Sylvi Listhaug møtte engasjerte unge utandfor idrettshallen på Varhaug.

Sylvi Listhaug møtte engasjerte unge utandfor idrettshallen på Varhaug.

Landbruksministeren fekk bryne seg mot både naturkrefter og verbale krefter under landbruksmøtet på Varhaug.

 

Jofrid Åsland

 

Vinden røska tak i alle som møtte opp til landbruksdebatt uavhengig av tittel, og løya ikkje då sjølvaste Sylvi Listhaug var på veg inn i idrettshallen på Varhaug måndag kveld.

– Me kan ikkje fortsette å gå med reva først inn i framtida. Det er ein dag i morgon, var nokon av orda frå leiaren av Hå Senterungdom, Ingve Berntsen.

Ungdommar frå ulike lag og politiske parti stod utanfor lokalet med plakatar, faklar og ropert. Bodskapen var felles og klar: Redd matjorda.

Ei krukke med matjord vart plassert i ministerens hender på veg inn døra.

– Takk. Det er hyggeleg med engasjement. Dette blir bra. Jo fleire, jo betre, kommenterte ministeren på veg inn døra.

 

Bodskapen var klar då Ingve Bertsen tala matjordas sak.

Bodskapen var klar då Ingve Bertsen tala matjordas sak.

HISTORISK STORT

Omlag 700 personar hadde funne vegen til Varhaug idrettshall. Landbruksmøtet, som vart arrangert for 15. gong, har aldri vore så stort.

Vinden på prærien var sterk denne kvelden, men vinden i landbrukspolitikken var ikkje veikare.

– Det er utruleg at dette har samla så mykje folk. Velkommen til Varhaug alle saman, sa Mons Skrettingland, ordførar i Hå.

Han var kveldens fyrste talar.

– Eg trur Sylvi Listhaug skal få kjenne på landbrukspulsen, spådde Skrettingland.

Han understreka at han snakka som ordførar av Hå kommune, og ikkje som ein politikar av partiet Høgre.

– Er det vilje i eit av verdas rikaste land til å satsa på matproduksjon og landbruk?

Var eit av spørsmåla ordføraren retta i retning landbruksministeren. Han etterlyste stabile rammer, og oppmoda ministeren til å ikkje dra konklusjonar før granskinga av landbrukspolitikken er ferdig.

– Regjeringa må levere for den positive og innovative rogalandsbonden, avslutta Skrettingland.

Les og: Stortingspolitikerer møter bondelagene.

Omlag 700 personar møtte til landbruksmøtet torsdag kveld.

Omlag 700 personar møtte til landbruksmøtet torsdag kveld.

LOVNAD OM LØN

Mange dyktige talarar presenterte tankar og synspunkt kring landbrukspolitikk, men hovudpersonen var utan tvil ministeren sjølv.

– Det er bra at landbrukspolitikken er komen på dagsorden. Det var vore mangel på ny politikk i mange år, sa Listhaug frå talarstolen.

Ministeren opplyste at ho har registret frykt for den blå-blå regjeringa frå sørvest. Ho ramsa så opp mange av stadane ho har besøkt som landbruksminister, og peika på eigen bakgrunn frå gard.

– Me må få lønsemd for bonden. Ingen vil jobbe for knappar og glansbilete, sa ministeren.

Ho utpeika Rogalandsbøndene med Jæren i spissen som dei mest effektive og framoverlente bøndene i landet.

Listhaug peika så på kursen for landbruksframtida, med mål om auka matproduksjon. Meir fridom og råderett over eigen eigedom og produksjon, fjerning av konsesjonslova, fjerning av buplikta og priskontrollen med landbrukseigedomar var nokon av verkemidla som vart presentert.

– Rogaland er svært viktig for å nå målet om auka produksjon, sa Listhaug mot slutten av talen sin.

Ho runda av med å gi senterparipolitikaren, Bjarne Undheim, ein blå genser. For at Undheim skulle øve seg på møtet med den blå-blå regjeringa.

Les og: Aktivt avventande til lyttande statsråd.

RETT FRÅ LEVRA

Mange engasjerte bønder tok mikrofonen i sine hender under debatten. Ros og krass kritikk gjekk hand i hand. Mange ville ha meir konkrete svar frå politikarane.

– Her går ting rett frå levra, som sunnmøring liker eg det grævla godt. Eg kjem att neste år om de inviterer meg, var Listhaugs siste ord til forsamlinga.

 

Les meir om landbruksmøtet, og kva mjølkebonde Torbjørn Norland frå Strand seier om ny landbrukspolitikk, i Bondevennen 6, 7. februar 2014.

 

 

Stikkord denne saka: