Utfordrande: – Alle blir fanga av at kostnadane går opp, og når så inntektene ikkje følger med opp blir dette over tid ei utfordring, seier Peder Skåre, som er distriktssjef Sørvest i Landkreditt.

Peder Skåre gir skryt til Hå Rekneskapslag som siste tida gjennom media har peika på alvorlege økonomiske utfordringar ute hjå bøndene. Han minner om at det er bonden som til sjuande og sist sit med ansvaret og rekningane.

Sjur Håland

Rekneskapsførarane i husdyrkommunen Hå ropar fleire varsku. I Jærbladet i november går Asbjørn Voll og Per Herikstad ut i offentlegheita og gir uttrykk for sterk uro over bøndene sin strame økonomi. I artikkelen kjem det fram at uroa nå også gjeld bønder som historisk har hatt god kontroll på økonomien.

– Hå Rekneskapslag brukar eit tydeleg språk om ein kvardag som folk kjenner seg att i. Alle me, som høyrer til nettverket rundt bøndene, er ofte litt for snille og for runde i kantane. Dermed får me ikkje fram kor avgjerande viktig økonomistyring på garden er, seier Skåre.

Når inntektene er lågare enn kostnadane aukar gjelda. Det fører i mange tilfelle til at det er rekningane frå kraftfôrleverandøren som blir liggande.

– Då blir veksande leverandørgjeld resultatet. Har du i tillegg leasingkostnadar og store leigeutgifter til kvote og jord, kan du vera ille ute å køyre, seier Skåre.

Kjempe-dilemma

Peder Skåre er distriktssjef i Landkreditt, med årelang kjennskap til landbruket. Han reagerer positivt på oppslaget i Bondevennen tidlegare i haust der Hå-rekneskapsførar Per Herikstad meiner at bønder som driv mjølkeproduksjon med høg leige på jord og kvote ville hatt meir att ved å redusere driftsomfanget. Herikstad går konkret til verks og meiner eit fornuftig leigenivå er 500 kroner per dekar og 60 øre per liter.

– Dei siste åra har landbruket vore svært volum- og vekstorientert. Å bli ein stor volumproduserande bonde kan gi suksess om du gjer alt rett, men fallhøgda blir svært stor dersom du ikkje lukkast, seier Skåre.

Bøndene brukar hundrevis av tusen kroner på å leige jord og kvote for å auke produksjonen. Eit kjempe-dilemma, meiner Skåre.

– Desse pengane skulle vore ein del av botnlinja i rekneskapen i staden for å vera ein del av kostnadane, seier han.

Best i klassen?

Hå-rekneskapsførarane peikar mellom anna på at stordriftsfordelane i mjølkeproduksjonen ikkje lenger kompenserer for lågare tilskot i regionen. Mjølkebønder som driv under middels godt, tapar pengar på drifta, seier Voll og Herikstad til Jærbladet.

– Er det eigentleg så galt fatt – må du vera best i klassen for å få økonomi i det du held på med?

– Når dei som sit nærast bøndene sine rekneskap brukar eigen statistikk og gjer seg opp tankar og refleksjonar slik me har sett i Bondevennen og Jærbladet, er me mange som nikkar attkjennande. Samstundes ser me eit stort sprik. Nokre har kome velberga gjennom siste åra og har god drift og økonomi. Desse er dyktige bønder som optimaliserer drifta si og har full kontroll på kostnadssida.

Kostnadstrøbbel

For, kostnadsutviklinga er ei av årsakene til trøbbelet, i følgje Skåre.

– Kostnadane stig over heile linja. Det same gjeld prisane på i-mek og maskinar og utstyr. I tillegg har valutasituasjonen bidrege til høgare prisar hjå bønder som realiserer investeringar i dag som vart planlagd for ei tid tilbake. Dette er krevjande, seier han. Redusert økonomisk armslag etter dårlege fôrår, som 2017 og -18, syner at mange bønder er sårbare i utgangspunktet og har lite å gå på, forklarer han.

– Men vêret og kostnadsveksten kan vel dei færraste gjera noko med?

– Alle blir fanga av at kostnadane går opp, og når så inntektene ikkje følger med opp blir dette over tid ein utfordring. Alle tenester som bonden må leiga inn stig i takt med aukande kostnadsnivå i samfunnet. Skal ein lukkast må ein også vera flink på kostnadssida

Frå to til åtte mill

Inntektene har på ingen måte følgt med kostnadsutviklinga. Skåre eksemplifiserer med slaktegrisproduksjonen. I 2003 auka konsesjonsgrensa til 2100 slaktegriser. Då kosta eit nytt konsesjonshus 2,5 – 3 millionar kroner.

– I dag er prisen på same huset meir enn åtte millionar kroner. Dekningsbidraget har vore omtrent på same nivået i dag som for 17 år sidan. Det seier seg sjølv at det er vanskeleg å få dette til å henga i hop.

– Har det skjedd ting i år som gjer at me kan venta at økonomien vil bli lettare?

– Det positive er at 2019 og 2020 har vore gode fôrår og vil slå positivt ut for bøndene som driv grovfôrbaserte produksjonar. Overproduksjonen i dei fleste produksjonane har vore ein avgrensande faktor. Nå aukar mjølkeforbruket. Lagera er tomme på gris, medan det er mindre lam på lager og behov for meir storfe. Å få til marknadsbalanse og dermed å kunna ta ut målprisane er noko som slår svært positivt inn i økonomien hjå bøndene, seier han.

Overoptimistiske driftsplanar

Skåre er, naturleg nok, oppteken av bønder som står føre investeringar på garden.

– Dei økonomiske planane som blir utarbeidde i slike samanhengar kan i mange høve bli betre, seier han.

Planane for framtida er i for stor grad overoptimistiske, held han fram.

– Dei som er rundt bonden i slike prosessar har eit stort ansvar. Utslaga blir svært store dersom ein overoptimistisk driftsplan blir lagt til grunn for investeringar på garden der du endar opp med 10-15 millionar kroner i gjeld og ting ikkje går så bra som det planen la til grunn. Bonden må i større grad ta ansvar for eigen økonomi og stilla kritiske spørsmål til sine rådgivarar. Dei som lagar driftsplanar for bonden har også eit stort ansvar og må våga å vera så realistiske som råd, seier Skåre, og brukar kyllingproduksjonen som eit døme.

– Nå blir det bygd fleire hus til slaktekyllingproduksjon. Historia fram til i dag synar ein varierande marknad med overproduksjon og andre utfordringar.

Han meiner kalkylane tar utgangspunkt i ein optimal marknad og at den vil vera slik framover.

– Det einaste me er sikre på er at slik blir det ikkje. Me vil oppleva same svingingane som før. Det må planane ta høgde for.

Såre vel-signal

Eit landbruk som held fram med å investera sjølv med minimale marginar, sender signal til styresmaktene om at alt er såre vel.

– Dette skjer samstundes med at rammevilkåra er for dårlege. Då får me ikkje synleggjort at økonomien ikkje er god nok og at landbruket har behov for eit innteningsløft.

– Kva seier du til dei som nå planlegg store investeringar for å vera med framover?

– Dei må vita kva dei gjer og vera sikre på at dei prosjekta dei har lyst til å gjennomføra er realistiske. Då må planar og talgrunnlag vera slik at dei er enkle å forstå og førehalda seg til når avgjersla blir teken.

Stikkord denne saka: