MOLDROK

Jærbondens handlingsrom skrumpar inn

I skvis: Jordbrukets interesser på Jæren må stadig vike for omsyn til miljøet, skriv Olav Magne Tonstad. Illustrasjonsfoto: Liv Kristin Sola

Jærbonden kjenner på avmakt i møte med landbruksbyråkratiet. Ikkje minst i saker som gjeld råderetten over jorda han er sett til å forvalte.

Olav Magne Tonstad, rådgjevar.
Jordbrukssjef i Hå frå 1999 til 2015.

«Det gildaste eg veit er å kunne dyrka ny jord» sa bonde Oluf Mjølhus til Per Grue, tidlegare departementsråd i landbruket. Kleppbonden Oluf Mjølhus var i mange år leiar av Rogaland fylkeslandbruksstyre. Sitatet er referert i Bondevennens jubileumsskrift til 100-års jubileet i 1998.
Å kunne utvide garden med nydyrking, bygge større fjøs, auke buskapen og auke mjølkeproduksjonen har vore ei viktig drivkraft for jærbonden i etterkrigstida. Å vere driftig og hardtarbeidande har vore eit kjenneteikn ved jærbonden, og er det framleis. Jærbonden er handlingsorientert, men han treng også handlingsrom. Til ein viss grad har han det.
Denne kommentaren er skriven på bakgrunn av artikkelen i Bondevennen 27. august, der kleppbonden Geir Jone Pollestad meiner at bøndene no mistar råderetten over jorda si. Pollestad refererer til fleire saker som han har hatt med kommunen og Statsforvaltaren dei siste åra. Eg skuldar å gjere merksam på at eg har vore konsulent for Geir Jone Pollestad i mange av desse sakene.

Les også: Meiner bøndene mistar råderetten

Jærbonden er handlingsorientert, men han treng også handlingsrom.

Olav Magne Tonstad

Omkamp på omkamp

Pollestad driv gard på Salte i Klepp kommune. For nokre år sidan kjøpte han ein nabogard som tilleggsjord. Med på kjøpet fekk han Saltemarkene, ei slette på vel 50 dekar, som vert nytta til beite. Midt på sletta vart det før Pollestad kjøpte garden, grave ein kanal. Han har hatt planar om å utnytte dette beitet på ein betre måte. Det har ikkje vore like lett for han. Behandlinga av sakene ber preg av omkamp på omkamp. Saltemarkene har vore godkjent som beite og spreieareal heilt sidan 1995. Geir Jone Pollestad fekk i 2017 munnleg løyve til å reinske kanalen, noko som han gjorde med gravemaskin. Kommunen har seinare i brev datert august 2019 opplyst at reinsking av kanalen ikkje er søknadspliktig. Likevel har kommunen i ettertid, etter sterkt press frå Statsforvaltaren, bedt Pollestad om å søke godkjenning, noko som han såg seg pressa til å gjere. Og Statsforvaltaren klaga på vedtaket til kommunen. Delar av Saltemarkene som vart godkjende som spreieareal i 1995 vil ikkje lenger kommunen godkjenne som spreieareal. Dei ulike sakene starta med at Statens naturoppsyn, med Jærbladet på slep, ein ettermiddag sommaren 2019 drog på synfaring på Saltemarkene, utan å varsle Pollestad. Det har vore mange saker, som no har enda opp med at Pollestad ikkje får lov til å fylle mold på tre-fire dekar av beitet, sjølv om han har ein haug med 10 000 kubikkmeter næringsrik jord liggande ved sida av fjøset. Jorda har han fått av ein entreprenør som måtte fjerna molda frå eit utbyggingsområde.

Fylgjer berre ordre

Statsforvaltaren, representert ved landbruksdirektøren, svarar til Bondevennen at dei berre gjer jobben sin. På den eine sida seier landbruksdirektøren at bøndene ikkje er i ferd med å miste råderetten over eigedomen sin. På den andre sida seier han at det arbeidet på jordet som bonden ikkje kan gjere med ei spade, må han ikkje sette i gang med før han har kontakta landbrukskontoret. Det vil seie det aller meste. Det er i dag knapt noko arbeid på ein gard som vert gjort med ei spade. Så kva med handlingsrommet?

Det som uroar meg, er den fastlåste situasjonen med steile frontar på kvar side.

Olav Magne Tonstad

Rask nedbygging av jord

Etter 16 år som jordbrukssjef i Hå, og seinare fleire år som konsulent for bønder, har eg registrert at det tilsynelatande er lett å bygge ned dyrka jord, anten det har vore til bustader, industri, skulebygningar, butikkar, vegar, jernbane, etc. Sjølv om det har blitt litt vanskelegare med åra, synest ikkje jordverntanken å ha stått så sterkt i det jærske matfatet. Den dyrka jorda, som det har teke fleire tusen år å opparbeide, må vike for utbyggingsinteressene.

Vanskeleg å få nydyrke

I den same perioden er det blitt vanskelegare å få dyrke ny jord på garden. Miljøverdiar og biologisk mangfald er viktigare, og set ein stoppar for nydyrkinga. Du kan ikkje utan vidare rekne med at du får dyrke opp ledig areal på garden din. Er du så heldig at du har eit kulturbeite på garden, må du søke til landbrukskontoret i kommunen for å få lov til å dyrke beitet. Inneheld kulturbeitet viktige blomar, levestad for fuglar, fuktige område eller andre miljøverdiar, må søknaden sendast til Statsforvaltaren til uttale. Dersom Statsforvaltaren på grunn av miljøverdiane er negativ til oppdyrking av kulturbeitet, er det store sjansar for at kommunen vil avslå søknaden. Dersom kommunen likevel godkjenner søknaden, kan du risikere at ein naturvernorganisasjon klagar på vedtaket, eller at Statsforvaltaren overprøver det kommunale sjølvstyret. Det endar ofte opp med at søknaden om nydyrking vert avslått.

Nærmare 100 000 dekar med dyrkingsjord

Trass i at bøndene har behov for meir dyrka jord og at det enno er mykje dyrkingsjord på Jæren, har det blitt vanskeleg å dyrke ny jord her. Ifølge NIBIO sitt arealbarometer for 2020 er det i underkant av 95 000 dekar dyrkbar jord på Jæren. Små areal blir dyrka kvart år, og då helst kulturbeite og fastmark. Det er få myrar som er blitt oppdyrka dei siste 20 åra. Med forbodet om nydyrking av myr vil dette stoppe heilt opp.

Geir Jone Pollestad har fått nei til å fylle mold på godkjent kulturbeite og godkjent spreieareal. Andre bønder får nei til å dyrke ny jord på garden. Miljøinteressene er viktigare enn jordbruksinteressene. Samstundes vert hundrevis av dekar på Jæren nedbygd i samband med bustadbygging, industribygging og vegbygging. Det er planar om bygging av batterifabrikk på Kalberg i Time. I Hå og Time vart ein stor vindpark bygt i eit område med myr og andre viktige miljøverdiar. Ny E-39 mellom Sandnes og Kristiansand er på teiknebrettet. Vegstyresmaktene vil ha lange og rette vegstrekningar. Mykje verdifull dyrka jord, myrar og anna areal vil gå tapt. Her er tydelegvis samfunnsinteressene viktigare enn miljøverdiar og jordbruksinteresser.

Forskriftene reduserer handlingsrommet

Dei siste 25 åra har vi fått fleire forskrifter som reduserer bøndene sin råderett over eiga jord. Forskrift om nydyrking kom i 1997. Forskrift om planlegging og bygging av landbruksveier i 1996. Kystlynghei vart godkjent som utvald naturtype i 2015. Mange andre artar er blitt godkjent som utvald naturtype. Dei ulike forskriftene og andre reglar har redusert bondens handlingsrom.

Ingen lyspunkt i sikte

Eg har ikkje tru på at det skal bli lettare å få dyrke ny jord på Jæren. Dei nasjonalpolitiske føringane med omsyn til miljøverdiar og biologisk mangfald er sterke. Skal situasjonen endra seg, må truleg politikarane på banen.

Dialog må til

Her har både dei tilsette på landbrukskontora og Statsforvaltaren sine rådgjevarar eit stort ansvar. Fordi det er dei som har makt og myndigheit, og det er dei som har det siste ordet. Dei sit også med riset bak spegelen (les: trekk i tilskot). Faren for maktmisbruk vil alltid vere der. Eg kjende ofte på den faren i dei åra eg var jordbrukssjef i Hå, og eg tråkka nok dessverre mange gonger over streken. No, som konsulent, kjem eg i kontakt med mange bønder som kjenner på avmakt i møte med landbruksbyråkratiet. Ikkje minst i saker som gjeld råderetten over den jorda som dei er sett til å forvalte. Det er utvilsamt stort behov for meir dialog mellom byråkratiet og bøndene.