Frukost til to: Så mykje brød og bakervarer (18.6 kg) kastar to personar i løpet av eit år. Mykje er godt etande, men me vil jo helst ha ferskt brød. Foto: IHM Voss.

Ikkje alt landbruket produserer blir handtert med respekt og klimakløkt. Det vil mellom anna Ellen Astrup i Indre Hordaland Miljøverk gjera noko med.

Anne Rivenes, frilnasjournalist

Norges matsvinn tilsvarer det årlege utsleppet frå 437.000 personbilar og inneheld nok kaloriar til å mette 785.000 menneske. Mat som går på dynga kostar 22 milliardar kroner i året, og står for to prosent av Norges klimagassutslepp, viser tal frå Østlandsforskning.

– Kvifor tolererer norske bønder at så mykje av maten dei produserer hamnar i søpla, spør Ellen Astrup, kommunikasjonsrådgjevar i Indre Hordaland Miljøverk (IHM).

Kvar nordmann kastar 43 kg mat i året. Størstedelen er middags- og tallerkenrestar (ca. 14 kg), så fylgjer bortimot ti kg frukt og grønt og like mykje brød og bakevarer. Me kastar også nær fire kg kjøt og fisk og to kilo meieriprodukt kvar.

Lønsemd og berekraft

– Kva gjer me når innsatsen til bonden «kokar vekk i kålen», spurde Ellen Astrup på BEIT-konferansen i midten av oktober.

BEIT kallar seg «ein optimistisk konferanse om klima, landbruk, fjøs og teknologi», og vart arrangert av mellom andre Fylkesmannen i Vestland, Myldring, Hordaland fylkeskommune og Norsk Landbrukssamvirke. I Myrkdalen på Voss møttest forskarar, bønder, leverandørar og byråkratar for å presentere siste nytt, lytte og knyte kontaktar. Prosjekt Matsvinn har bakgrunn i FN sitt berekraftmål. Bransjeavtalen frå 2017 mellom 94 store aktørar, fem departement og landbruksnæringa har mål om å redusere matsvinnet i Norge med 50 prosent innan 2030. Det trengst, når ein veit at ein tredjedel av all mat som vert produsert i verda, hamnar i bosset.

– Det blir stundom framstilt som at økonomi og berekraft er motsetningar og vanskeleg å foreine, seier Ellen Astrup.

– Men ordet økonomi har gresk opphav og tyder hushaldning, og å nytte ressursane effektivt vil også seia berekraftig, seier ho.

Sjokkerte over matfunn

Matsvinn er eit stort samfunnsproblem som verken er berekraftig for lønsemd, klima og miljø eller fordelinga av ressursane i verda, slår bransjeavtalen fast. Heile verdikjeda må bidra, produsentar, forbrukarar og alle ledda mellom. På Voss har renovasjonsselskapet IHM samla inn matavfall sidan 1996, og dei trudde eigentleg folk var ganske flinke å sortere.

Frukt og grønt: Ellen Astrup i IHM illustrerer at kvar nordmann kastar 9,5 kg frukt og grønt i snitt årleg. Ofte er det snakk om fullgode varer som burde kunne blitt eplekake og grønsaksuppe. Foto: IHM Voss.

– Men ei plukkanalyse i 2018 viste stort forbetringspotensial. Me fann uopna kjøtdeig, gode grønsaker, brød og salta og røykt pinnekjøtt som kunne helde seg i årevis, seier Astrup, både overraska og skuffa over fangsten.

Ei utfordring er at matsvinn i landbruket berre blir notert når det skjer etter hausting og slakting. Men det skjer jo også svinn i produksjonen, både innan dyrehald og frukt- og grønsakproduksjon. Ein del vert aldri ferdig matprodukt, men endar som avfall. Og kva skjer med det biologiske avfallet?

Bioregion Vestland søkjer avfallsidéar

– Innan landbruk, skog og marin sektor finst det biologisk avfall som kan bli ein ressurs, seier Frøydis Lindén, seniorrådgjevar i utviklingsavdelinga til Fylkesmannen i Vestland.

Bioregion Vestland er eit heilt nytt prosjekt for å kartleggja biologisk avfall, som altså er ressursar på avvege. Med avfall frå skog, marin sektor og landbruk, er målet å skape bio-baserte og komposterbare produkt som skal erstatte plast.
Stortingsmeldinga «Avfall som ressurs» vektlegg at avfall kan nyttast til råstoff for nye produkt og tenester gjennom ombruk og materialgjenvinning. Bioregion Vestland vil stimulere vestlandsbedrifter til grøn omstilling med nye næringar, nye tenester og produkt som kan fase ut plast.

Designdriven innovasjon

Bioregion Vestland er leia av Design Region Bergen, og mange lurar på kvifor designarar er med? Svaret er meir opplagt enn ein først skulle tru.

– Jo, fordi 80 prosent av miljøavtrykket til produkt og bygningar vert avgjort i designfasen. Brukartilpassing må kunne gjerast raskt og undervegs i produksjonane. Designfag har materialkunnskap og handverkskunnskap som kan gje nye løysingar. Me vil ha estetikk i førarsetet frå starten av, seier Frøydis Lindén.

Kan biologisk avfall og restar frå primærnæringa bli katalysator for nye typar produkt? I Sverige blir restar frå treindustrien til papp-barnestolar. Organiske limkomponentar er under utvikling for å kunne lage veggplater av treavfall. Når dyreskinn blir til sko, kan restane bearbeidast til å bli sålar? Bioregion Vestland er i tidlegfasen, og interessert i alle innspel om avfall som kan nyttast betre. Overskotsfrukt, fôrrestar eller bygningsmateriale -alt kan brukast eller gjenbrukast.

– Det viktige er sirkulær tankegang, å få ressursane «inn i loopen» så mange gonger som mogleg, seier Frøydis Lindén.

Gull av gråstein: Seniorkonsulent Frøydis Lindén hjå Fylkesmannen i Vestland deltek i Bioregion Vestland, eit heilt nytt prosjekt som skal stimulere til ny næring ved å nytte avfall som ressurs.

Stikkord denne saka: