(F.v.) Arnfinn Eskeland og Lene Hoksrud Østerholt diskuterer stell av ammeku og kalv.

(F.v.) Arnfinn Eskeland og Lene Hoksrud Østerholt diskuterer stell av ammeku og kalv.

50 nye og gamle produsentar ville lære meir om ammeku. Møtet var ein del av eit nytt prosjekt for auka grovfôrbasert kjøttproduksjon.

 

Jofrid Åsland

 

– Velkommen til fagmøte. Kjekt at så mange ville komme, sa Sigbrørn Leidal.

Han var ein av møteleiarene, og er tilsett i Norsk Landbruksrådgiving i Agder.

Det var  50 deltakarar på kurset, som vart arrangert av Nortura, Bondelaget, Tine og Norsk Landbruksrådgiving(NLR) i Agder, torsdag på Holt Landbruksskole i Tvedestrand.

– Me har ein plan om at dette skal auke kjøttfeproduksjonen, oppmoda Leidal.

Møtet var ein del av det nye prosjektet «økt grovfôrbasert kjøttproduksjon» som NLR Agder gjennomfører i samarbeid med Nortura og Bondelaget.

Val av rase, korleis drive med ammeku, ulike typar produksjonar, fôring, grovfôr og beite, avl, kalvestell, byggningar, økonomi og erfaringar frå produsent Sven Reiersen stod på programmet.

 

– Veldig bra

Arnfinn Eskeland og Lene Hoksrud Østerholt diskuterte praktiske løysingar kring kalvestell i ein av pausane. Han er pensjonert bonde medan ho er nyoppstarta ammekuprodusent av året.

– Alt som vart lagt fram var veldig bra, sa Eskeland, medan Hoksrud Østerholt nikka einig.

 

Les meir om kva fagpersonar og bønder sa om ammkuproduksjon i Bondevennen 9, 28 februar 2014.

 

Stikkord denne saka: