Matmerk sitt merke Spesialitet

Menne som fekk ta i mot heide og ære for Matmerk sitt spesialmerke var strålande nøgde. (F.v.) Lars Kåre Linnerud, dagleg leiar hjå Prima Jæren, Sigve Skretting, styreleiar i Fjellmat frå Suldal AS og Sigmund Lunddal, gründeren bak Skinka frå Suldal.
Utdelinga var i Måltidets Hus i Stavanger 22. mai.

Skinke frå Suldal og svin frå Jæren fekk stempelet Spesialitet frå Matmerk.

 

Jofrid Åsland

 

– Norske produsentar lager fantastiske produkt. Verda ser til det norske kjøkken, og Rogaland er Noregs svar på Toscana, lovpriste Nina Sundqvist, administrerande direktør i Matmerk.

Ho innleia utdelinga av Matmerks kvalitetsmerke med ordlyden: «Spesialitet, unik smak.» Sundqvist nytta høvet til å snakke om stiftelsen Matmerk og utviklinga av norsk mat og kokekunst.

Ho understreka at stadig fleire forbrukarar sett kvalitet framfor pris.

– Du og eg skal lære barna våre at mat er meir enn noko me sparar tid og pengar på, oppmoda Sundqvist.

Vidare informerte ho om skillet mellom markevare og ei merkeordning. Eit døme på merkevare er til dømes produkt frå Tine og Gilde, medan ei merkeordning går på tvers av interesser. Det vil seie at Matmerk står for ei mekreordning av varer basert på produktets kvalitet, ikkje kommersielle interesser. Vidare kan sjølvsagt firmaet bak produktet tene pengar på at produktet har oppnådd eit spesielt merke.

Merkeordning av mat frå Matmerk

Ei kompassnål i matvaredisken

Sundqvist opplyste at forbrukaren gjennomsnittleg bruker 1,8 sekund på å velje eit produkt i butikken. (Sjå faktaboks for oversikt over Matmerk si merkeordning.)

– Merkeordninga skal vere som ei kompassnål for forbrukaren i matvaredisken, fortel den administrerande direktøren.

Vidare understreka ho at norsk lokalmat er i vinden, men spøka med at det ikkje berre er å ta på seg bunaden så blir produkta seld.

 

Eit spark til Rogaland

– Det føregår ein lokalmatrevolusjon i Noreg, og Rogaland er heilt i teten, sa Sundqvist, før ho peika på kva som burde vore gjort betre for å fremme matfylket.

– De må ikkje splitte, herje og gjere produkta nusselege. Kor mange i Noreg trur de veit kvar Finnøy er? Spurde ho.

I følgje Sundqvist burde matfylket Rogaland vore marknadsført mykje betre, slik at dersom folk et ei tomat, veit dei den kjem frå Rogaland.

– Det finst mange fleire matperler her, sa ho, og trakk fram produkta som skulle heidrast denne dagen.

 

Skinke og svin

Skinka frå Suldal produsert av Fjellmat frå Suldal AS var første produkt som fekk spesialmerket.

– Skinka er møyr og har ein aromatisk mild saltsmak, skildra Harald Osa.

Han er medlem av fagjuryen og er elles kjend som prosjektleiar i Bama, og tidlegare kokk på kokkelandslaget.

Skinka frå Suldal er lufttørka 640 meter over havet.

– Takk til Suldal kommune for fantastisk samarbeid og hjelp, sa Sigve Skretting, styreleiar i Fjellmat frå Suldal AS, i sin takketale.

I arbeidet med skinka har målet vore å produsere ei skine for finare selskap, slik at nordmenn ikkje treng å handle utanlandske varer for dette formålet.

– Til no har dette vore ein dårleg betalt hobby. Eg håper neste generasjon kan hauste frukter av arbeidet, sa Sigmund Lunddal, gründer.

Prima Jærens produkt frå Jæren smak fekk også spesialmerket frå Matmerk for fem av sine svineprodukt: Indrefilet, ytrefilet, svinenakke, carre og ribbe.

– De har lukkast til fulle med eit godt produkt. Dette er eit produkt i verdsklasse, sa Osa til forsamlinga.

– Tusen takk. Dette er ein prima dag. Me skal nå langt. Dette handlar om å ta ei historie ut til forbrukaren, og samstundes skaper me historie saman, sa Lars Kåre Linnerud, dagleg leiar hjå Prima Jæren.

Han takka Hå kommune og ordføraren.

– Som nytilsett dagleg leiar er eg rørt og audmjuk. Me skal sette Rogaland på kartet, lova Linnerud.

Stikkord denne saka: