Vern av fuglen, svarthalespove, har ført til utfordringar for bønder i Klepp kommune. Landbruksministeren ser no på regelverket. Foto: Jan Kåre Ness,  Natura Media.

Vern av fuglen, svarthalespove, har ført til utfordringar for bønder i Klepp kommune. Landbruksministeren ser no på regelverket.
Foto: Jan Kåre Ness, Natura Media.

Sa landbruksministeren om vern av svarthalespoven. Fleire bønder er einige, medan Fylkesmannen meiner at vern er naudsynt om fuglen skal overleve.

 

Jofrid Åsland

 

Det kom nyleg ut ein rapport, på oppdrag frå Fylkesmannen, som kartlegg svarthalespovens hekking og reproduksjon sommaren 2013. Denne rapporten syner at det var minst 13 hekkande Svarhalespovepar på Jæren sommaren 2013. Vidare kom minst 14 ungar på vengene, noko som vert skildra som godt.

– Det er hovudsakleg den seine slåtten denne våren, som gjorde at så mange fugleungar overlevde, opplyser Anders Braa, viltforvaltar hjå Fylkesmannen i Rogaland.

Det var nemleg berre ein bonde som ville teikne avtale med Fylkesmannen, om utsett slåttetidspunkt. Tre av dei overlevande fugleungane kom frå dette området. Dermed trekk Braa konklusjonen at det høge talet på kyllingar i hovudsak skuldas sein fyrsteslått.

– Det har vore mykje negativ omtale kring vern av svarthalespoven. Då er det ikkje lett å få avtalar med bøndene, seier Braa.

 

– Får ikkje kontrollere matproduksjonen

Kjell Harald Horpestad er talsmann for grunneigarane, som har fuglen hekkande i enga si, på Jæren. Han har sjølv gard og driv grasproduksjon på Orre i Klepp kommune. Bøndene har skrive utspel til endringa av lova, som vart sendt på høyring i 2013. 29 bønder står bak utspelet.

– Bøndene har tru på at opplysning om korleis ting heng saman, vil vise politikarar og folk flest at den einaste måten svarthalespoven kan klare seg på, er å avskaffe forskrift om svarthalespoven, står det mellom anna.

Det kan sjå ut til at Sylvi Listhaug, landbruksminister, deler dette synet. Under landbruksmøtet på Varhaug sa ho nemleg dette om forskrifta:

– Det kjem folk som har lite greie på slotten, og lager idiotiske reglar. Me jobbar med å sjå på dette.

Horpestad er heilt einig med ministeren. Han fortel at dersom ikkje regelverket vert fjerna, vil bøndene finne nye løysingar for grasproduksjon.

– Me må reagere. Miljøbyråkratane kan ikkje definere framtida til matproduksjonen i Noreg, til det er den for viktig, seier bonden.

 

Konstruert trusselbilete

Bøndene som driv gard i hekkeområda til fugelen er frustrerte over konklusjonane til Fylkesmannen, og opplever at det vert laga eit konstruert trusselbilete av situasjonen for svathalespoven.

– Fylkesmannen har hatt feil tilnærming til bøndene. I staden for dialog, har det vore diktat og manglande involvering av bøndene. Dette har ført til motvilje mot samarbeid, skildrar bøndene i sitt utspel.

I ein artikkel, om svarthalespoven og konflikten kring regelverket, på fylkesmannens nettsider står det følgjande:

– Svarthalespoven vil truleg ikkje overleva lenge på Jæren utan at skreddarsydde tiltak vert brukte. Nye ungar vil komme på vengene, men desse blir neppe mange nok til å oppretthalde eller auke bestandstorleiken på sikt. Vi ser ikkje andre løysingar for dette no enn utsett slått, kombinert med ein viss rovdyrkontroll. Men utan eit konstruktivt og kunnskapsbasert samarbeid med næringa og lokalsamfunn blir dette vanskeleg å gjennomføre.

 

Om Svarhalesoven:

  •  Fuglen av åtte prioriterte artar i landet etter naturmangfaldlova. Årsaka er at arten er definert som ein sterkt truga art.
  •  Forskrift om prioritering, som mellom anna sett forbod mot slått før 15. juli i hekkeområda, blei vedtatt som kongeleg resolusjon i mai 2011.
  •  På Jæren hekkar fuglen nesten berre i intensivt drivne areal for grasproduksjon. Forskrifta har ført til store konfliktar med gardbrukarar i dei aktuelle hekkeområda mellom Reve og Orre i Klepp kommune.
Stikkord denne saka: