image description

– ME HAR HATT ORDNA ARBEIDSTID frå dag ein, fortel Svein Hjelmeland, frå Omvikedalen i Kvinherad, i denne utgåva av Bondevennen. Han er part i ei mjølkesamdrift som har utvikla eit robust arbeidsopplegg. Det synest som om profesjonell arbeidsorganisering og ordna fritid er eit viktig suksesskriterium for samdrifta og for å få til eit vellukka generasjonsskifte.

Utgangspunktet var det vanlege. Fem mjølkeproduksjonsbruk med for liten produksjon til å investere kvar for seg. Dei søkte saman, og fann ei framtidsretta løysing. Det opna for å bygge ut med moderne bygningsløysingar og å ta i bruk ny teknologi. I botn ligg at produksjonen er tilpassa ressursgrunnlaget i nærområdet.

DISTRIKTJORDBRUKET er avhengig av å utvikle kreative løysingar for å vera framtidsretta. Dette handlar både om å finna løysingar som er økonomisk gagnbare, og som tek vare på bondefamilie og fagmiljø. Det var ei positiv erfaring å møte bøndene i Omvikedalen. Det er liv på gardane og dei såg ikkje på seg sjølve som siste generasjons bønder. Tvert imot, dei har bygd opp eit arbeidsmønster som appellerer til neste generasjon å gå inn i.

Ein kan stille spørsmålet; fører ikkje samdrift til strukturendring og avfolking av bygdene? Svaret er både ja og nei. Vi kan definere den teknologiske utviklinga som ein trussel eller ein mogelegheit. I tilfellet Omvikedalen, skjer det ei strukturendring, men dei held oppe fagmiljøet, produksjonen og kulturlandskapet, og det bur folk i husa. Færre blir att som aktive bønder, men folka som går ut i anna arbeid blir buande på gardane, og kjenner ansvar for jordbruksdrifta gjennom eigarskap.

BØNDENE ER sjølvstendig næringsdrivande, der kvar og ein vel sin veg. Med dei store driftseiningane som blir bygd opp, knakar det tradisjonelle bilete av familiejordbruket i samanføyingane. Vi må vera ærlege på at kartet ofte ikkje lenger stemmer med terrenget. Bare unntaksvis er både mann og kone fulltidengasjerte i gardsdrifta. Og undersøkingar syner at arbeidsbidraget frå borna vanlegvis er mindre enn tidlegare. Utfordringa blir takla på ulikt vis. Moderat utbygging kan møtast med ny teknologi og gir som resultat at ein handterer større produksjon med eigne / familien sine ressursar. Løysinga for nokre blir to-generasjonsbruk. Ved større utbyggingar vel mange modellen med utanlandsk arbeidskraft og fast tilsett(e). Og nokre vel modellen som vi skriv om frå Omvikedalen. Her er det snakk om å finna modellar som over tid er robuste, og som gir eit greitt liv for brukar, familie og tilsette.

POLITIKSE ramevilkår blir avgjerande for overlevingsevna til dei strukturane som er drøfta og for framtidige vegval. Uansett må det ligge eit økonomisk grunnlag i botn for den modellen som blir valt. Når gjeldande politikk har ei smal tilnærming, med einsidig merksemd på billeg mat, og krav til effektivitet kan ein fort trø kortsiktig og feil. Her ligg også ei stor utfordring for næringa; å synleggjera og ha merksemd på levekåra til den viktigaste innsatsfaktoren, som alltid vil vera mennesket.

Stikkord denne saka: