Søker kunnskap: Søkartalet har aldri vore så høgt ved Vinterlandbruksskulen på Jæren som i år. Lærarane trur krevjande tider i landbruket gjer folk meir kunnskapshungrige.

Landskapet vert stadig røffare for bøndene. Lærarar og elevar ved Vinterlandbruksskulen på Jæren møter utfordringane med fagkunnskap.

Jofrid Åsland, frilansjournalist

– Det er litt skummelt å tenke på framtida. Mink skal vekk, det er overproduksjon av både mjølk og kjøtt. Då vert ein ikkje så gira på å sette i gang med kjøttproduksjon. Men eg trur nok det skal gå seg til, seier Ommund Braut.

Han er elev ved Vinterlandbruksskulen på Jæren. Klassen hans har faget gardsdrift på timeplanen når Bondevennen er innom for å lodde stemninga og framtidsplanane.

– Hadde eg vore 20 år i dag hadde eg aldri våga å satse på landbruket, seier Kari Cecilie Sviland.

Ho har gard, men har arbeid utanom og haustar kunnskap ved Vinterlandbruksskulen for å betre kunne gi råd til neste generasjon.
Framtidas bønder skal manøvrere i eit krevjande landskap med politiske føringar, overproduksjon og aukande krav til dokumentasjon og standard på drifta. Slikt fører folk til skulebenken.

– Me er jo her fordi me vil bli bønder, er gjennomgangsmelodien i klassen når Bondevennen lurer på planane for framtida.

Bjørn Lende

Det viser igjen på elevtalet at mange søker kunnskap. Denne hausten var søkartalet rekordhøgt ved Vinterlandbruksskulen på Jæren og fleire elevar måtte stå på venteliste. Det er 85 elevar ved skulen.

– Eg trur det handlar om at folk vil ha kunnskap. Anten vil dei ha svaret på kvifor dei skal drive som førre generasjon eller kvifor dei vil gjere endringar for å optimalisere drifta, seier Bente Lillebø Østby, lærar ved skulen.

Høge krav til bonden

– Det er mykje større usikkerheit i bransjen no enn før, seier Bjørn Lende, lærar.

Han er sjølv bonde, og underviser i faget gardsdrift. Lende viser til overproduksjon i dei fleste av kjerneproduksjonane på Jæren. Det gjer at han skjerpar seg i møte med elevane.

– Landbruket i dag stiller større krav til meg som lærar. Det er ei større utfordring både å gi inspirasjon og råd til elevane, seier Lende.

Han kjenner seg usikker dersom han skal gi råd til unge bønder som vurderer å satse på mjølkeproduksjon med ein forholdsvis liten kvote og eit eldre båsfjøs.

– Alle vil snakke vel om landbruket i festtalane sine, men det må samsvare med dei unge sin kvardag. Frå talarstolen snakkast det om omstilling, men kva skal me omstille oss til, spør læraren.

Gjennom 30 år har han erfart ansvaret som kviler på bonden.

– Stressfaktorane og krava er mykje større enn då eg starta som bonde, meiner han.

Læraren etterlyser eit meir nøkternt forhold til kva som er realistisk å få til.

– Det er ikkje lurt å heie fram alle prosjekt, seier Lende, med referanse til produksjonar der det allereie er overproduksjon.

– Me må våge å stille dei kritiske spørsmåla, og vurdere om satsinga er berekraftig på sikt.

Vil ta vare på jorda

Læraren og bonden meiner det er avgjerande å ta vare på den jorda me har. Han viser til føringar frå FN om at landa skal syte for ein større del av eiga matforsyning. For bøndene som blir i næringa handlar det til sjuande og sist om ein ting meiner han:

– Dei må vere gode agronomar, sikre seg gode avlingar og leve opp til fleire krav. I dette landskapet er fagleg kunnskap viktigare enn nokon gong. Det ser eg på elevane mine også – dei er meir motiverte enn før.

I klasserommet seier elevane seg einige med Lende.

– Me har jo gått inn for å utdanne oss, og vil satse. Me må tilpassa oss etter dei føringane me får, seier Johannes Laugaland.

– Folk må jo ha mat, anten det er kjøt eller grønsaker. Me må produsere det dei vil ete, seier Hermann Røysland.

Jarle Løland Bråtveit meiner det meste vil gå seg til, iallfall når folk innser kor god kvalitet norsk mat har.

– Trendar med mindre kjøtt i kosthaldet kjem ikkje til å stoppe meg frå å satse på kjøttproduksjon, seier han, og legg til:

– Me bønder vil alltid vere dei få mot dei mange. Det er mange som vil ha ei meining om kva me gjer, og analysere vårt arbeid. Desto viktigare er det å ikkje bøye av, men å gå på.

Stikkord denne saka: ,