Insekta forsvinn: Bli med og skru opp summetonen!

Turvande, men truga: 1163 insektartar er truga i Noreg. 92 av dei kritisk. På bildet er nokre av dei utsette småkrypa. Foto: Arnstein Staverløkk, NINA

Insekta forsvinn verda over, og landbruket blir peikt på som ei viktig årsak. NLR-rådgjevarane Ole Arnfinn Røysland og Ragnvald Gramstad meiner norske bønder gjer mykje for småkrypa, men tilrår å tenka meir mangfald.

Bothild Å. Nordsletten

Konklusjonen i en ny rapport (Worldwide decline of the entomofauna: A review of its drivers), den største i sitt slag, er iskald lesnad. Verdas insekt risikerer å forsvinne innan hundre år, dersom dei held fram med å døy i same takt som no. Konsekvensen blir mindre pollinering, mindre nedbryting og resirkulering og mindre mat til skapningar høgare i næringskjeda. Med andre ord: kollaps i økosystem og katastrofale konsekvensar for matproduksjon og menneske.

Menneska breier seg

Rapporten baserer seg på 73 ulike globale studiar. 40 prosent av alle insektartar risikerer utrydding. Kvart år dei siste 25–30 årene har den totale vekta av insekt falle med 2,5 prosent. Småkrypa forsvinn no åtte gonger raskare enn pattedyr, fuglar og reptilar.
Årsaka? Menneska. Som tek for mykje plass. Landbruket. Som spreier plantevernmidlar og kunstgjødsel og øydelegg opphaveleg planteliv. Esande utbygging. Framande artar. Klimaendringar.
Med berre tre prosent dyrkamark er det avgrensa kor stor utfordring det norske landbruket utgjer for naturmangfaldet, men også her til lands slit bier og biller. Mange av artane som alt har dødd ut, levde i kulturlandskapet, der habitata er øydelagt blant anna som følgje av attgroing.

Føre var

– Me har lagt merke til rapportane om tilbakegangen for insekta. Me veit lite om tilstanden her i Noreg, men det gjer ingenting å vera føre var, seier NLR-rådgjevar på Særheim på Jæren, Ole Arnfinn Røysland.

Attmed han sit NLR-veteran Ragnvald Gramstad. Båe er oppgitt over at landbruket ser ut til å få skulda for det meste om dagen, frå klimaendringar til insektdød. Det er urettferdig, meiner dei, og hevdar at den norske bonden alt gjer mange gode grep for både insekt og naturmangfald.

– Trenden går i rett retning. Eg trur næringa er meir opptatt av mangfald no, seier Gramstad.

– Bonden er opptatt av å stelle landskapet og ser verdien av samspelet i naturen. Bruken av kjemiske plantevernmidlar er minimert. Mange har innsett at uhemma bruk av glyfosat ikkje er så lurt, då det fjernar stadeigen vegetasjon.

Le og beite: Det er ikkje berre NLR-rådgjevarane Ole Arnfinn Røysland (t.v.) og Ragnvald Gramstad som set pris på vakre seljetre i lebelte. Pollenet på gåsungane som snart sprett er viktig føde for overvintra insekt.

Attgroing trugar

Røysland følgjer opp.

– Det er mykje bra på gang. Bønder etablerer reinskeparkar der det myldrar av liv, og dei set av randsonar der mangfaldet trivst. Ikkje minst er dei opptatt av fuglelivet. Og insekta er jo mat for fuglane. Bøndene ser samanhengen. Leplanting er òg ein kjemperessurs for insekta. Og beite. Det er masse insektliv i ei kuruke!

NLR-rådgjevaren viser til insektekspertar som hevdar at attgroing er ein like stor trussel mot det biologiske mangfaldet som intensivt jordbruk. Båe Røysland og Gramstad meiner i tillegg at folk har blitt betre på å oppdatera sprøyteautorisasjonar og at dei unngår å sprøyte på open blomst.

Tenk mangfald!

Gramstad har merka seg årets RMP-nysatsingar for pollinerande insekt og viper og oppmodar bønder til å bruka dei.

– Eigentleg er det berre fantasien som set grenser. Tenk mangfald! Du kan nytta naturfrøblandingar langs gardsvegane, i randsonar, og i grusskråningane og flekkvis på beite. Hugs at tiriltunge, prestekrage, raud- og kvitkløver treng næringsfattig jord. Fint blir det, òg!

Risikerer kveling

Det skortar likevel ikkje på utfordringar for småkrypa. Gramstad peiker på effektivitetskrav og mekanisert grashausting som to døme.

– Med slåmaskinar med åtte-ni-meters blad og med sjølvgåande snittarar på 15 tonn som kan ta 100 mål i timen, kan ein spørje om me tek nok omsyn til livet rundt. Den gamle, tradisjonelle haustemåten var nok meir skånsam. Ei anna floke er dagens metodar for gjødselspreiing. Medan slangespreiing minskar avrenning, har den blaute gjødsla ein lei tendens til å legge seg oppå jorda og tette igjen porene som småkrypa er avhengige av. Særleg skjer dette der jorda er pakka. Slik risikerer insekta rett og slett å bli kvelt.

Lett trykket

Røysland viser til det som er ein kjend samanhang mellom talet på meitemakk i jorda, og talet på sommarfuglar i lufta. Båe er avhengige av levande, pustande mold.

– Jordpakking er dårleg for jordlivet og insekta. Her på Jæren har mange svært god dekkutrusting på maskinane, der det er mogleg å køyre på lågt lufttrykk for å hindre pakking. Den moglegheita må dei utnytta.

Hjelper du insekta? Fortel oss om det!

Utan insekta blir det stille. Bli med når Bondevennen skrur opp summetonen!

Bondevennen retter i vår og sommar søkjelyset på insekta. Småkrypa er livsviktige for alt anna liv på jorda, men blir no truga frå mange hald. Landbruket er del av problemet – men også av løysinga. Mange bønder er for lengst i gang og sår i kantsonar med pollinatorvenlege blomar, plantar pollenrike tresortar som selje og raun i lebelte eller set av restområder til insektvenleg villniss. Andre skjøttar gamle slåtteenger, lynghei eller etablerer reinskeparkar.

Er du ein av bøndene som legg til rette for at humla kan suse og billa kravle? Kjenner du ein bonde som gjer ein ekstra innsats for småkrypa? Då vil me gjerne skriva om deg/dei!

Send nokre ord og bilete om tiltaket til post[a]bondevennen.no og merk eposten med «Summetonen». Alle som bidreg får ei merksemd i posten, til glede for så vel tobeinte som seksbeinte – med eller utan vengjer.

Bli med og skru opp summetonen!

Stikkord denne saka:
Share This