Prisdryss: Siri K. Fuglestad frå Landbrukstenester Hå, med gåver og rosande ord til årets avløysar i Rogaland, Ådne Tjemsland, idet han er på veg inn i fjøset. Også bonden, Jan Bjorland, får ein blomekvast med seg inn i frihelga.

Ådne Tjemsland (20) har vore avløysar på same garden i seks år. No blir han heidra for innsatsen.

Sjur Håland

Det er ein fredag i desember. Klokka er 16 og kveldsmørkret er i ferd med å ta over dagen. Bonde Jan Bjorland på Njølstad i Hå er inne i det lyse fjøskontoret. Han ventar på å få gi avløysaren ei siste oppdatering før helga tar til. Avløysaren, Ådne Tjemsland, har gitt beskjed om at han blir eit kvarter forsinka frå sitt ordinære arbeid.

Heider til avløysaren

Saman med Jan, ventar også leiaren i Landbrukstenester Hå, Siri K. Fuglestad, på avløysaren. Då Ådne stig inn, får han seg ein uventa start på stellehelga. Brått står han med diplom, ei klokke og ein sjekk i hendene. Ådne er av Norske Landbrukstenester kåra til Årets avløysar i Rogaland. I normalår plar prisutdelinga finna stad på ei samling for alle avløysarlaga i Rogaland. Dette året er det annleis. Heider til bonden Bonden blir også sett pris på, og får ein blomebukett i fanget.

– Det er jo bøndene som syter for at de avløysarar har arbeid, dei fortener også ein honnør, seier Siri.

Ådne (20) er oppvaksen i byggefelt på Nærbø. Han fortel at han fekk sine første møte med fjøs og husdyr gjennom ein leikekamerat då han var barn.

– Seinare gjekk eg på kurs gjennom avløysarlaget (Landbrukstenester Hå). I praksisperioden under kurset var eg her hjå Jan. Sidan har eg blitt verande her, seier han.

Meir enn pengar

Avløysaren har rokke å bli lommekjent på garden og med den omfattande drifta, som inkluderer mjølke- og svineproduksjon, gjennom dei seks åra som har gått sidan han starta, då han gjekk i åttande klasse.

– Avløysarjobben handla sjølvsagt om moglegheita til å tena pengar. Så oppdaga eg fort at arbeidet var gildt med både dyr og maskinar og mykje forskjellig, seier han.

Tidleg opp

– Du må tidleg opp om morgonen?

– Det har eg aldri hatt noko i mot. Eg likar å koma i gang tidleg. På Jæren følgjer det status med yrkestittelen avløysar.

Siri fortel at dei årlege avløysarkursa i regi av Landbrukstenester Hå, alltid er fullteikna.

– Til desse kursa høyrer praksis. All ære til bøndene som tek inn ungdommar i fjøsa sine, sjølv om dei alt har eigen avløysar.

Må lika å arbeida

På spørsmål om kva som krevjast for å bli avløysar, seier Ådne at første bodet er å koma seg opp om morgonen.

– Så meiner eg at det ikkje berre må vera pengane som motiverer. Du må lika å arbeida og å ta ansvar.

Jan fortel at Ådne er svært allsidig.

– Ein avløysar treng ikkje plent meistra alt. Ådne kunne ein del når han begynte, men han synte at han hadde både lyst og vilje til å læra nye ting etter kvart som utfordringane kom. Det er lov å bruka hovudet, seier Jan.

– Det er ein god eigenskap ved Ådne som eg har sett pris på. Han følgjer ikkje berre lista eg har laga klar, men ser ting som trengst å fiksast, og ordnar opp. Samla er han ein heilt ekstraordinær avløysar som verkeleg fortener prisen.

Stor arbeidsinnsats

Siri fortel at den store arbeidsinnsatsen til Ådne, også ligg til grunn for utnemninga.

– Han har arbeidd meir enn i helgene. Også i vekene har han vore med. Timelistene avslører ein imponerande arbeidsinnsats gjennom desse åra, seier ho, og får eit stadfestande nikk frå bonden.  

Stikkord denne saka: