BN+

Ansvaret ligg hjå bonden: Kvart år dør det 100.000 dyr på beite av «andre årsaker». Mange av desse er drepne av rovdyr, meiner Regina Brajkovic (fremst). – I dag har bonden det fulle ansvaret for å bevise at forsvunne dyr kan vere tatt av rovdyr. Slik kan vi ikkje ha det, seier Vibeke Pedersen.


Fleire sauebønder i Tokke lir store tap av til rovdyr. Men då dei ikkje finn kadaver, må dei ta mykje av tapet sjølve. No vil dei ha radiobjøller på alle dyra sine.


Liv Kristin Sola


Regina Brajkovic, frå Kragerø, og Vibeke Pedersen i Tokke, har sauene sine i same beitlag i Tokke i Telemark. Kvart år opplever Pedersen store tap, både av lam og sau, utan at dei klarer å påvise dødsårsak.


– Ofte finn vi berre dette, seier Brajkovic, og viser fram ein beinrest.


Dei har både gaupe og ørn i området, men dei finn skrottane for seint.


– Naturens eige renovasjonssystem et opp bevisa før vi klarer å spore dei, forklarar bonden.


Det hender også at sau bli jaga i døden, men er utan synlege ytre skadar. Ørna jagar dyra utanfor skrentar og gaupa kan jage på dyra til dei blir sprengt.


– Statens naturoppsyn (SNO) skal godkjenne tap, men har berre mandat til å bedømme direkte rovdyrskadar, dokumentert ved skadar i skinnet. Men vi veit at vi også har indirekte rovdyrskadar, seier Brajkovic.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , , ,