Topp stemning: Om lag 160 bønder frå heile Agder koste seg i hallen på Konsmo sist fredag.

Mykje laber stemning i jordbruksmiljøet til tross – bonde Thorvald Handeland er fødd optimist. Det blir det plutseleg fest av.

Bothild Å. Nordsletten
Alle Foto: Sigbjørn Vik

– Det var fantastisk. Det kom om lag 160 folk, frå Lista til Kvinesdal, Hægebostad…

Thorvald Handeland kvitrar etter festen førre fredag i ein fleirbrukshall på Konsmo i Lyngdal kommune. I lengre tid hadde han observert korleis kollegaer i regionen har gått å «sparka i singelen», som han seier det. Stemninga har vore litt laber, i stille forventing over kva vårens jordbruksoppgjer måtte bringa. Ein del har snakka om korleis kostnadsauken påverkar bøndene sin psyke. Som sjølverklært «fødd optimist» ville Handeland gjera noko, løfta stemninga.

– Eg ser aldri mørkt på ting, men me har ikkje vore gode nok til å bakka kvarandre opp, seier han.

Og dermed inviterte han til fest.

Fest-fiksarar: Initiativtakar Thorvald Handeland med eit godt grep om kveldens kulturinnslag ved blues-og humorduoen Erik Slim Zahl (t.v.) og Leif Arild Steen.

Stor sponsorvilje

«Du som bonde er utrolig velkommen til en gratis helaften med blues, sunt bondevett og grunn til optimisme», stod det i invitasjonen, som gjekk ut til alle bønder, uavhengig av produksjon eller samvirketilknyting.

– Og så bad eg også med tankbilsjåførane, dyrlegane og rådgjevarar, legg Handeland til.

Han kontakta Åseral, Lyngdal og Hægebostad kommunar. Alle sa ja til å sponsa arrangementet. Ja sa også Åseral, Audnedal, Hægebostad og Agder Bondelag, samt Bonde-og Småbrukarlaget. Ja sa også Nortura, som stilte med både mat og Stian Espedal som diska opp. Og ja, sa også Tine, som stilte med edrueleg drikke. Gjensidige stilte med fem hotellovernattingar som var lodda ut. Duoen Steen og Zahl frå Ryfylke sytte for både blues og latter. 

Fritt for politikk

– Me hadde gitt beskjed om at det ikkje var lov å snakka om negativt lada ting som politikk eller subsidiar. Og folk koste seg, der dei sat og snakka i lag. Faktisk er det mange som i ettertid var glade for at arrangementet ikkje hadde noko «tema». Dei sette pris på å sleppe å sitja gjennom eit «emne» før det sosiale samveret kunne ta til, seier Handeland.

Han meiner ein fest som dette gir mykje motivasjon.

– Me må faktisk snakka meir om bondevelferd. Me har dei som går rundt og kontrollerer dyrevelferda, men kva med bonden? Det burde vera ei plikt for samvirka å syta for bondevelferda.

Om bønder andre stader burde prøva det same?

– Eg kan absolutt anbefale dette på det sterkaste. Du har ingenting å tapa på det. Men for å arrangere det heile må du ha god kontaktflate og lika å ringa mykje i telefonen!

Alt no er det fleire festdeltakarar som vil gjenta suksessen neste år. Handeland seier han vurderer grillfest i det nye fjøset som reiser seg på garden. At behovet for fleire sosiale tilstellingar er der, er det iallfall ingen tvil om.

Kokkelerte: Den aldri kvilande Norturaambassadøren Stian Espedal sytte for mat og motivasjon.

Stikkord denne saka: