Fôrar fram kje: Ein ny stålhall har gjort det mogleg for Sverre (f.v.), Halvor, Asgerd og Kirsti å ta imot kje frå andre i tillegg til eigne.

Hjå Kirsti Sandland og Sverre Noraberg i Tokke i Telemark, lever killingane det gode liv.

Liv Kristin Sola

Kirsti og Sverre avlivar ikkje lenger kje. For to år sidan investerte dei i ein stålhall. Ei investering som gjorde det mogleg å fôre fram eigne killingar, i tillegg til å ta imot kje frå andre bønder.
– Alle kan levere kje til slakt. Utfordringa er at få har plass og høve til å fôra kjea fram til slakt, forklarer Kirsti.

Sjeldan vare

Kjøt frå kje er ikkje kvardagskost på middagsbordet i norske heimar. Smaken av marinert killinglår er heller sjeldan å sjå på restaurantane sine menykart. Og ein skal leite ei stund for å finne kjekjøt i matbutikkane. Tilgang til kje er i utgangspunktet stor, men utan ein marknad vert det ikkje god butikk å fôra dei fram til slakt. For dei aller fleste geitebønder har einaste løysing vore å avlive kje dei ikkje skal nytte i eiga besetning. Slik har det vore, lenge. Men Kirsti og Sverre ville det annleis.

Det handlar om økonomi

Å ha kje i lag med mjølkegeitene er ei dårleg løysing, spesielt på grunn av fare for smitteoverføring mellom geit og kje. Kjea må ha sin eigen plass og fôrast fram på mjølkeerstatning.
– Utfordringa er å få god nok lønsemd i drifta, noko som gjer det vanskeleg å gjera investeringar, seier Kirsti.
I 2014 vart det innført eit tilskot på 300 kroner for kje over 3,5 kg slaktevekt.
– Tilskotet er heilt avgjerande for å få lønsemd i å fôre fram kje til slakt, understrekar Kirsti.
I fjor slakta dei 77 kje, noko som ga eit dekningsbidrag rundt 20.000 kroner. I år har dei slakta 154 kje. I tillegg til mjølkepulver har det så langt gått om lag ein storsekk kraftfôr og 5000 kroner i ekstra straum. Dei siste 47 killingane skal sendast i midten av juni.
– Det var ikkje så lett dette med klasse og vekt, kommenterer Kirsti.
Optimal slaktevekt er mellom fem og ni kilo. Då er levande vekt passert tolv kilo, og kjea er mellom to og tre månadar gamle. Ho innser at dei må vege litt meir nøye til neste år, for å treffe betre på vektene.

Livets rett: Her på garden vert killingane teke godt vare på. Målet er at kjøt frå kje vert ettertrakta på middagsbordet i norske heimar.

Eigen hall til framfôring

Nybygget er ein uisolert stålhall på 200 m2 og ein prislapp på rundt ein million. Innovasjon Norge og Tokke kommune ga begge tilskot på 300.000. Begge partane såg på investeringa som meir enn ein forretningsidé. Avliving av kje er etisk krevjande og ikkje bra for næringa sitt omdømme.
Inne i hallen er det lyst og høgt under taket. Kirsti kjøper halm og deler opp bingane etter kor mange kje dei har. Kirsti sørger for fri tilgang til grovfôr og kraftfôr. Ein mjølkeautomat tek seg av mjølkefôringa. Automaten er plassert i eit isolert rom.
I snitt får geitene 1,9 levandefødde kje. Kjea vert teke frå rett etter fødsel. Dei får råmjølk og deretter Pluss Ulla Mjølkeerstatning fram til dei er seks til åtte veker gamle. Ho reknar ein halv sekk (12,5 kg pulver) per kje, til ein kostnad på 750 kroner per sekk.
– For meg er det viktig at mjølkeerstatninga er produsert på norske råvarer, understrekar Kirsti.
Den første puljen med killingar kom til gards tidleg i januar. Aller helst vil Kirsti ta imot kjea berre dagar gamle. Slik får ho hand om heile framfôringa.

Teksten er eit utdrag frå ein større reportasje som var på trykk i Bondevennen 23/24 – 16. juni 2017

Stikkord denne saka: