BN+

Argument: Høgare avling, mindre ugras, og ei eng med lengre levetid er blant argumenta til Atle Lende for å etablera faste kjørespor i grasproduksjonen.


Atle Lende oppmodar entreprenørar og bønder til å ta i bruk ny teknologi og praktisera faste kjørespor i grasproduksjonen. Entreprenørane er skeptiske.


Sjur Håland


Bonden og læraren frå Lende i Time peikar på at GPS-teknologien i kombinasjon med til dømes RTK (Real Time Kinematic som korrigerer GPS-signala og repeterer kjøringa frå år til år med ned til 2,5 centimeters nøyaktigheit), gjer det mogleg å køyra med alt utstyr, i same spora, gjennom vekstsesongen og frå år til år.


– I kornproduksjonen er faste kjørespor mykje meir vanleg enn i gras. Når det gjeld grasdyrking heng me etter utviklinga, også her på Jæren. Krav til effektivitet og kvalitet overkjører ønske om lettare utstyr. Derfor bør me konsentrera køyringa i faste spor, meiner han.

Mange positive effektar

Lende har treårig utdanning i landbruksteknikk og underviser i traktor og teknikk på Øksnevad vidaregåande skule. Han meiner at om bonden lagar eit opplegg med faste kjørespor og følgjer spora med alle kjøreoperasjonane gjennom året, får ho eller han stor effekt av tiltaket. Han peikar på tal som synar at ein ved første kjøring fritt over enga får ein avlingsnedgang på 10-30 prosent i spora.


– Om ein reknar alle operasjonane i grasdyrkinga, kjører du 21 gonger gjennom sesongen. Ved bruk av den nye teknologien og med utstyr som passer i dei faste kjørespora, får du avlingsnedgang berre i spora og på vendeteigane, seier han.


Føremonane med kjørespor er, i følgje Lende, auka avling, effektiv utnytting av traktor og reiskap, minimalt med overlapping og heilagdagar, og mindre jordpakking.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: