Frå kjærleik til islandshesten har ein gard av internasjonal interesse vakse fram.

 

Jofrid Åsland

 

Frå garden, Halakot, kan du sjå Ölfusfjellet som ein kontrast til viddene som breier seg milevis av garde utanfor tettstaden Selfoss. Vinden raslar alltid gjennom graset. Ein kan sanse ein råskap i naturen på sagaøya. Sola fargar dagen ljos og lett. Ute på langstrakte beiter et islandshestane gras. Hestane kom hit med vikingane, og måtte utvikle seg til ein tøff og nøysam hesterase for å overleve på Island.

Denne veka i byrjinga av juli, er dei firbeinte tøltande skapningane tema både på plakatane langs vegen og i nyheitene på tv-skjermen. Det er Landsmòthestamanna. Islands største hestestevne, og folket frå Halakot er representert. Kona på garden, Svanhvit Kristijansdottir deltek på hoppa Glodis frå Halakot. Saman med mannen, Einar Øder Magnusson, eig ho omlag hundre hestar.

 

Internasjonal hestegard

– Eg er frå gard med mjølkeproduksjon, og lova meg sjølv at eg aldri skulle ha kyr. No ser eg at det er like mykje jobb med hestehald, fortel Svanhvit.

Ei nett dame med brusande mørkt hår fartar fram og tilbake, mellom gjester, kjøkken og journalist. Det er alltid mykje folk innom på garden. Ekteparet har hestekjenningar over heile verda.

Garden, som ber namnet Halakot, kjøpte ekteparet i 1998. Då var det ikkje eit einaste tre eller gjerde på eigedomen, og huset stod til nedfalls. Einar og Svanhvit har bygd både stall og hus, itilegg til å plante leplantar. Ein hestegard av internasjonal interesse har vakse fram.

Merittane på hesteryggen er mange. Einar vann seinast Landsmòt i 2012, med sin eigenavla hingst Glóðafeykir frå Halakoti. Han har reist verda rundt som rideinstruktør, medan Svanhvit har hatt hovudansvaret for gard og heim.

Einar tek kikkerten og kastar eit rutinemessigg blikk ut vindauget. Han speidar etter hoppeflokken med føl på nedsida av huset. Det gjeld å halde kontrollen dersom det er føling på gang.

Livet som hestebonde handlar likevel om mykje meir enn fortryllande føl som sprett omkring. Det handlar om å sitte på hesteryggen i alt slags vêr i vintermånadane. Det handlar om å bli kasta av og stige til hest igjen. Det handlar om å stadig vere på jakt etter ny kunnskap. Slikt kan føre ein til det øvste trinnet på sigerspallen. Einar har vore trenar for det islandske landslaget innan islandshestsport i fleire år. Mange har takka han med medalje rundt halsen.

 

Hest som levebrød

Rundt huset traskar treningshestane rundt i små hamnehagar, et litt gras og klaskar halen etter små innpåslitne fluer. Det er kviledag etter helgas storstevne i nabobygda Hella.

– Dette er noko med balansen i drifta. Klarar familien av drifta sjølv eller treng ein å tilsette nokon? Her plar me ha ein eller to i arbeid gjennom vinteren for å komme over alt, fortel Svanhvit.

Drifta på garden består i avl, trening og sal av hest. Då er det både hestar frå garden og hestar frå andre eigarar som er i trening. Svanhvit er den som kontrollerer økonomien, og opplyser at trening og sal av hest held drifta omlag på nullpunktet. Så kjem undervisninga på toppen.

Einar reiser rundt i verda for å dele sin kunnskap om islandshesten og ridekunst. Han har mellom anna reist til Stord i Rogaland sidan 1987. Der underviser han i islandshestforeininga Faxi.

– Rideundervisninga har vore ei form for økonomisk trygging for oss. Det er pengar me veit kjem inn, seier Einar.

Hestesal er ikkje like lett som for nokre år tilbake. Finanskrisa ramma Island og verda i 2008, og gjorde kundane meir tilbakehaldne.

– Me ser likevel at det kanskje er lettare å selje topphestar enn ein gjennomsnittleg ridehest, fortel Einar.

Ingenting er tilfeldig når det gjeld avl og tilriding. Dei vil ikkje ha eit svakt ledd i kjeda. Folk vil helst ha eit ferdigarbeida produkt, med litt erfaring frå konkurransebanen.

– Me har vorte ganske harde på utrangering av hestar som ikkje fungerer. Anten det er på grunn av dårleg lynne eller manglande evner. Svana er steinhard på dette, eg har og vorte hardare, seier Einar.

Kona kikkar på han med eit blikk, som røper at ho ikkje er heilt samd.

– Er det ikkje slik?

– Eg avlar bare på materiale. Han avlar på kjensler, opplyser Svanhvit.

Les heile saka i Bondevennen nummer 30/31.

Stikkord denne saka: