Lars Petter Bartnes er ny leiar av Norges Bondelag.

Lars Petter Bartnes er ny leiar av Norges Bondelag.

– Eg er motivert for å stå i spissen for Norges Bondelag, sa han.

Jofrid Åsland

Torsdag vart Lars Petter Bartnes, frå Steinkjer, valt til ny leiar av Norges Bondelag.

– Eg er audmjuk og motivert, fortalde Bartnes til Bondevennen om den nye oppgåva som ligg føre han.

Arbeidsdagens hans startar allereie i morgon, fredag. Endeleg avgjersle i jordbruksoppgjeret står for tur.

– Det er mykje å sette seg inn i, sa den nye leiaren.

Han varslar ingen radikal kursendring i Bondelaget, og peikar på at det er årsmøtet som stakar ut kursen. Vidare skal styret i Bondelaget jobbe vidare på den kursen.

– Me vil stå støtt ved målet om å produsere meir mat på ressursane som veks i landet vårt, understreka Bartnes

 

Motforslag

Det var fleire som meinte at fordelinga av representantar i styret vart feil med tanke på geografi og typar produksjon.

– Det er merkeleg at me ikkje skal ha nokon frå sør, sa Kjell A. Sølverød, Fylkesleder Telemark, frå talarstolen. Han føreslo Per Hillern, frå Sogn og Fjordane, som motforslag til Jan Gunnar Eilertsen, frå Nordland.

– Det er ikkje til å legge skjul på at me i Rogaland vart skuffa då me såg innstillinga. Eg oppmodar styret og årsmøtet om at me står samla om det valnemnda har føreslått. Me forventar at denne fordelinga vert retta opp ved neste korsveg, og at me får inn vår mann frå Rogaland, Arnstein Røyneberg, i hovudstyret, sa Ola Andres Byrkjedal, leiar av Rogaland Bondelag.

Asgeir Slåttnes, Fylkes leder Troms, sa til forsamlinga at det er heilt rett med ein representant frå nord, medan bondelaget i Hordaland stilte seg bak Per Hillern.

Valnemnda forklarte at dei hadde tenkt på geografi og ulike produksjonar i samband med val av kandidatar.

Jan Gunnar Eilertsen fekk flest stemmer under avstemminga.

 

Det nye styret i Norges Bondelag er desse personane:

Leiar: Lars Petter Bartnes.

1. nestleiar: Kristin Ianssen.

2. nestleiar: Brita Skallerud.

Styremedlem: Jan Gunnar Eilertsen frå Nordland.

Styremedlem: Bjørn Gimming (Østfold).

Styremedlem: Gustav Grøholt (Hedmark, Norske Felleskjøp).

1. varamedlem: Arnstein Røyneberg (Rogaland).

2. varamedlem: Birte Usland (Vest-Agder).

3. varamelem: Per Hilleren (Sogn og Fjordane).

 

Arne Magnus Aasen vart ordførar, og Kari Borghild Engene Løstegård (Buskerud) vart leiar av valnemda.

Stikkord denne saka: