Syner fram: Laurits Stokkeland tar i mot eit knippe gulrotprodusentar på garden på Brusand i Hå.

Markvandring – ein viktig møtestad

3. juli 2020

På markvandringane møtast produsentane for å dela av eigen erfaring og kunnskap. Denne varme onsdagen var ikkje eit unnatak. – Raust, seier ein av dei frammøtte.

Jane Brit Sande

Kari Aarekol, seniorrådgivar i NLR, helser eit knippe gulrotprodusentar velkommen til markvandring på Bru Gard på Brusand i Hå. Vêrgudane serverer både sol og sommarvarme.

– Det har vore fleire produsentar som har ringt og meldt avbod i siste liten. Dette er jo også ein utmerkt dag for å slå gras, seier Aarekol.

 Stankelbein og rabarbravatn

I april månad var jorda kald, men relativt tørr.

– I fleire kulturar burde det ha vore vatna, men det hadde ein ikkje langt framme i tankane då jorda var så kald. I fleire felt har plasten blitt liggande lenge, seier Aarekol.

Seniorrådgivaren følgjer nøye med på stankelbeina. Fjoråret er friskt i minnet.

– På grunn av at jorda har vore så kald, har nokon av larvane vore veldig små. Det gjer at stankelbeinangrepa nok kjem til å vare til over St. Hans i år. Ho testar og testar moglege strategiar for å stoppa slike angrep.

– Det nyaste og hottaste, i alle fall i grønsaksgrupper på Facebook, er å vatna med rabarbravatn, seier Aarekol.

– Eg fekk spørsmål om det var noko som kunne fungere. Eg anar ikkje, fordi eg har aldri prøvd. Eg har vore på rabarbraslang hjå naboen, og no er eg i gang med å testa.

Viser og forklarar: Kari Aarekol (t.v.) og forsøksteknikar Ann Kristin Ueland (t.h.) forklarar Silje Varhaug kva som har blitt fanga på limfella.

Deler kunnskap: Laurits Stokkeland synte fram gulrøter, og han og dei frammøtte deler ivrig eigen kunnskap og erfaring.

Marihøna og gulrotfloge

Aarekol seier at ho har sett at det er mykje marihøner i mange felt.

– Det tyder på at det er mat, altså lus, til dei.

Gulrotfloge er eit frykta skadedyr for alle gulrotprodusentar. Larvane lever av røtene, og bidreg til at små røter blir drepne og større røter blir ikkje salbare. Det blir nytta limfeller til varsling om gulrotfloge, og det blir ikkje sett inn tiltak utan at det er gulrotfloge på limfella. Dette er ei varsling som fungerer godt i praksis, i følgje Aarekol.

– Eg har sett gulrotfloga i nokre veker på dei tidlege felta. Denne veka ser eg at det er ein oppgang i alle felt, seier ho.

Nematoder

Laurits Stokkeland syner fram tre gulrotfelt på markvandringa. Dei har hatt problem med rotgallnematoder i to av felta. Nematode, eller rundorm, kan føra til dårleg utsjånad på gulrøtene, reduserte avlingar, eller ikkje salbar avling i det heile.

– I fjor hadde me lauk i det eine feltet, og me er spente på status der i år. Eg har sett litt nematoder, seier Stokkeland.

Dei sådde feltet 9. mars, og reknar at gulrøtene er haustingsklare 1. juli. I det andre feltet der dei hadde nematoder, har han latt jorda ligge brakk etter hausting i fjor. Her er gulrøtene klare for hausting kring St. Hans.

– Eg er spent på korleis det kjem til å gå. Er erfaringa positiv, er eg ikkje i tvil om kva eg skal gjere, seier gulrotbonden.

Riktig vatning

Drøsen går blant produsentane. Det er viktig å gjere dyser og filter reine, slik at dei er fri for kjemikaliar, seier ein. Har de blå og gule dyser, spør ein annan. Ingenting er tilfeldig når avlingane skal sikrast.

– Pappa, når trur du eg må vatne igjen, spør Laurits far sin, Asbjørn Stokkeland sr.

– Om ei veke, svarar han.

Ikkje alle produsentane er samde. Nokre føreslår tre dagar.

– Det er viktig å ikkje vatne gropflekk på røtene. Men når røtene har nådd denne storleiken, må dei ha ein del vatn. Hugs at temperatur, mengd og hyppighet speler inn på kor ofte du bør vatna, seier Aarekol.

– Deler raust

– Markvandringane er ei viktig inspirasjonskjelde til det daglege arbeidet, seier Per Jan Rege, gulrotprodusent frå Sola i Rogaland.

Han seier at det er positivt at det er NLR som har regien på markvandringane.

– Dette er ein god fagleg og sosial arena for oss produsentar, på tvers av leverandøravtalar. NLR er eit viktig og godt bindeledd, seier han.

Rege skryter av høgt fagleg nivå blant kollegaane.

– På markvandringane deler produsentane raust av eigen kunnskap og erfaring. I tillegg er det positivt å koma seg litt vekk frå eige tun, og treffa folk som driv med det same. Det gir eit ekstra puff til å halde på sjølv. Det set eg pris på, seier han.

Frykta, men sjeldan: I det eine feltet finn dei ein vikke. – Heldigvis er det eit ugras me sjeldan ser i gulrotfelta, då den er vanskeleg å bekjempa, seier Aarekol.

Møteplass: Per Jan Rege seier at markvandringane er ein god fagleg og sosial arena for produsentane, på tvers av leverandøravtalar.

Stikkord denne saka: ,