Jærkysten: Jærkysten, frå Ogna i sør til Ølberg og Solastranda i nord, er eit av dei 17 landskapa i Rogaland som er registrert i KULA. Foto: Bjørn Georg Øie

Riksantikvaren jobbar med ein oversikt over landskap av nasjonal interesse. Dette omfattar i mange område landbruksjord, og registreringa skapar uro blant bønder. No vil Riksantikvaren rydda opp i det dei meiner er misforståingar.

Jane Brit Sande

Klima- og miljødepartementet har bede Riksantikvaren om å lage eit landsomfattande oversyn over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse, forkorta til KULA.
I Rogaland er det føreslått 17 kulturhistoriske landskap, frå høgfjell til fjord og ytterkyst. Aktive landbruksområde, som til dømes Jærkysten, Randabergkysten, Rennesøy og Mastrafjorden, Høgjæren og Ørsdalen-Kvitlen er på lista.
Registreringa skapar støy. Lokale bønder har stått fram i media og uttrykt uro for kva KULA-status vil ha å seie for noverande og framtidig drift i områda. Leiar i Rennesøy Bondelag, Guttorm Gudmestad, sa nyleg til Bygdebladet at «Dette blir en katastrofe for ikke bare landbruket, men også resten av befolkningen på Rennesøy fordi vi vil bli båndlagt på flere felt».

Trist

Leidulf Mydland, seksjonssjef hjå Riksantikvaren, har lagt merke til uroa blant bønder i Rogaland. Mydland seier at KULA skal ivareta og sikra landbruket i dei utvalde områda.

– Det er trist at enkelte bønder i Rogaland ser på Riksantikvaren som ein motstandar, når det faktisk er slik at me oftast har felles interesser, og svært sjeldan motstridande, seier Mydland.

– Jordvern, motstand mot uheldig utbygging, og å sikra og vidareføra heile spekteret av landbruket er i Riksantikvaren si interesse, så vel som landbruket, seier han.

KULA-registeret er ikkje ein verneplan, og landskapa vert ikkje freda eller verna ved at dei vert med. I følgje Riksantikvaren sitt eige informasjonsskriv, er KULA eit signal om at det er viktig å ta omsyn til landskapsverdiane. Det skal vere eit kunnskapsgrunnlag som kommunane og andre etatar kan nytta i arealplanlegginga si. Vidare skriv dei at det er viktig at landskapa framleis er i drift og at jorda og skogen vert driven vidare.

Leidulf Mydland
Foto: Privat

– Registeret skal vere ei samla oversikt over nasjonalt viktige landskap, som må utviklast på rett måte. Det betyr at det også skal ivareta og styrka landbruket i området, seier Mydland.

– Landbruksdrift er riktig bruk av landskapet, understrekar han.

Svært mange av KULA-områda er jordbrukslandskap.

– Derfor er KULA i landbruket si interesse, då det i praksis vil vere eit reiskap for at jordbruket skal halde fram i desse landskapa, seier Mydland.

Vindmøller

KULA-registeret skal bidra til utvikling som varetek verdiane i landskapet. Det betyr at store og uheldige strukturendringar i dei utvalde kulturhistoriske landskapa, ikkje er ønskeleg. I følgje Riksantikvaren starta arbeidet med KULA i kjølvatnet av «monstermastene» i Hardanger. Kraftlina mellom Sima og Samnanger var særs omstridt, og vart vedteken av regjeringa i 2010.

– Når det skal planleggast bygging av veg, jernbane og vindmøller i dei viktige kulturlandskapa, vil KULA-registeret vere eit signal til kommunane og utbyggar om at store verdiar står på spel, og at desse må takast vare på i den vidare planlegginga, seier Mydland.

I arbeidet for vern av matjord, kan KULA vere eit viktig kort på handa.

– Dersom ein kommune til dømes føreslår byggefelt i eit landbruksområde i KULA, kan det i retningslinjene for einskilde område koma fram at det er eit uønskt inngrep i landskapet, seier Mydland.

Driftsbygningar

Bondevennen kjenner til at bønder på Jæren fryktar at Riksantikvaren med KULA kan legge seg opp i bygging av driftsbygningar eller andre bygg på garden. Dette er fordi det i høyringsutkastet til Riksantikvaren står at «nye bygninger i forbindelse med landbruksdrift bør søkes plassert nær eksisterende tun og bør tilpasses eksisterende bygningsmasse og terreng».

– Det er ikkje vår intensjon å hindra at bønder får bygge nya driftsbygningar. Riksantikvaren erkjenner fullt og heilt at landbruket treng utvikling, seier han.

Det er kommunane som har ansvar for plan- og bygningslova.

– Dei har ansvar for å tenka på plassering i tun og landskap, utforminga av sjølve bygget, og koma med innspel om eventuelle justeringar. Riksantikvaren vil ytst sjeldan overprøva vedtak om driftsbygningar, drift, eller liknande, lokalt. I første rekke om tiltak kjem konflikt med freda anlegg, seier Mydland.

Det er fleire døme på godt bevarte gardstun som ligg i KULA-område. Mydland understrekar at det ikkje er KULA- retningslinjene som kan seie nei til eventuelle byggeplanar her. Landskapsregisteret skal vere eit bidrag til kommunen sin planleggingsarbeid.

– KULA inneheld retningsliner til kommunane på eit overordna nivå. Dei viser intensjonen til Riksantikvaren, men skal ikkje detaljstyre, seier Mydland.

– Sikra ei god utvikling

Mydland meiner at bonden sine ønsker og handlingar i stor grad er i tråd med KULA, og at registeret derfor er med på å sikra bonden sine interesser.

– Me vonar at KULA også kan blir eit reiskap for å sikra ei god utvikling i landbruket, seier han.

Riksantikvaren er oppteken av at seterdrift og heiadrift skal halda fram, og at utmarka skal halda fram som eit viktig areal i drifta på gardane.

– Mangfald og gløymde driftsformar er viktig for Riksantikvaren. Me set pris på både hesjing av høy og kvite rundballar. Begge deler tydar på at jorda er i drift. Det siste me ønsker er brakklegging, seier Mydland.

– Svært skeptisk

Jone Fosse, leiar i Time Bondelag, seier at bønder og grunneigarar fryktar at KULA berre vil bety meir byråkrati.

Alle grunneigarane innanfor KULA-sona i Time har fått brev frå kommunen med informasjon om Riksantikvaren si høyring om registreringa. Fleire av dei har tatt kontakt med kommunen eller Bondelaget for å få vite meir om kva dette ville bety for dei.

– Dette førte til at Bondelaget, i samarbeid med Time kommune, inviterte til eit møte der Fylkeskommunen ville orientere om KULA. Trass kort varsel, møtte det heile 55 personar, seier Fosse.

Bønder i Time er uroa for om KULAstatus er eit første steg mot vern. Dei fryktar at dei seinare får problem med avgrensing for jordbruksdrift.

– Riksantikvaren seier at KULA ikkje er eit vern. Men kva er då føremålet med den? Me fryktar at denne statusen vil legitimera avslag på nydyrking og nybygg, til dømes, seier Fosse.

– Kvifor trur du det, når Riksantikvaren seier i alle fora at dette ikkje er eit vern?

– Viss det ikkje skal vere eit vern, eller for å avgrensa landbruksdrift, kva er då poenget med registreringa i det heile? Det lurar me på, seier Fosse.

Jone Fosse

Stussar over grensene

Fosse seier at fleire av grunneigarane i Time stussar over kor grensene er sett.

– Dei har sett ei grense rundt Lende, Hadland og så vidt Sæland. Me ville jo heller hatt Kvernaland og Kalberg, som er truga av planar om etablering av datasenter på dyrkbar jord, innanfor ei slik sone, seier Fosse.

– Meir hinder og byråkrati

Bøndene fryktar at Riksantikvaren med KULA kjem med fleire avgrensingar.

– Me må allereie søka om alt mogleg me skal føreta oss på gardane. Dette vil berre bli meir hinder og byråkrati. Me er svært skeptiske til denne registreringa, seier Fosse.

Stikkord denne saka: