BN+

God støtte: Glenn Torland har god støtte i faren Kjetil Torland (i svart, bak porten). – Far syter for at eg får den sauen eg vil ha, og gir meg også tips og heiarop undervegs, seier Glenn.


Førre helg stod i sauen sitt namn, med klippemaskinar som dura, føter som dansa, og ull som føyk. Bondevennen var med då Glenn Torland deltok i NM i saueklipping og ullhandtering for femte gong.


Jane Brit Sande


Det var reine folkefesten i Varhaughallen på Jæren for ei veke sidan, då NM i saueklipping og ullhandtering gjekk av stabelen. Ikkje mindre enn fem lokallag i Sau og Geit stod for gjennomføringa av arrangementet: Sandnes, Time, Gjesdal, Sør-Jæren og Nærbø.

Femte NM

Åtte månadars planlegging, 800 sauer, 170 frivillige og 68 deltakarar dannar ramma for meisterskapet. 24 år gamle Glenn Torland frå Klepp i Rogaland, er ein av saueklipparane som stiller til dyst.


– Eg er rimeleg sikker på at eg kjem til semifinalen, seier Glenn når Bondevennen møter han eit par veker før konkurransen.


Han har vore saueklippar sidan han var 16, då faren, Kjetil Torland – også ein røynd saueklippar, melde han på eit klippekurs. Sidan har den unge mannen vore hekta.


– Min første konkurranse var EM i Skottland i 2014. Eg hadde klipt ti sauer, seier Glenn.


Han er nå klar for sitt femte norgesmeisterskap.

Fleire klassar

Norgesmeisterskapet er delt inn i klasser, der saueklipparane deltek i den klassen som passar deira erfaringsmengd. Nybegynnarane får plass i juniorklassen, etter kvart går dei gradane til klassane som heiter mellom, senior og open. Glenn skal vere med i seniorklassen.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,