Folk: Avvikling av pelsdyrnæringa handlar om folk. Ove Oftedal har drive med pels sidan 1961. No driv han saman med sonen, Bengt Oftedal, medan barnebarnet, Ina Oftedal (18) gjerne vil inn som tredje generasjon pelsdyrbonde på garden. Ho har vore aktiv saman med far og farfar i kampen for å behalda næringa.

Full erstatning i staden for kompensasjon basert på bokført verdi kan tvinga regjeringa til å gjera om det komande vedtaket mot pelsdyrhald. Det håper i alle fall stortingsrepresentant Geir Pollestad.

Sjur Håland

– Erstatningsordninga som nå ligg føre er langt frå i nærleiken til å dekka dei faktiske tapa i pelsdyrnæringa. Der ligg håpet. Den dagen regjeringa blir tvinga til å betala full erstatning, vil dei heller bruka pengane på sjukehus, vegar og skular enn å avvikla ei lønsam eksportnæring med god dyrevelferd, trur stortingsrepresentant og leiar av Næringskomiteen på Stortinget, Geir Pollestad.

Siste runde

Kampen om pelsdyrbøndene sin lagnad er inne i siste runde. Stortinget si sluttbehandling om nedlegging og kompensasjonsordning er venta før sommarferien. Førre veke inviterte Pollestad til uformelt møte på pelsdyrfarmen hjå Bengt og Ove Oftedal i Sola. Kring 40 personar, pelsdyrbønder og sympatisørar, valde å starta arbeidsveka i fôrsentralen på farmen.

– Ingen vil selja huset sitt til likningstakst, meinte Pollestad, og synte til regjeringa sitt framlegg om å kompensere pelsdyrbøndene med den bokførte verdien av anlegga per 31.12.2017, den dagen dei stenger ned anlegga sine.

– Dette dekker berre ein brøkdel av dei reelle verdiane. Det er ei skam at dei vil gje så dårleg erstatning.

Fleire av dei som tok ordet og stilte seg framfor mikrofonen heldt fram at saka til sjuande og sist handlar om folk. Nokre av dei frammøtte ytra seg undrande til korleis storsamfunnet behandlar menneske som «på heiderlig vis driv lovleg næringsverksemd».

Får 100.000

Dei har drive med pelsdyr sidan 1961. Saman med sonen, Bengt, har Ove Oftedal nå ansvar for 2.400 tisper og 13.500 kvelpar i minkfarmen. Det nye anlegget deira er bygd opp frå midt på 1980-talet. At regjeringa legg til grunn ei erstatning basert på såkalla bokførte verdiar er fullstendig meiningslaust, seier senior, Ove.

– Anlegget her har ein bokført verdi på 1,3 millionar kroner, medan taksten er 12 millionar kroner. Berre anbodet på riving av farmen er hjå oss 2,4 millionar kroner. Med regjeringa sitt kompensasjonsforslag til grunn, er me førespegla sitja att med 100.000 kroner som ein kompensasjon for at me må stenga ned, slutta av og mista inntekta.

Politikarforakt

Oftedal hadde planar om å selja sin halvdel til sonen, og på den måten sikra ein tilleggspensjon. Slik blir det truleg ikkje.

– Nei, nå har eg ikkje noko å selja. Dette er urimeleg, for å seia det mildt. Det blir klaga på auka politikarforakt. Eg vil seia at det er politikarane sjølv som har skulda.

Marit Epletveit, leiar i Rogaland Bondelag, var blant appellantane som tok ordet.

– Me drøymer om ei reversering av heile forbodet, og me forventar ei skikkeleg kompensasjonsordning. Ingen skal måtta gå frå hus og heim på grunn av politiske krumspring. Høgre, KrF og Frp bør og skal langskjemmast. Det er ikkje greitt å gå inn i historia ved å nekte 200 sjølvstendig næringsdrivande å driva sin produksjon. Og det er i alle fall ikkje greitt å ikkje gi dei full erstatning, sa ho.

Overgrep

– Dette er eit overgrep frå toppen. Eg lid med dei som driv politisk arbeid i Norge. Engasjementet for pelsdyrnæringa har synt at det finns mange politikarar frå dei ulike partia som vil noko heilt anna. Dei kjenner seg like dolka i ryggen som me gjer, sa leiaren i Norges Pelsdyralslag, Bertran Trane Skadsem, som krev at saka blir sendt tilbake til Landbruks- og matdepartementet for ny utgreiing.

Stikkord denne saka:
Share This