• Jostein Frøyland

 

Liv Kristin Sola

Stort frammøte og tydelege appellar møtte delegasjonen frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet då dei kom på synfaring på garden til  familien Frøyland, onsdag 1. oktober.

Saman med representantar frå Rogaland fylkeskommune, Fylkesmannen og kommunanene Time, Klepp og Sandnes, fekk dei ei orientering frå Jostein Frøyland, og frå Einar Frogner, styremedlem i Norges bondelag, før dei tok ein runde for å sjå på arealet som er planlagt omdisponert.

330 dekar matjord av beste kvalitet eller 1.600 bustadar er det det står om.

– Det finst gode alternativ til å bygge ut denne matjorda, derfor vert nettopp dette området ei så viktig symbolsak for å markere at matjorda må tas vare på for komande generasjonar, seier Frogner.

– Dette er HELE Norge sitt matfat, ikkje lokalpolitikarane si sandkasse, sa Ingve Berntsen, leiar av Jæren senterungdom, i sin appell.

– Jæren er 40 minutt langt og 15 minutt smalt, da skal man være passe trangsynt for å ikkje finne alternative areal å bygge på, avslutta Berntsen.

Saka ligg no på Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner sitt bord.

Les heile appellen til Berntsen på lenka.

Ingve Berntsen appell jordvernaksjon på Frøyland

Stikkord denne saka: