Geir Pollestad (Sp) og Dag Jørund Lønning, rektor ved HLB, diskuterer grensa for jordvern.

Geir Pollestad (Sp) og Dag Jørund Lønning, rektor ved HLB, diskuterer grensa for jordvern.

Geir Pollestad tok til orde for strengt vern av matjord under jordvernkonferanse. Han var ikkje åleine.

Jofrid Åsland

– Dette forpliktar, sa Ola Andreas Byrkjedal, leiar av Rogaland Bondelag, då festtalane hadde stilna.

«Jordvern i ord og handling», var tema for konferansen i Sola kulturhus torsdag. Rogaland Bondelag var arrangør, og hadde invitert fleire politikarar til å dele sine syn.

Ola Heistein, direktør i Norsk Landbrukssamvirke, var første føredragshaldar. Eit bilete av ei verd fullstappa med skyskrapar kom til syne på det kvite lerretet.

Tal som fortel om aukande befolkning og minkande evne til produksjon av mat vart presentert.

– Problemstillinga er det ikkje lov å bagatellisere, og ikkje lov å fornekte, sa Heistein til forsamlinga.

Torfinn Ingeborgrud, frå MIljøpartiet De Grønne, vil ha forbod mot utbygging på jordvern.

Torfinn Ingeborgrud, frå MIljøpartiet De Grønne, vil ha forbod mot utbygging på jordvern.

Strengare vern

– Me har kome til det tidspunktet at me må seie; at jordvern er viktigare enn lokaldemokratiet, sa Geir Pollestad.

Han er stortingsrepresentant for Senterpartiet og leiar av Næringskomiteen. Han peika på at partia Venstre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet meiner jordvern er eit nasjonalt ansvar.

 – Det viktigaste me kan gjere er å ikkje bygge ned matjorda. Me må få engasjement rundt dette. Jordven må løftast opp, ponegterte Pollestad.

Han peika på at ingenting gjer bøndene rikare enn å bygge ned matjord, det er heller ingenting som er meir kortsiktig enn å bygge ned matjord.

Bonden Jostein Frøyland vart trekt fram som ei lokal sak. Der bonden ikkje vil selje jorda si. Pollestad retta blikket mot Framstegspartiets folk, og peika på den private eigedomsretten.

Les og: Må me bu i matfatet?

– Me må ha langsiktige grenser for landbruk, som må gjerast viktigare. Når me har sett grenser, må dei gjerast evigvarande, sa stortingsrepresentanten.

Her er dei som delte sine tankar om jordvern: (F.v.) Pål Morten Borgli, fungerande ordførar i Sandnes, Elin Schanche, gruppeleiar i Rogaland Høgre, Per A. Torbjørnsen, gruppeleiar Stavanger Venstre, Ola Hedstein, direktør Norsk landbrukssamvirke, Dag Jørund Lønning, rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling, Ola Andres Byrkjedal, leiar i Rogaland Bondelag, og Geir Pollestad, stortingsrepresentant for Senterpartiet og leiar av Næringskomiteen.

På dagsorden

Pollestad fekk støtte av Miljøpartiet De Grønne, og Torfinn Ingeborgrud, talsperson og bystyrerepresentant i Stavanger.

– Me vil ha forbod mot å bygge ned matjord. Det har me i vårt partiprogram, sa Ingeborgrud.

Fleire støtta opp om sterkare vern av matjorda.

– Noko må me halde fast på: Me må ta vare på den jorda me har. Det er heilt avgjerande for at me kan eksistere som menneske, sa Elin Schanche, gruppeleiar i Rogaland Høyre.

Per Morten Borgli, fungerande ordførar i Sandnes (Frp) var positiv til jordvern, men ville ikkje ha låste grenser.

– Dersom me låser fast areal i disse langsiktige grensene trur eg det vert landbrukets fiende, sa Borgli.

– Me kan ikkje berre ta område på område på område, sa Per A. Torbjørnsen, gruppeleiar Stavanger Venstre, til eit landleg bilete frå 50 år sidan.

Ola Andres Byrkjedal, leiar av Rogaland Bondelag, var nøgd med konferansen.

– Me har vore med å sette jordvern på dagsorden. Jordvern er ikkje ei bondesak. Her hendlar det om politisk vilje. Det nyttar ikkje berre med store ord, sa Byrkjedal.

Les meir om Jordvernkonferansen i Bondevennen utgåve 41 og 42.

Stikkord denne saka: