Journalisten har freista å fange lamminga med både penn og kamera.

 

Jofrid Åsland

 

Det vakre eventyret har alltid ein roleg start. Eg går der og vaktar som ei verpesjuk høne. Heilt sikkert mykje meir verpesjuk enn søyene sjølv. Med granskande blikk vert dei nøye vurdert, kanskje kjem det eit lite lam snart?

Så plutseleg er lamminga i full sving, og høggiret må settast inn. Lamma sklir ut i alle kantar. Det eine vakrare enn det andre. Det skulle vore tid til å ta inn over seg livets under, som repeterer seg gong etter gong i sauehuset kvar vår. Minutta går i rakettfart og døgna glir inn i kvarandre.

Søvnmangel er ein kjend ingrediens i ei kvar lamming. Det er viktig at dyra får nok tilsyn, og søvnen er det lettaste å prioritere ned. Kroppen går på autopilot, og andletet skiftar farge til ein noko gråare variant. Eg er sikker på at eg ville teke meg veldig dårleg ut på skjult kamera i denne perioden av året. «Er du heilt idiot? Forstår du ikkje at du skal drikke her?» Kan eg ta meg sjølv i å seie til eit lam, som strevar med å få i seg mjølk frå mora. Det er ikkje fordi eg ikkje har respekt for lammet. Det er fordi eg sitt krokrygga midt på natta med ein sau, som sprett rundt som ein sprettball. Fordi eg berre har sove fire timar det døgnet, og fordi eg så gjerne vil at også dette lammet skal få ein god start.

I denne travle tida liker folk å stikke innom garden. Noko som er svært triveleg. Eg ser ut som eg har vore gjennom ein krig, og det same gjer heimen. Eit smil, og ein samtale, der eg ikkje hugsar heilt kva me snakka om, plar berge situasjonen. Det er klart venner og kjende skal få sjå lamma, men dei får ikkje komme inn i huset mitt. Der går grensa. Rydding og vask står ikkje høgt på agendaen i april-mai. Konfirmasjonar og 17. mai kjem også tett på lamminga, og like overraskande kvart år. Heile familien skal i finstasen. Barna har sjølvsagt blitt lengre, og både finsko og bunad er noko trongt. Likevel kjem me alltid av garde, litt for seint og litt for stressa. Neste år skal eg vere førebudd på dette, tenker eg, igjen.

No er dei vakre spretne kledde i ull ute på grøne, litt for fuktige, beiter. Me har hatt ein slags vår, og den såkalla sommaren skal vere i gang. Hjernen byrjar å få tilbake ein del av normalfunksjonane etter lamminga. Eg har blitt van med å sjå folk, vere på kontoret og har fått vaska huset. Eg har eit mål om å møte vårens konfirmasjonar og 17. mai-feiring meir førebudd neste år. Det er lov å håpe.

 

 

Stikkord denne saka: