Sylvi Listhaug vart skildra som reven i hønsegarden under Bondetinget. Ho tok til seg tittelen, og svara på kva reven seier.

Sylvi Listhaug vart skildra som reven i hønsegarden under Bondetinget. Ho tok til seg tittelen, og svara på kva reven seier.

Ho har fått merkelappen: reven i hønsegarden, så kva seier reven?

 

Jofrid Åsland

 

Landbruks- og matministeren fekk applaus då ho entra talarstolen under Bondetinget torsdag.

– Eg har fått mange karakteristikkar. Dei lev eg godt meg, sa Sylvi Listhaug.

Ho trakk fram Nils T. Bjørkes skildring av henne som reven i hønsegarden.

– Så kva seier reven?

– Forandring frydar etter kvart, svara Listhaug på sitt eige spørsmål.

 

Endringar i samfunnet

Landbruks- og matministeren trakk fram korleis folk gjennom tidene alltid har vore skeptiske til endringar. Døma hennar var mellom anna omlegging til fargefjernsyn, post i butikk og tilbod om noko anna enn H-mjølk.

– Landbruket si historie er historia om produksjonsframgang. Det er og historia om gradvis sterkare reguleringar, sa Listhaug.

Ho trakk fram aukande import av somme varer som storfekjøtt og lammekjøtt. Ministeren trakk fram at det er moglegheit for auka produksjon av sau og lam.

– Samfunnet er i endring, og vi må endre oss med det, sa ho.

– Det vert sagt at vi gassar på strukturpolitikken, men det er ikkje det me gjer. Me slepp litt opp på bremsa, var presiseringa.

Ministeren understreka vidare at ho ønskjer norsk landbruk vell, og auka matproduksjon.

– Husk i debatten at me har same mål, auka matproduksjon.

Listhaug trakk og fram at ho er nøgd med avtalen i jordbruksoppgjeret, og kursendring. Ho peika på dei store bruka, og at dei bør ha moglegheit til å få ein betre økonomi.

– Eg meiner det er eit steg i rett retning. Me må sjå framover, ikkje bakover, peika ministeren på for framtida.

Ho avslutta sin tale med å takke Nils T. Bjørke for samarbeidet, og ønska han lukke til vidare.

Eirik Fløystad, fylkesleiar i Aust-Agder, oppmoda ministeren til å snakke med vår herre om geografi.

Eirik Fløystad, fylkesleiar i Aust-Agder, oppmoda ministeren til å snakke med vår herre om geografi.

Spørsmål frå salen

Etter ministerens innlegg var det mogleg for folk frå salen å stille spørsmål.

Ein av dei var Eirik Fløystad, fylkesleiar i Aust-Agder. Han bad ministeren ta ein prat med vår herre for å legge til rette for hennar politikk i hans del av landet.

Nils T. Bjørke var og på talarstolen. Han etterlyste betre samarbeid i framtida, og at kravet frå Bondelaget vert nøye lest. Bjørke peika og på at han var glad for at ministeren var tydeleg på målet om auka matproduksjon.

– Eg ser fram til å samarbeide meir med dykk i framtida. Det var veldig hyggeleg å vere her. Tusen takk for meg, avslutta ministeren.

Ho peika på at avlingane i år er betre enn tidlegare år, men om det skuldast god kontakt med høgare maktar var Listhaug usikker på.

I gåve frå Bondelaget fekk ministeren blanke ark og fargestifter på vegen.

Stikkord denne saka: