BN+

Likar meitemark: Vipa er også ein vadefugl, og likar nærleik til vatn. Dette handlar om tilgang til mat. Meitemarken er viktig næring. Foto: Dreamstime


Stort bondeengasjement på Jæren kan gi ein god vår for vipa.


Jane Brit Sande


Fylkesmannen i Rogaland, i samarbeid med bondelaga på Jæren, arrangerte i førre veke ein fagdag for vipa. «Bønder bryr seg om vipa, og vipa vil vere på Jæren. Vi meiner at det er på tide ho får sin eigen fagdag», skreiv Fylkesmannen i invitasjonen. Kring 100 bønder, entreprenørar og andre vipe-vener møtte opp på Undheim samfunnshus.


– Bøndene og landbruket må syta for at det ikkje blir splid med resten av verda. Det er ikkje «oss» og «dei». Me må visa det positive som bøndene gjer, som er utanom det som er venta av dei, eller som dei blir betalt for, seier Margit Reiersen frå Fylkesmannen sitt kontor.


Reiersen er tilsett i ei prosjektstilling ved landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen. Mellom anna skal ho mobilisere for fleire vipe-tiltak i jordbruket, og følgje opp bøndene som har meldt interesse for å vere med på vipe-ordninga i Regionalt miljøprogram. I år blir det gitt tilskot til å sette av ei pløgd sone dyrka mark til hekking for vipene i intervallet 10. mars til 1. juni. Det må vere minst to dekar samanhengande område i ei Vipestripe. Det blir ikkje gitt tilskot for meir enn 20 dekar.

Likar seg på Jæren

I Noreg hekkar vipa typisk på dyrka mark med grasproduksjon.


– Jæren er den beste plassen i Norge for vipa. Det har vore ein kraftig nedgang i bestanden nasjonalt, men Jæren er eit unnatak, seier Oddvar Heggøy, førstekonsulent i Norsk Ornitologisk Foreining (NOF), til Bondevennen.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: