BN+

Verdiar: Fjord, fjell, natur og landbruk. Her representert ved eit sauebeite i Fister, Hjelmeland. Verdiskapinga frå sauehaldet i Hjelmeland utgjorde i bruttoprodukt 17,1 millionar kroner i 2017.


Leiaren i Rogaland Bondelag var på landbrukskonferanse førre veke og presenterte den nye verdiskapingsrapporten for landbruket i Rogaland. Stavanger-hotellet kvitterte med å servera ananas og melon.


Sjur Håland


– Eg blir heilt matt. Hovudutfordringa knytt til til frukt, bær og dei fleste andre norske matvarene, er den aukande importen. Skal me løfta verdiskapinga frå landbruket ytterlegare framover, må me få forbrukarane til å velja norske produkt, seier fylkesleiar i Rogaland Bondelag, Marit Epletveit.

6,3 milliardar

Den tredje verdiskapingsrapporten for landbruket i Rogaland sidan 2010 stadfestar at bøndene i fylket leverer på det meste utanom tropiske frukter. 6,3 milliardar kroner er det magiske 2017-nøkkeltalet. Det er ikkje meir enn 0,3 prosentpoeng over talet frå 2014. Roglaland Bondelag er oppdragsgivar for den omfattande Nibio-rapporten, som er støtta økonomisk gjennom Fylkesmannen i Rogaland og Rogaland fylkeskommune.


– Det som overraska mest i rapporten er at det er ti prosent færre bønder som søkte produksjonstilskot i 2017 i høve til 2010. Det er eit høgt tal. Sjølv om Rogaland har eit godt landbruksmiljø, får me bekrefta at det likevel er folk som sluttar av, seier Epletveit.

Sauen treng marknadsbalanse

– Kva skuffa deg mest?


– Utviklinga i sauehaldet. Sjølv om me veit at sauehaldet er inne i ei krevjande tid, var det lite gildt å sjå at sauen kjem lågast ut av produksjonane med 215.000 kroner per årsverk. Sauen gjer ein stor jobb ute i kulturlandskapet.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her


Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.