• – Pilene peiker oppover for norsk landbruk, sa Sylvi Listhaug, landbruksminister.

 

– Dei som ventar på eit nytt opptrappingsvedtak ventar forgjeves, sa landbruksminister Sylvi Listhaug under årets Varhaugmøte.

 

Tekst: Eirik Stople

Foto: Jofrid Åsland

 

Med nemnte uttale i kombinasjon med utsegna om:
– Meir betalt for produkta kjem ikkje til å skje, legg ministeren føringar for komande jordbruksforhandlingar. Ikkje forvent auka inntekter via budsjettmidlar eller frå marknaden .

– Kva då med inntektsvekst, kor skal vi henta inntektsveksten frå, sa bonde, Siri Lea, under ordskiftet.

Ho gav svaret sjølv, ved å replisere; – ikkje sei at vi skal produsere meir.

Positive utsalg av ny retning
Listhaug peika på ei rad indikatorar som, etter hennar vurdering, viser eit positivt omslag i framtidsvurderingane til bøndene. Ho nemnde mellom anna auka etterspørsel etter mjølkekvotar, auka investeringsvilje, særleg i sauehaldet og mindre nedgang i tal søknader om produksjonstilskott.
– Regjeringa vil gi meir armslag til bøndene og mindre makt til staten og bøndene sine organisasjonar, sa Listhaug, for å forklare noko av grunnen til endringane  i politikken.
– I jordbruksavtalen tok vi grep for å auka matproduksjonen, sa ministeren og peika på fylgjande tiltak:

Auka mjølkekvotar, fjerne samdriftsregelverket, gi støtte utover 50 kyr, ikkje skilje mellom utagangarsau og ordinært sauehald, vriding av tilskotta mot produksjon og dobling av taket på produksjonstilskott frå 280.000 til 560.000.

– Endringane gir dei som vil satse ein unik mogelegheit, sa Listhaug.

Tok ikkje opp tollvernet
I innleiingsføredraget kom ikkje Listhaug inn på dei føreståande tollforhandlingane med EU. Tollvernet blei etterlyst av stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp).
– Vi er spente på regjeringa si haldning til det viktigaste virekemidlet, tollvernet, utfordra Pollestad.
– Tidlegare landbruksmister, Trygve Slagsvold Vedum sa ja til nye tollforhandlingar. Nå skal vi gjera alt vi kan for å ivareta dei norske interessene, svara Listhaug.

Les meir frå Varhaugmøtet i komande Bondevennenn.

 

 

 

Stikkord denne saka: