HØYR!

Kva vil eigentleg Tine med geita?

I Tine sitt innspel til jordbruksforhandlingane står det ikkje eit ord om geitemjølk.

Geitebøndene er lei av tomme ord. – No må Tine konkretisere løfta om å satse på geitemjølk. Og geita skal ta sin plass i årets jordbruksoppgjer, seier Ingolf Folven.

Liv Kristin Sola

Det starta med Balsfjordosten. Då Tine varsla at dei skulle legge ned produksjonen av den tradisjonsrike geitosten, vart det bråk. Konsernsjef Hovland prøvde å dempe reaksjonane ved å love at Tine skulle styrke satsinga på geit.

– Då dei valde å avvikle produksjonen av eit godt etablert produkt, gjekk dei eitt steg for langt. At Tine skal satse på geitemjølk har vi høyrt i mange år, men lite skjer, seier Ingolf Folven, pensjonert geitebonde i Stryn i Nordfjord, og leiar av Stryn Bonde- og Småbrukarlag.

Folven har problem med å forstå logikken, all den tid Tine verken har ein strategi for satsinga eller planar om å lansere nye produkt.

– I Tine sitt innspel til jordbruksforhandlingane står det ikkje eit ord om geitemjølk. Tine valde heller å oppmode partane om ei sterkare satsing på kjekjøt. Det følast som ei ansvarsfråskriving av Tine, seier Folven.

Det er han ikkje åleine om å meine. Takka vere geitebøndene sine sterke reaksjonar på Balsfjordosten, er diskusjonen om framtida til geita løfta fram i media og heilt inn på Stortinget. Det er 270 bruk att som leverer 20 millionar liter geitemjølk til Tine. Nyleg gjekk fire profilerte politikarar frå Senterpartiet ut med forslag til ein handlingsplan for å sikre framtida til norske geitebønder.

– På høg tid. Blir vi færre bønder no, rakna heile miljøet, åtvarar Folven.

Han lover at næringa skal bruke merksemda for alt ho er verd fram mot jordbruksforhandlingane og i samtalar med Tine.

– Kva krav har geitenæringa til årets jordbruksforhandlingar?

– Først og fremst å styrke økonomien. Mjølkeprisen må opp, og vi treng vridning av tilskota for å stimulere til betre utnytting av beite og grovfôr. I tillegg må det gjerast eit skikkeleg arbeid for å skape verdiar av kjeslakt, seier Folven.

Geitenæringa ønsker å redusere kvotetaket for geitemjølk. Dei får støtte hjå Bonde- og Småbrukarlaget som føreslår eit kvotetak på 150 tonn, samt avvikle ordninga med privat kjøp, sal og leige av kvote.

– Geit eignar seg ikkje for stordrift, i alle fall ikkje om ein skal drive slik me vil her til lands. Opphoping av store flokkar på få gir mindre landskapspleie og eit uforsvarleg beitetrykk lokalt.

Geitenæringa er no i dialog med Tine, og slepp ikkje taket før samvirket pliktar seg til ein konkret strategi for geitemjølka.

– Tine må ta ansvar og forplikte seg til ein konkret plan for produktutvikling, marknadsføring og sal, og ha eit klart mål for volumauke. Dei må evne å auke salet av geitemjølk slik at forholdstalet løfter seg frå 0,94 og stabiliserer seg rundt 1,0. Og så må vi få Balsfjordosten attende i butikkhyllene, seier Folven.  

Stikkord denne saka: