Mindre fosfor: Med føreslegne tiltak i rapporten og funn av høgare innhald av fosfor i grasavlingane i Rogaland enn landssnittet, blir fosformengda i husdyrgjødsla redusert utan vesentleg skjerping av spreiearealkrava, konkluderer rapporten «Oppdatert faggrunnlag for redusert fosforutslipp fra husdyrproduksjonene i Rogaland». Foto: Istock.

Det er ikkje grunnlag for vesentleg skjerping av spreiearealkrava i Rogaland, er konklusjonen frå den ferske rapporten frå Arbeidsgruppe gjødselregelverk. Resepten er god agronomi og redusert innhald av fosfor i kraftfôret.

Sjur Håland

– Me ventar at styresmaktene legg dei viktige prinsippa i rapporten til grunn, og at landbruket får ein vinst på å redusera fosforinnhaldet i kraftfôret og i husdyrgjødsla, seier prosjektleiar Helga Hellesø til Bondevennen.

I rapporten «Oppdatert faggrunnlag for redusert fosforutslipp fra husdyrproduksjonene i Rogaland», lansert 21. oktober, blir det føreslege ni tiltak på gardsnivå ut frå oppdatert kunnskap. Eit av funna gjennom arbeidet er at fosforinnhaldet i grasbasert eng i Rogaland er høgt – og høgare enn landsgjennomsnittet.

Kan gå til 3 kilo

Rogaland er fylket som vil mangla mest spreieareal dersom skjerping av krava i tråd med forslag frå Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet blir innført. Til dømes vil 5 dekar per GDE føra til at 891 føretak i Rogaland vil mangla spreieareal, medan 1382 føretak vil få for lite areal om det skulle kome ei innstramming på 7,1 dekar per GDE.
Dagens krav på 4 dekar per GDE tilsvarar ei grense på 3,5 kilo fosfor tilført per dekar per år. Berekningar i rapporten syner at ein ved å auke GDE-norma frå 14 til 15 kilo fosfor per år, og senke fosforkravet til 3 kilo per dekar, vil ein oppnå om lag same behov for spreieareal som i dag, når innhaldet av fosfor i kraftfôret og fôringsstrategiar blir justert.

– Ved å bruka mindre fosforrike innsatsfaktorar i kraftfôret saman med tiltak i drifta, får ein mindre fosfor i husdyrgjødsla og dermed mindre belastning på jorda. Då vil me kunna leva greitt også med å gå frå 3,5 til 3 kilo utan at det får konsekvensar for spreiearealet, seier Hellesø.

Ferske fakta: Ny rapport om fosfor og husdyrgjødsel i Rogaland ute no.

Høgare utnytting

Den faglege prosjektgruppa bak rapporten vart oppretta i mai 2021. Arbeidsgruppa består i dag av dei fleste organisasjonane og bedriftene knytt til landbruket i Rogaland. Målet med arbeidet har vore å styrka det faglege grunnlaget til bruk ved revidering av gjødselregelverket. Konklusjonen i rapporten er at dersom tiltaka blir gjennomførte, vil dei gi ei høgare utnytting av fosfor i norsk jordbruk utan vesentleg skjerping av kravet til spreieareal.
Det gir rom for å oppretthalda jordbruksproduksjon, unngå å påføra landbruket auka kostnader, samtidig som utslepp av fosfor til vassdraga blir reduserte. Tiltaka arbeidsgruppa føreslår er grunngitt ut frå det faglege arbeidet som er gjort. Blant anna er grovfôravlingane i Rogaland oppdaterte, medan fosforinnhaldet i grovfôr og kraftfôr med konsekvensar for spreiearealet er vurdert, seier Hellesø.

Stikkord denne saka: