Styret i Jæren Young Cowboys: Bak f.v.: Lene Topdal, Lene Iren Rangen, Magnhild Aanestad. Midten f.v.: Hanne Varhaug Helland, Bjarte Njå, Jan Ove Hole. Framme f.v.: Arild Helland, Trygve Ødemotland

Styret i Jæren Young Cowboys: Bak f.v.: Lene Topdal, Lene Iren Rangen, Magnhild Aanestad.
Midten f.v.: Hanne Varhaug Helland, Bjarte Njå, Jan Ove Hole.
Framme f.v.: Arild Helland, Trygve Ødemotland

Genuin interesse for storfe, sakn etter eit fellesskap med andre likesinna, fire eldsjeler og ungt pågangsmot. Det vart starten på Jæren Young Cowboys.

Liv Kristin Sola

 

Det heile starta i sofaen heime hjå Hanne og Arild Helland, ein novemberkveld i 2011. Lene Iren Rangen og Bjarte Njå var på besøk. Hanne og Arild er mjølkeprodusentar på Varhaug. Dei overtok heimgarden til Hanne då dei var 19 og 21 år. Lene Iren driv gard med mjølk og gris i lag med faren, mens Bjarte og far hans produserer mjølk og driv med sau på Fjøløy, i Rennesøy kommune. Alle fire er svært interesserte i kyr og mjølkeproduksjon. Alle er i starten av 20-åra.

Starten

Interessa for avl og mønstring har gitt dei muligheit til å konkurrera i mønstring av ku, både i inn- og utland.
– Me er så inspirerte av det aktive ungdomsmiljøet dei har i Danmark, og me har ofte snakka om at me saknar noko tilsvarande her heime, forklarer Lene Iren, og dei andre nikkar.
– Me ønska å etablera eit miljø der unge bønder og andre med interesse for ku, kunne samlast og diskutera fag, og ha det “jilt” ilag, seier Arild.
Dei gjorde alvor av tankane, og inviterte kuinteressert ungdom til grillkveld. Det dukka opp 50 personar. Responsen viste at dei hadde avdekka eit behov blant ungdom med interesse for landbruk. Sidan den første samlinga har frammøte vore litt varierande, men dei antar at det kjem rundt 50 i snitt.
– Det dukkar stadig opp nye ansikt, og det er stor alderspredning i gruppa, kommenterer Lene Iren.
Jæren Young Cowboys arrangerer faglege og sosiale samlingar gjennom året. Avl, mønstring av ku og kalv, kusignal, kalv, bygg og klauvhelse har vore tema på samlingane.
– Terskelen skal vera låg for å delta på samlingane. Alle skal kjenna at dei er velkomne, seier Arild.
Dei legg ikkje skjul på at det var ein tøff start. Formalitetane rundt etablering av denne type foreining må vera på plass, økonomien var ei utfordring heilt i starten, ifølgje initiativtakarane.
– Me var fast bestemte på å ikkje ha medlemskontingent, seier Hanne.
– Me har heller ikkje påmelding til dei ulike samlingane. Det er heilt bevisst, utdjupar Arild.
Utan medlemskontingent, må pengane koma frå andre stader. Pizza til 50 ungdommar kostar litt. Administrasjonsutgifter kjem dei heller ikkje utanom.

Takker for støtten

Landbruksorganisasjonane har vore positive heilt frå starten av. Dei kontakta Rogaland Fylkeskommune, og fekk lovord og økonomisk støtte.
– Etter kvart som me vart etablert, merka me at det vart stadig lettare å få støtte. No har me til og med opplevd å bli ringt opp og spurt om me ønskjer bidrag, seier Hanne, og smiler.
– Me er enormt takknemlege for all den støtta me får, anten det er økonomisk, eller i form av gratis lokale, gratis føredragshaldarar eller mat og drikke, seier Hanne.
Jæren Young Cowboys er retta mot unge mellom 15 og 35 år, som har interesse for ku, enkelt og greitt. Dei har etablert ei facebook-gruppe, og nyttar sosiale media for å informera om sine arrangement. Per i dag har dei rundt 80 aktive medlemmar i regionen. Foreininga har etablert eit godt samarbeid med Øksnevad vidaregåande skule, i Klepp kommune. Eit samarbeid som begge partar dreg god nytte av.

Inspirerer andre unge

Rykta om Jæren Young Cowboys, om aktivitetane og den gode oppslutninga, har nådd lenger ut enn Jæren og områda rundt.
– Det ringer folk frå andre distrikt, og med bakgrunn i andre produksjonar, og spør oss om råd og tips til å starta liknande prosjekt, kommenterer Arild engasjert.
– Styret består av positive og dyktige folk, og det er lett å få med folk. Me er mange styremedlemmar, og me har ulik bakgrunn og erfaringar som er nyttige å ha med seg i eit styre, seier Bjarte.
– For mange er dette første møte med organisasjonsarbeid og ein god læringsarena for å lære om styrearbeid og organisasjonsstruktur, supplerer Lene Iren.
Oppslutninga rundt dei faglege og sosiale arrangementa og den positive haldninga blant ungdommane, gir håp om at den genuine interessa for ku, kalv, mjølk og kjøt fortsatt vil stå sterkt framover.

Stikkord denne saka: