Undheimsmøtet: Stort engasjement kring forslag til nye ordningar.

Medieoppslag om dårleg dyrevelferd, ein tilsynelatande fastlåst overproduksjonssituasjon og dårleg økonomi. Det var svinenæringa i 2018. Kva ventar i 2019?

Liv Kristin Sola

Nærare hundre svineprodusentar benka seg rundt borda på Undheim Samfunnshus då Norsvin Rogaland inviterte til stormøte måndag i førre veke. Interessa var stor for kva Gustav Grøholt, organsisasjonssjef i Norsvin, hadde å melde.

Gladmeldingar

Marknadsbiletet første veka i 2019 viser at produksjonen ikkje har auka så mykje som frykta, samanlikna med 2017.

– Lågare slaktevekter, slakt av lettgris og smågris, samt at mange har redusert i eige fjøs, forklarer mykje, seier Grøholt.

Han anslår at effektivitetsvekst hjå purka er kring tre prosent, og at det dermed har vore ein reell nedgang.

Gustav Grøholt (t.v.), organsisasjonssjef i Norsvin, og Per Inge Egeland, leiar i Norsvin Rogaland

– Litt overraskande, seier Grøholt.

Like overraskande var det at den spådde nedgangen i sal av svinekjøt på to prosent ikkje vart større enn 0,6 prosent, men ein auke i folketalet gjer den reelle nedgangen større.

– Ved inngangen til 2019 er det 2219 tonn slaktegris på reguleringslager, mot 984 i fjor og 6300 tonn for fem veker sidan, informerer Grøholt.

Han viste til ein betydeleg nedgang i semintal betyr atskillig færre gris framover.

Tre ordningar til diskusjon

Overproduksjon er framleis den store utfordringa i svinenæringa, og denne kvelden stod tre viktige tema på dagsorden: Utkjøpsordninga for purker, endring i forskrift om reguleringa av svineproduksjonen, samt framtidig regulering av næringa.
Gjennom heile 2019 skal omsetningsrådet jobbe med å finne varige virkemidlar for å regulere produksjonen og unngå å kome i ein liknande situasjon som næringa no har vore gjennom. Eit resultat av landbruksmeldinga som kom i 2017.

– Dette er ein kjempe moglegheit og det einaste rette for svinebransjen, seier Grøholt.

Utkjøpsordninga

I desember vart det opna for utkjøp av inntil 4000 purker. Det svarar til åtte prosent av produksjonen her til lands og vil gi ein årseffekt på 10.000 tonn.

– Det er gørrmykje, kommenterer Grøholt.

Første mann til mølla, fekk mange av dei som sat på gjerdet til å hoppe ned og melde purkene sine til slakt 10. desember.

– 2500 purker vart påmeldt det første kvarteret. Så vart det nokså stilt, seier Grøholt.

Per 1. januar er det påmeldt 2600 purker frå 74 besetningar.

– Truleg kjem vi ikkje over 3000 purker, seier Grøholt.

Frist for avtale er 1. mai i år. Innstraming av konsesjonsregelverket Landbruksdepartementet har sendt på høyring eit forslag om å strame inn konsesjonsregelverket. I tillegg til dagens regelverk, kjem det ei avgrensing på kor mange purker som kan rekrutterast inn i smågrisproduksjonen.
Med full konsesjon og nye målepunkt betyr det at ein bruksbesetning med purker og rein smågrisproduksjon, maksimalt kan utrangere 140 purker. Talet for foredlingsbesetningar er 300 purker og for formeiringsbesetningar er talet 175.
Innstraminga er skreddarsydd for å regulere vekk praksisen med eingongspurker. For produsentar som slaktar fleire purker er det lagt opp til ein overgangsperiode på tre år.

– Eingongspurker har lenge vore kontroversielt, men går dette forslaget gjennom vil det få store konsekvensar for dei som har investert for ein slik produksjon, understreka leiar i Norsvin Rogaland, Per Inge Egeland.

Forslaget er ute til høyring og Norsvin vil gjerne ha innspel om kva dei skal melde i si høyringsuttale til departementet. Ikkje minst om forholdstala i dei ulike besetningane er realistiske for å drive ein effektiv produksjon og få avlsframgang i eigen buskap.

For mykje Møllers tran?

Under ordskifte vart det mykje snakk om smågriskvotar, men ordstyrar rådde bøndene til å konsentrere seg om det som faktisk er forslaget, målepunkt for purker. Mange var også uroa over at det kan ligge an til å ende i eit underskot, men organisasjonssjefen i Norsvin var ikkje spesielt uroa over dette. Det er mykje å gå på i å auke slaktevektene. I tillegg er det mange som har redusert produksjonen, gitt situasjonen som har vore.

– Husk at avlsframgang og effektivitetsauke også vil bidra til meir smågris framover, minner Grøholt om.

Stikkord denne saka: