For tvillingsystrene Ruth Jane og Inga Lill Rossevatn frå Eiken i Agder er sauen både yrke, livsstil og lidenskap. – Me har draumejobben, seier dei to saueklypparane.

Liv Kristin Sola

 

Tvillingsøstrene Inga Lill og Ruth Jane Rossevatn er i gang med å klyppe ein flokk suffolklam. Dei er på kurs for erfarne saueklypparar på Klostergarden på Mosterøy i Rogaland. Fellen er av, mest før dyra merkar kva som skjer. Ull frå buk, lår og hale må sorterast vekk før fellen vert pakka i sekker – kvit og farga ull kvar for seg.

Systrene kan ikkje tenke seg ein trivelegare arbeidsdag enn å reise rundt på bygda og klyppe sau. Det er eit yrke og ein livsstil. I tillegg driv begge gard i lag med kvar sin sambuar. Ruth Jane i Kvinesdal med sau og ammekyr. Inga Lill på Kvåle i Hægebostad med sau, ammeku og gris.

Toppidrett

– Dette er toppidrett, seier Jens Olav Leira, som er ein av instruktørane.

Han er oppteken av kvalitet på klyppinga og korleis dei handterer sauen, ikkje kor mange dei klarer i timen.

– Med god teknikk og godt fotarbeid sparer du krefter og avlastar kroppen. Då kjem farten etter kvart, seier han.

Inga Lill og Ruth Jane starta å klyppe sauene heime på garden på Eiken. Etter vidaregåande valde Inga Lill å klyppe på heiltid, medan Ruth Jane flytte til Blæstad for å studere landbruksteknikk. Tre år på Austlandet opna nye dører for Ruth Jane. Mellom øktene på lesesalen klipte ho sau og jobba som ullsorterer på Furuseth Slakteri. Ein jobb ho framleis tek på seg nokre veker kvar vinter.

– Eit lam har mellom 600 gram og eitt kilo ull. Fibrane skal ha spenst og ei fin krusning. Dei må vere minst sju centimeter når dei er utspent, seier ho, og finn fram eit døme på klasse C1 Fin.

Å diskutere ullkvalitet med bonden gjer klyppinga endå meir interessant, skal me tru 24-åringen. Medan Ruth Jane sat på skulebenken, reiste Inga Lill både til Skottland og New Zealand for å klippe sau.

– Skal du bli verkeleg god må du klippe mykje sau, seier ho.

Og mengdetrening fekk ho på New Zealand, kor flokkane tel fleire tusen sau.

Kan ull: Nokre veker i året jobber Ruth Jane som ullsorterar på Austlandet.
I verdsklasse: Norsk ull er kjent for å spesielt slitesterk og god kvaliet. For tvillingsystrene er det ein ekstra bonus å kunne litt om ullkvalitet. Det handlar om spenst og om krusning – og farge. Kvit lamull om hausten er beste kvalitet og vert betalt opp mot 60 kroner per kilo. 

Til å leve av

Den norske sesongen varer i tre til fire intense månadar om hausten og våren. I tillegg blir det klipt heilårsull sommar og vinter. Klypparane tener kring førti kroner per dyr. Står dei på kan dei nå ei årsinntekt opp mot 500.000.

Tvillingsystrene har flest avtalar på Sørlandet og i Telemark. I tillegg har dei nokre faste kundar på Austlandet, frå Eidsvoll til Lesja. Jobben gjer at dei får besøke mange bønder og sjå forskjellige bruk og driftsmåtar – og høyre mange gode historier. Kor mange dyr dei klarer på éin dag avheng mykje av logistikken i fjøset.

– Om logistikken er god kan eg klare mellom 15 og 20 sau i timen. Inga Lill klarer nok litt meir, seier Ruth Jane.

Både dyra og ulla er lettast å handtere om hausten. Om våren er søyene lamtunge og fellen er tettare og feitare. Også heilårsulla tek tid.

– Heilårsull blir klypt både vinter og sommar. Dei som har utgangarsau, typisk villsau eller svartfjes, klypper dei gjerne om sommaren når det blir varmt i været. I Rogaland og enkelt andre plassar der sauen går ute mesteparten av året, er det veldig å ta dei inn i november/desember og klyppe dei i januar/februar. Dette gjelder stort sett alle raser ved denne type driftsform, seier Inga Lill.

– Heilårsull i april er absolutt verst, konkluderer Ruth Jane.

Treng fleire jenter

Det er flest gutar i miljøet, men Jens Olav meiner det er eit tidsspørsmål før jentene er like sterkt representert.

– Internasjonalt har det blitt mange fleire jenter dei siste tre til fem åra. Me heng berre litt etter her heime, seier han.

Inga Lill og Ruth Jane tenker ikkje på at miljøet er mannsdominert.

– Alle blir behandla likt. Men det er klart, du må tole kommentarar. Det gjeld også gutane, seier Inga Lill.

– Så er det tøft å kjenne at me handterer dei tyngste dyra like lett som gutane gjer, seier Ruth Jane.

Tvillingsystrene frå Eiken er bevis på at teknikk og smidigheit, godt fotarbeid og kontakt med sauen er like viktig som kraftige musklar for å bli dyktig i jobben.

– Litt konkurranseinstinkt kjem også godt med, meiner Inga Lill.

Klypparane konkurrerer ikkje berre med kvarandre, men også mot seg sjølv. Dei presser seg litt ekstra og merker at finjusteringane resulterer i fleire dyr per time.

Pustar mannfolka i nakken: Etter fem år med saueklypping på heiltid, har Inga Lill (t.h.) eit forsprang på systera. Men instruktør Jens Olav Leira har store forventningar til begge systrene. ­ Ruth Jane og Inga Lill er to av landets dyktigaste saueklypparar, uavhengig av kjønn, seier han.
Eit viktig verktøy:  Klyppemaskinen kjem i mange variantar og prisar. Kammen er tilpassa med ein bøygd tann ytst på kammen, slik at den samlar ulla når maskinen glir langs huden. Kniven kan justerast langs kammen for å handtere ulike ullkvalitetara. Me om du skyv den langt ut, er du meir utsett for å lage sår i huden. 

Gå på kurs

Gjengen på Klostergarden ønsker seg fleire norske kollegaer.

– Koronakrisa viste kor sårbart det er å vere avhengig av utlendingar, seier Ruth Jane.

Inga Lill trur mange bønder har ei utfordring med språket når dei har utanlandske klypparar, og gjerne vil ha norske.

– Me tar oss tid til gode kaffipausar og praten går lett; det går jo som regel i sau, seier ho.

Inga Lill og Ruth Jane råder interesserte til å melde seg på kurs.

– Me treng fleire klypparar, og gjerne fleire jenter, seier Ruth Jane.

Det finst kurs for nybegynnarar, mellomklasse og vidarekomne. Sjølv med lang erfaring går tvillingane på kurs så ofte dei kan.

– Det kan vere greitt å plukke av seg uvanar, seier Ruth Jane.

Det er dette med sauen

Det er tid for matpause og kursleiar Stian Espedal i Nortura freistar med grillmat. Bonden sjølv, Anders Schanke Rettedal, har kjøpt inn godt med sukker i form av cola. Deltakarane har jobba i snart tre dagar og Anders er strålande nøgd med at fleire hundre sau og lam er klipt og ulla sortert i sekker.

– Dette må nok bli ein tradisjon, meiner han.

For det er stas når sauefolket samlast. Men kva er det som motiverer til å halde ut time etter time, dag etter dag, i same stilling og same dur?

– Kva må til for å bli ein dyktig saueklyppar?
– Lite vett og god rygg, svarar Børge Høiland, instruktør på kurset og meir enn ti gonger norgesmeister i saueklypping. Latteren sit laust.

– Interessa for sau er avgjerande, seier Ruth Jane.
– Og så er det ein fin måte å tene pengar på, seier Inga Lill.

Teknikk er halve jobben: Skal du bli dyktig i jobben må du finpusse på teknikken og handtere dyra på ein god måte. Farten kjem med erfaring og god teknikk. 

Sko, bukse og kurs

Sko deg for jobben. Spesialsko i skinn utan såle gir god kontakt med golvet, og med sauen.
Klippebuksa har dobbelt stoff for å avgrense mengde små hår som irriterer når dei snik seg under stoffet.
Eigen klippemaskin er kjekt å ha, men det treng ikkje vere av det mest avanserte og kostbare slaget.

Til deg som vi klyppe sau har systrene følgjande råd:

Meld deg på kurs og finn eit miljø lokalt.
Lær av dei med erfaring og spør om du kan bli med ein erfaren klyppar i starten. Dei fleste liker selskap.
Snakk med bonden og sei at du er ny. Bonden aksepterer at det tek tid så lenge du behandlar dyra godt og gjer ein god jobb.

– Ikkje gi opp, sjølv om du har tunge dagar. Dagar du tenker du ikkje er god nok. Du slit med teknikken, har vond rygg og alt er motlaust. Du kjem deg gjennom, seier Ruth Jane.

Inga Lill nikker: – Det blir betre – me snakkar av erfaring, seier ho.

Spesialsko er avgjerande for å ha god kontakt med golvet og sauen.
Påfyll: Måltidet og det sosiale er viktig, og kommentarane sit laust blant deltakarane Ruben Gramstad (f.v.), Thomas Stangeland, Inga Lill Rossevatn, Thor Henning Vatland og Ruth Jane Rossevatn.
Stikkord denne saka: , , ,