Nisjestorsatsing: Berge Sandanger frå Vekstmiljø AS, produksjonssjef i Pollinering AS, Maren Homnes Oddane, og humleekspert Karl Ivar Stangeland, håpar det blir god butikk – og god pollinering, med bol av norske, mørke jordhumler.

Det summar av liv i det gamle forsøksfjøset til Felleskjøpet på Klepp. Den nye humlefabrikken til Pollinering AS kan produsera 12.000 humlebol i året.

Sjur Håland
Foto: Bothild Å. Nordsletten

Nyleg var det nyopning av fjøset som har gjennomgått ei ekstrem forandring frå bås til bol. Storleiken på husdyra er monaleg nedskalert når det nå blir produsert humlebol i stor skala med pollineringsivrige gule og svarte humler til norske profesjonelle frukt- og grøntprodusentar. Felleskjøpet har bygd nytt forsøksfjøs på nabotomta. Dei vurderte ei tid å riva fjøset som tida hadde gått i frå.

– Slik vart det som du ser ikkje, her har det opna seg nye moglegheiter, smilar marknadssjef i Felleskjøpet Rogaland Agder, Jan Maldal, som saman med deleigar Vekstmiljø AS, kor FKRA er hovudaksjonær samt Biobest, har levert utstyr til det nye anlegget.

Fart på vengjene

Ei humle frå Pollinering AS er ein effektiv pollinator. Om ho til dømes sit på ein bringebær-blom, slår ho med vengjene 200 gonger i sekundet. Det er ganske mykje, og det løsnar ein del pollen, for å seia det slik.

Stor kapasitet

Båsar og bingar er fjerna. Fjøset med singelstrødde elementvegger frå 1974 minner for eit utrent auga mest om eit høgteknologisk laboratorium om ein stig innføre i produksjonslokalet. Humleprodusenten har ein 20 års leigeavtale med Felleskjøpet på det 500 kvadratmeter store tidlegare fjøset.
Pollinering AS har tenkt langt fram og stort. Som ein av to produsentar av humlebol her til lands, reknar selskapet med å veksa. Anlegget, med tre tilsette, har kapasitet til å levera 12.000 humlebol i året.

– Det er langt meir enn behovet i dag kor me årleg leverer 2000 bol, seier produksjonssjef i Pollinering AS, Maren Homnes Oddane.

Biobest og Vekstmiljø

Nestoren bak humleproduksjonen er Karl Erik Stangeland, som saman med to andre starta produksjon av bol på Mossige i Time på 1990-talet. I 2003 flytte han humler og bol til ein tidlegare for svarsgarasje på Taksdal. Hausten 2019 kjøpte Sandnes-firmaet Vekstmiljø AS og den store belgiske nyttedyrprodusenten Biobest, Pollinering AS. Biobest eig i dag 51 prosent, medan Vekstmiljø sin eigardel er på 34 prosent.
På innsida av det gamle forsøksfjøset har selskapet løfta standarden på produksjonslokale og auka kapasiteten. På grunn av faren for genetisk forureining av dei 35 norske humleartane, kor fleire er vurdert som trua arter, er det ikkje lov å importere humlebol frå andre land. Dermed melder behovet seg for norske humleprodusentar.

Pollen og sukkervatn

Humlefjøset på Klepp er ein pottetett «fabrikk» med moderne klimastyring. I alt er det 16 høgteknologiske klimarom kor produksjonen går føre seg.
Dei små skapningane som byrjar tilværet som dronninglagde egg i ein plastboks i klimaromma på Klepp, der fôringa består av sukkervatn og pollen, er av det effektive slaget. Humlene kan gjera same pollineringsjobben som fem honningbier når dei byrjar tenesta i gartneri og frukthagar.

– Målet vårt er å produsera humlebol av beste kvalitet til ei kvar tid, seier Homnes Oddane.

Pollinering AS leverer humlebol i tre storleikar til den profesjonelle marknaden.

Frå bås til bol: Dainis Apinis (t.v.), og Viorika (Nika) Dohotar (t.h.) har mange års erfaring frå Karl Ivar Stangeland sin humleproduksjon. Dei to er uunnverlege for produksjonssjef Maren Homnes Oddane når ho tek styringa i nye lokale. Bol på rekke og rad i bakgrunnen.

High tech: Asbjørn Mæland frå Felleskjøpet, som var med å byggje opp humlefjøset, forklarer klimasystemet på veggen. Det raude lyset forvirrar eventuelle lause humler

Nytt bol: Humledronninga rugar på egg og pupper medan ein nyklekt arbeidar kravlar rundt.

Stikkord denne saka: