Liv Kristin Sola

Det heile starta med 75 dekar dyrka jord og noko utmark for 30 år sidan. Først vart det gris, så vart det kvigekalvar. I dag har Roy Engelsvoll 90 storfe av rasen limousin.

Bonden kostar inntil litt fôr, klappar litt på dyra, og småpratar. Limousin, står det gult på svart på ryggen på kjeledressen. I baklomma ligg noteringsboka frå kjøtfekontrollen.

– Sladreboka mi, seier Roy.

Han noterer det meste, slektskap, tilvekst, inseminering og kalvingar, med merknadar. Roy er ein flittig brukar av storfekjøtkontrollen på nett, men i det daglege er det noteringane som gjeld. Vektene vert registrert i storfekjøtkontrollen og informasjonen gir grunnlag for å få dyra stambokført.

Tilveksten gir god informasjon

Roy veg kalvane ved fødsel og ved avvenning (200 dagar). Tilveksten i denne perioden gir ein indikasjon på morseigenskapane. Bonden registrerer  også årsvekta, som gir ein indikasjon på eigenskapen til dyret sjølv, og mjølkeevna til mora. Vektene vert registrert i storfekjøtkontrollen.

I 2015 var gjennomsnittleg tilvekst frå fødsel til avvenning på 1.159 g/dag for oksane, og 1.023 g/dag for kvigene. Frå 200-365 dagar var tilveksten i gjennomsnitt på 1.476 g/dag for oksar, og 1.119 g/dag for kviger.

Roy understrekar at det er store variasjonar mellom individ, spesielt i perioden frå avvenning til årsvekt (200-360 dagar). Gjennomsnittleg levandevekt ved 200 dagar, var 267 kg.

Utnyttar kapasiteten i fjøset

Minst 80 % av dyra vert inseminerte. Med kalvingar heile året, får Roy utnytta både bygningar og beita på ein god måte.

Ei gruppe dyr beitar på dyrka jord, nær gardstunet. Utmarksbeitet vert delt i to. Inseminerte kyr utan kalv går lengst inne i marka.

– Med dette driftsopplegget kan eg ha litt fleire mordyr, og produsera meir kalv, men med kyr i ulike fasar i laktasjonen, er det ei utfordring å fôra alle optimalt, understrekar Roy.

Kan ikkje mista kalvar

Han vil ha kvigene på 450 kg ved inseminering, ei vekt dei normalt oppnår mellom 15 og 18 månadar. Alder ved første kalving er 28 månadar. Gjennomsnittleg fødselsvekt er i overkant av 40 kg. Bonden er spesielt nøye med val av oksar til kvigene, for å redusera kalvingsproblem. Kvigene kalvar alltid inne. Roy vil ha kontroll på første kalvinga.

– Eg har ikkje råd til å mista kalvar. Levande kalvar og god tilvekst er alfa og omega. Eg er stolt av å produsera mat med god kvalitet og levera gourmetkalv, eit populært produkt som kundane betaler ekstra for, understrekar den engasjerte bonden.

 

 

Stikkord denne saka: