Lynkurs i heilskapleg beitedrift: Rådgivar og sauebonde, Anders Lerberg Kopstad, utfordrar bøndene med tankar som rokkar ved etablert praksis. Bøndene let seg engasjere, men somme er skeptisk til korleis tankane kan gjennomførast i praksis.

Visste du at plantene har noko å fortelje deg? – Du må sjå deg rundt og lære deg å tolke det du ser – og tenke heilt nytt om beitedrift, seier Anders Lerberg Kopstad.

Liv Kristin Sola

Kan du lese landskapet og forstå korleis ting heng saman, då kan du sette deg sjølv i førarsetet og i større grad påverke både avlingsnivå og ugraskampen. Det er bodskapen frå Anders Lerberg Kopstad som vitja Hjartdal, i Telemark, onsdag i førre veke. Kopstad er sauebonde, rådgivar og føredragshaldar blant anna innan regenerativt landbruk og heilskapleg beitedrift.
Om lag 30 bønder og rådgivarar er samla på fjøsloftet hjå Teleros samdrift. Dei vert utfordra på etablerte sanningar og oppmoda til å sjå naturen og dei biologiske prosessane i samanheng. Tema for kvelden er heilskapleg beitedrift.

– Både graset og ugraset fortel deg noko om korleis tilstanden er i jorda. Din jobb er å legge til rette for god vekst for dei artane du vil skal utvikle seg. Det skjer gjennom god tilgang til vatn og gode tilhøve for jordlivet slik at næringsstoff kan omdannast og gjerast tilgjengelege for plantene, seier Kopstad.

Anders Lerberg Kopstad

Kva fortel høymola?

Bonden fortel om mange års erfaring med å dra opp høymole. Det har han slutta med.

– Tingen er at høymole, som alle andre artar, gir deg ei melding, seier Kopstad, og ber bøndene tenke etter kor dei finn mykje høymole.

– Høymola finn du ved grinda, ved oppkøyringa til låven og i innhegninga til hestane. Høymola trivst i område der dyra samlast og trakkar, som ved vasskjelder, fôrhekkar eller saltsteinar, seier Kopstad.

Planten fortel deg at her er det godt gjødsla, høg pH og hard bakke, trakka av dyr eller maskinar. Rota til planten kan trenge gjennom det meste av jordsmonn.

– Har du høymole eller anna ugras er det fordi veksttilhøva for akkurat desse plantene er optimale der kor dei veks. Skal du verkeleg få bukt med problemet, nyttar det lite å gå og dra dei opp. Dei kjem att, lovar Kopstad, og bøndene nikkar.

Skal du få bukt med dei må du endre vekstgrunnlaget og gjere det utriveleg for desse plantene, er rådet.

Kva seier brennesla?

Også brennesla sender ut ei tydeleg melding.

– Planten er ekstremt glad i nitrogen og veks godt der det er meir gjødsel enn naturen klarer å handtere, forklarer Kopstad.

Mykje brennesle kan tyde på oppsamling av nitrogen på grunn av avrenning eller gjødsel på avvegar. Beite som er overbeita og i tillegg gjødsla med husdyrgjødsel, kan gi overskot av nitrogen og gode veksttilhøve for brennesle.

– Observasjonar av brennesle rundt eit tre eller ved hushjørnet har også ei naturleg forklaring, kommenterer Kopstad.

Bøndene tek poenget og flirer.

– Slik er naturen skrudd saman, seier Kopstad.

Han meiner å vere ein dårleg biolog, og kan ikkje strø om seg med latinske namn på plantene. Men bonden er i stand til å kjenne att dei ulike plantene og merke seg kor dei trivst.

– Då er eg godt hjelpt, seier Kopstad.

Hard beiting reduserer avlinga

Tradisjonell beitedrift handlar om å sleppe dyra til når graset er 10-15 cm og la dei beite ned. Kopstad snur opp ned på denne praksisen og grunngjer det med graset si utvikling.

– Når graset er nedbeita tek det tre til fire dagar før planten utviklar nye skot. Dei nye skota hentar næring frå røtene, før dei etter kvart når eit punkt kor dei hentar meir energi frå sola enn frå røtene. Det gir røtene høve til å kvile og utvikle seg, forklarer Kopstad.

Han rådar bøndene til å vente til graset er kring 25 cm, og la dyra beite ein kortare periode til dei har beita toppane. Når graset er 10-15 cm tek planten opp mest sollys og har høgast tilvekst.

– Overbeiting over tid vil svekke rotsystemet. Bladmassen får for lite næring og graset vil sette skot lenge før det utviklar god bladvekst. Det reduserer avlinga, seier Kopstad.

Kopstad oppmodar bøndene til raske skifte mellom beitene og la graset få tid til å hente seg inn mellom kvar avbeiting.

– Det er vi bønder som bestemmer kor godt vi kan utnytte beitene våre gjennom måten vi organiserer beitinga, konstaterer sauebonden.

Styr beiteåtferda: Har du vekstar som dyra ikkje vil ete, er alternativet å samle dyra i det området, til dømes ved å nytte saltstein. Mykje trakking tek effektivt knekken på plantevekst. Hjå Teleros samdrift beitar kyrne på rydda skog.

Ingen eintydige svar

Ein engasjert tilhøyrargjeng har mange spørsmål, men får få svar.

– ”One size fits none”, seier Kopstad, og understrekar at løysingane er å finne på kvart enkelt bruk, basert på bonden sine ønsker og kva dei rår over av jord, dyr og menneskelege ressursar.

– Når eg jobbar med bønder får eg alltid mange konkrete spørsmål – korleis beite, korleis bli kvitt høymola, korleis gjerde, og så vidare, seier rådgivaren.

Han forstår at bønder ønsker klare råd, men meiner han har feila som rådgivar om han gir eintydige svar.

– Min jobb er å hjelpe deg til å forstå kvifor ting skjer. Forstår du kvifor ting skjer, er du sjølv i stand til å finne løysingar – og då treng du ikkje fleire råd, seier Kopstad.

Teknologi kan ikkje erstatte kunnskap

Han vert stadig overraska over at bønder som arbeider med naturen, ofte har lite innsikt i dei biologiske prosessane og korleis naturen fungerer.

– Har vi for lite kunnskap om naturen, vert vi offer for omstenda, seier Kopstad.

Han meiner landbruket i ein lang periode har prøvd å kompensere for manglande kunnskap om naturen ved å utvikle og ta i bruk teknologiske løysingar.

– Likevel sit vi att med dei same utfordringane, seier Kopstad.

Han ser på teknologi som nyttige verktøy, men teknologi åleine kan ikkje løyse biologiske utfordringar. Biologiske problem har biologiske løysingar, er konklusjonen.

– Vi må lære å lese landskapet og forstå kvifor ting skjer. Då er det vi som er i førarsetet, seier Kopstad.

Regenerativt landbruk

Regenerativt landbruk handlar om å prøve å forstå naturen og bruke rett verktøy for å klare å gjere ting betre. For å vite kva som er rett må det vere eit mål for drifta. Og du må kunne måle at du gjer ting betre. Regenerativt landbruk handlar om natur, produksjon og økonomi, men ikkje minst også korleis bonden har det og korleis familien fungerer sosialt. Det blir færre bønder, færre bruk og meir press på dei som er att.

Oversikt reduserer stress

Skal bonden få eit godt liv, må det vere balanse mellom risiko og det som kan føreseiast. Usikkerheit skapar stress – då handlar det om å planlegge det som kan planleggast, både drift, sosialt og økonomisk. Det ein veit skal skje må plottast inn, og ein kan planlegge beitesesongen og legge til rette for ferie og tid med familie, og økonomi. Kan du planlegge det føreseielege, blir det lettare å handtere det uføresette.
Bonden må vere i forkant og styre bedrifta, ikkje bli eit offer for «det som skjer».

Stikkord denne saka: ,