Tillit til samvirke: – Eg opplever å bli høyrt og å få vera med på prosessane, seier bonde og tillitsvald både i Tine og Nortura, Sigmund Rangen.

Første vara til konsernstyret i Nortura, Sigmund Rangen, reagerer på det han kallar idiotforklaring av tillitsvalde.

Bothild Å. Nordsletten

Sigmund Rangen, bonde i Hå kommune på Jæren, har mange års fartstid som samvirkemedlem – og tillitsvald. I dag er han både produsentlagsleiar i Tine på Varhaug, og første vara i konsernstyre i Nortura.

Rangen reagerer på samvirkekritikken som starta med bonde Ola-Jørn Tilrems tekst i Bondevennen nyleg.

Les også: Samvirket må tilbake til fremtiden

– Han framstiller dei tillitsvalde som lojale nikkedokker som ikkje stiller kritiske spørsmål. Å hevda at samvirket ikkje er bondestyrt, er heilt skivebom. Eg reagerer på denne idioterklæringa av dei tillitsvalde, seier Rangen.

Høgt under taket

Hå-bonden sjølv seier han har stor tillit til samvirkesystemet og leiinga.

– Eg tykkjer konsernstyret er veldig på, og stiller kritiske spørsmål. Så har me mange skarpskodde bønder og markerte personlegdomar frå heile landet, fordelt i ulike råd og utval. Eg kjenner meg ikkje att i at det ikkje blir stilt kritiske spørsmål og at ikkje bonden er i i fokus.

Les også: Har takhøgd for ulike meiningar

Rangen hevdar det er stor takhøgd for debatt internt i samvirket.

– Det går ofte ei kule varmt. Eg opplever å bli høyrt og å få vera med på prosessane. Så skjer det sjølvsagt at gode idear ikkje får gjennomslag. Då må ein gi seg.

– Kjensla av nærleik mellom konsernleiinga og eigarane, i kva grad har den endra seg?

– Dette må me vera obs på og ta på alvor, men eg meiner avstanden er overdriven. Dei tillitsvalde, både regionalt og sentralt, er jo berre ein telefon unna.

I same båt

– Samvirka har sett ut ein del oppgåver til ymse AS. I kva grad opplever du å ha oversyn med kva som skjer i desse?

– Eg må vera ærleg, dette er ei utfordring. Eg er komfortabel med AS-etableringane, når eg veit kva kontroll me har over dei, men me må følgje med, svarar Rangen.

Han skulle helst sett at bønder både i og utanfor samvirka heller nytta tida til å diskutera samfunnsutviklinga enn å kritisere samvirket.

– Me bønder er flinke til å dyrka motsettingar, men når det kjem til stykket, er det dei same tinga me er opptatt av. Me vil ha mest mogleg for dei produkta me skapar på garden. I staden for denne interne kritikken, burde me debattert kjedemakta i daglegvarebransjen, liberaliseringa og dei auka importkvotar, som styresmaktene gir vekk, seier Rangen.

Står imot

– I kva grad evner eigentleg samvirka å påvirke samfunnsutviklinga?

– Me har sterke merkevarer. Me evnar å stå imot med gode, norske produkt, som det skal vera veldig vanskeleg for kjedane å kasta ut. Kvalitetsprofilen vår gjer at me evner til å setta sakskartet, seier Rangen.

Han meiner dei største samvirkekritikarane gjerne er dei som leverer til andre føretak.

– Dei skal rettferdiggjera sine val med å vera kritiske til Nortura, det er synd. Dei er hjarteleg velkomne til å vera med i Nortura og ta diskusjonen internt.