– Problem med lause hundar i heiane er aukande, er tilbakemeldinga Ola Andreas Byrkjedal får frå bønder med sauer på beite til heis. (Illustrasjonsfoto.)

– Problem med lause hundar i heiane er aukande, er tilbakemeldinga Ola Andreas Byrkjedal får frå bønder med sauer på beite til heis. (Illustrasjonsfoto.)

Leiaren av Rogaland Bondelag fortel at mange hundeeigarar ikkje respekterer bandtvangen.

 

Jofrid Åsland

 

Ein sauebonde på Hellstø i Rogaland avliva ein hund i beitemarka si denne sommaren. Denne saka har fått store oppslag i media. Ola Andreas Byrkjedal, leiar for Rogaland Bondelag, vil ikkje kommentere denne konkrete saka. Han vil likevel gi eit generelt bilete av korleis konflikten mellom sauehald og hundehald er i dag.

– Problem med lause hundar i heiane er aukande, er tilbakemeldinga Byrkjedal får frå bønder med sauer på beite til heis.

 

Leiaren av Rogaland Bondelag bed om at hundeeigarar respekterer bandtvangen.

Leiaren av Rogaland Bondelag bed om at hundeeigarar respekterer bandtvangen.

Bed om respekt

Han ser at mange manglar respekt for bandtvangen.

– Me skal produsere mat til ei veksande befolking. Verda treng meir mat. Då må me ta i bruk dei betydelege fôrressursane som finst i utmarka, seier Byrkjedal.

Han påpeikar at lov om bandtvang òg er til for å verne om vilt, som hjort med kalv og rype.

– Saka på Hellestø er veldig trist for begge partar, men eg håper den kan føre til at hundeeigarar respekterer bandtvangen, avsluttar bondelagsleiaren, som sjølv er sauebonde.

 

I neste nummer av Bondevennen (nummer 36) skriv advokat Paul Aakre om lovverket som omhandlar sauehald og laus hund på beite.

Stikkord denne saka: