Kroner å hente: Små knep kan bety høgare klasse og betre betaling for fellen. Henrik Kloster (7) kvalitetssikrar fellane på heimgarden i Hå kommune.

Ull er gull, men ikkje like godt betalt. Sikre deg at fellane du leverer har den beste kvaliteten.

Liv Kristin Sola

I desse dagar vrimlar det av sauer på veg heim frå dei enorme beiteområda til fjells. Slakteria riggar seg for innrykk av lam. På ullstasjonane står erfarne klassifisørar klare til å skilje godt frå mindre godt. Og ingenting slepp gjennom kvalitetskontrollen. Verdsmarknaden for ull fekk seg ein knekk under korona. I dag er prisane for enkelte klassar knapt høgare enn tilskotet.

– Til ein viss grad kan bonden med litt innsats påverke betalinga for fellane, seier Siv Heia Uldal, fagsjef ull hjå Animalia.

Mindre bark, flis og ugras

Uldal sitt råd er å fjerne mest mogleg av såkalla vegetabiler før klipping.

– La fingrane skli gjennom fellen før du lar klipparen ta tak i sauen. På ein god fell av kvit crossbred kan du tene 53 kroner per kilo på å gjere denne jobben. Det er skilnaden mellom crossbred klasse 1 og klassa for ull med mykje vegetabiler, seier Uldal.

Problemet er lite på slaktelam som kjem frå fjellet eller beite. Utfordringa kjem med dyr som har gått lenge ute før dei vert slakta, samt på fellar frå livdyr.

– Ikkje vent for lenge om hausten før du klipper. Ulla kan filte seg og filta ull går i klasse G. Klasse G er ein kostnad for ullstasjonane og bonden får ikkje betalt, seier Uldal.

Filting fører ofte til meir vegetabiler og vegetabiler fører til meir filting.

Klipp kvite dyr først

Har du farga dyr i buskapen så klipper du dei kvite først. Slik unngår du å få farga hår i dei kvite fellane, er rådet.

– Farga hår i kvit fell gjer at heile fellen vert nedklassifisert til svart. Svart klasse 1 er greit betalt, men kvit klasse 1 er betre betalt. Hugs at fellar med merkemaling blir kassert. Merk dyra i hovudet, ikke på kroppen, seier Uldal.

Ta vekk siste låret

Pass på at klipperen tek ut det siste låret frå fellen.

– Det hender det siste låret følgjer med fellen. Strengt tatt kan klassifisøren sortere heile fellen i H1, som er betalt med 30 kroner mot 53 kroner for førsteklasses fellull, seier Uldal.

Animalia har gitt ut heftet Ta vare på ullkvaliteten, med tips om korleis du sikrar ein høgast mogleg pris på ulla. Last ned heftet frå heimesida til Fagtenesta for ull, eller få det tilsendt gratis.  

Stikkord denne saka: