjon til å gjera ein ekstra innsats for å betra resultata i eigen produksjon? Undrar rådgjevaren.

Ho håpar at optimismen skal påverka spesielt dei unge som vil inn i næringa. Dei som står på starten av ein yrkesveg som svineprodusentar, er sårbare overfor stemninga i næringa og miljøet dei skal inn i.

Kor legg ein ned arbeidstimane?

Hilde Elin Østerhus er oppteken av at produsentane skal respektera kvarandre sine rutinar. Bønder er ikkje arbeidssky. Likevel høyrer ein med jamne mellomrom kommentaren «Me kan jo ikkje bu i grisehuset».

– Kor er det me kan gjera ein forskjell økonomisk? Spør rådgjevaren.
– Alle gjer sine val. Men me opplever at forbetringar ikkje nødvendigvis betyr mange fleire timar i fjøset. Mykje handlar om å effektivisera daglege rutinar, og å gjera dei rette tinga til rett tid. Tida må brukast der ein tener pengar. Det er på dyra, oppmodar Hilde Elin.

– Å sjå ting an, gir sjeldan gode resultat i grisehuset. Alt går fort. Symptoma må handterast før dei vert store problem. Å skylde på purka eller grisen, er ei lite konstruktiv løysing, ei avsporing.

Økonomien ligg i detaljane

– Gjer ein ekstra innsats ein periode, med å registrera og kartelegga kva du gjer. Bruk erfaringane til å vurdera kva som fungerer, og kva som eventuelt kan endrast på. Ei endring treng ikkje nødvendigvis betyr meir arbeid, men ei betre og meir økonomisk organisering av arbeidsdagen, understrekar Hilde Elin Østerhus.

Ho oppmodar til å henga opp «tusenlappar » i fjøsdøra. Ta med ein ”tusenlapp” kvar gong du ber ut eit død smågris, eller marker kvar døde smågris på ein stad det er synleg for dei som er involverte i arbeidet.
– Økonomien ligg i detaljane, understrekar rådgjevaren, og viser til eit reknestykke.

0,5 eller 1 eller 1,5 ekstra fråvendt smågris per kull betyr mykje pengar på eitt år:

0,5 eller 1 eller 1,5 (smågris) * 870 (marginalverdien for ein ekstra gris) * 54 (tal på kull/purker) * 6,5 (innsett per år) med 8 vekers puljar i purkeringsystem.

Summen av dette reknestykket er ikkje mindre enn 150.000, 300.000 eller 450.000 kroner.

Ikkje berre eit stort tal, men rein forteneste. Har du råd til å la det gå?

Meir mat.

Stikkord denne saka: