MOLDROK – drev av tørr mold grunna vind, jordarbeid – eller friskt ordskifte.
Kor blei det av visjonen?
Blir ho tydelegare? Også landbruks- og mat minister Sandra Borch varslar «kursendring» for jordbruket, men trass tiår med målsettingar om matproduksjon og busetting i heile landet, har varsellampane i næringa blinka heile vegen. Visjonar og mål ikkje er tilpassa det kompliserte samfunnet me opererer i, og tiltaka blir deretter, skriv Lars Olav Fatland.
Utviklinga innan jordbruket set politiske mål om matproduksjon, verdiskaping og busetnad i heile landet i merkeleg lys, skriv Lars Olav Fatland.
Eg er på veg inn i det nye året med sterkt ynskje om å kunna vera optimistisk. Men trugande horisont gjer det vanskeleg. Dramatiske hendingar dei to-tre siste åra har snudd opp ned på tilværet for mange. For «vanlege» folk, og for dei med hender på rattet. Eg tenkjer på pandemi, Ukraina-krig og marknadsstyrte energiavtalar, i fyrste rekkje. På prisauke. Ordet krise sviv over vatna. Det som oppi alt gjer meg litt trist og pessimistisk, er snikande tvil, som undergrev tilliten til dei som styrer. Kor godt er grepet deira? Kva tuftar dei analysane på?
Kva var visjonen?
Eg tenkjer på prioriteringar og målsetjingar som har endra seg radikalt under marsjen. Medan ein før pandemien hadde klima på topp og prioriterte kutt i CO2- utslepp, snakka ein paradoksalt nok mest om å koma tilbake til normalen eit drygt år seinare. Eg tenkjer på utforming av mål og visjonar. Det har poppa fram ein skog av null-visjonar, og det blir tala varmt om eit nullutsleppsamfunn rundt næraste hjørna. Men så syner enkel statistikk at klimagassutsleppa har minka minimalt dei siste 30- 40 åra, endå store pengar er investerte for nett å få til det.
Undervegs mot det grøne skiftet har det så langt kosta meir enn det smakar. Og vidare, mobbetala er framleis høge, mange druknar og mange døyr i trafikken. Det får ein til å tenkja at visjonar og mål ikkje er tilpassa det kompliserte samfunnet me opererer i, og at tiltaka blir deretter. Det blir skapt inntrykk av at ambisiøse mål fungerer som sminke for å roa folk og som eit slags alibi for å kunna halda fram som før.
Lange, blinkande linjer
Me er inne i ei dyrtid der «vanlege» folk og mange bransjar slit økonomisk. Jordbruket er ein av desse bransjane, og lat oss stoppa litt der. Sterk prisauke på driftsmiddel utan tilsvarande inntektsauke, skaper pressa – og tidvis dramatiske situasjonar. Denne ferske situasjonen kjem i enden av langsiktig trend. I eit drygt 50-årsperspektiv er det ikkje nytt med blinkande varsellampar innan jordbruket vedrørande dårleg økonomi, aukande gjeld. Nedlegging, fråflytting og harde, sentrale pålegg som legg press på naturleg ressursgrunnlag er etter kvart velkjende problemstillingar. Denne negativt lada miksen kan utvidast gjennom stikkord som nedbygging av jord, artsbortfall og svekking av naturgrunnlag.
Ambisiøse mål fungerer som sminke.
Sjølv Gudbrandsdalen blør
Utviklinga innan det nasjonale jordbruket set politiske overordna mål om matproduksjon, verdiskaping og busetnad i heile landet i merkeleg lys. Distriktsjordbruket blør, og endå til sentralt plasserte Gudbrandsdalen, med sine rike jordbrukstradisjonar, står fram som sterkt eksempel på eit aktuelt tidsbilete: Samvirkeverksemder som flaggar ut til meir sentrale strok, og streng og kostbar lausdriftsføreskrift som driv mjølkebønder i dalen frå næringa. I sum synleggjer dette at stordrift og marknadsliberalisme fremjar sentralisering, og undergrev politisk vedtekne målsetjingar.
Berekraft på ekte
Vanskelege tider driv fram klårsyn. Som at norsk jordbruk for å overleva og for at politiske målsetjingar skal kunna oppfyllast, lyt tuftast på statleg støtte, import vern og naturgjevne ressursar. Og at det blir skapt økonomiske rammer for å få dette til.
For å konkretisera: Eit fornuftig og sjølvsagt mål bør vera at bonden på stor og middels stor gard kan driva lønsamt innanfor garden sine eigne ressursar. Det vil gjera omgrepet berekraft meiningsfullt, og det vil, ikkje minst, bryta den vonde sirkelen der bønder må jakta areal og tilleggsfôr for å stetta tøffe effektivitetskrav, og der også rasering av eksisterande jordbruksmiljø er ein av konsekvensane.
For å utvida perspektivet litt: Jordbruket er grunnsteinen for busetnad i heile landet og ber dessutan i seg lang tradisjonsline som omfattar kultur, livsform og knoppskyting i form av anna næringsliv.
Og til slutt det store biletet: I den aktuelle debatten med blinkande varsellys, er overforbruk av natur og ressursar heitt tema. Slik må det gjerne bli når den største drivaren i tida er vekst og stadig meir vekst. Der tilstanden blir målt i brutto nasjonalprodukt med aktivitet og forteneste som viktigaste parameter. Og der ressursbruk kjem i andre rekkje.
Lars Olav Fatland, pensjonert lærar og bonde, Vanvik